Odden
Det har truleg vore eit fiskevær på Odden seinast sidan høgmellomalderen. I 1520 budde det 23 husstandar her, og midt på 1600-talet var det 30-40 husstandar. Etter dette svikta fisket og folketalet gjekk ned. Det stod ei kyrkje, som skal ha vore ei stavkyrkje, på Odden. Ho er første gong nemnt i 1589. Tidleg på 1700-talet bles ho ned og vart ikkje bygd opp att. Odden vart fråflytta rundt midten av 1900-talet.
Folketalsutvikling
Odden var del av Edøy kommune fram til 1915 og så Brattvær kommune fram til opprettinga av Smøla kommune i 1960.