Skip to content

Skogens kongle Traditional Cache

Hidden : 10/7/2004
Difficulty:
2 out of 5
Terrain:
4 out of 5

Size: Size:   regular (regular)

Join now to view geocache location details. It's free!

Watch

How Geocaching Works

Related Web Page

Please note Use of geocaching.com services is subject to the terms and conditions in our disclaimer.

Geocache Description:


Skogens kongle er ein cache som er lokalisert i Skogsøy friluftsområde i Øygarden. Skogsøy friluftsområde er eit område på omlag 240 dekar som er disponert av Bergen og Omland Friluftsråd (BOF). Skogsøy byr på turopplevingar utanom det vanlege og det er ikkje utan grunn at ein her finn den mest brukte turstien i Øygarden.

Området er lett tilgjengeleg med både båt og bil. Det er enkelt å fortøye ein båt i lagunen på den søraustlege delen av Skogsøy. Men dei fleste som vitjar Skogsøy kjem i bil. Vegen til Herdlevær passerer den nordlegaste delen av Skogsøy og ved andre brua før Herdlevær er det mogeleg å parkere. Det er også her turstien startar. Jamfør BOF tar det omlag 45 minutt å gå til friluftsområdet, men dersom du ikkje har vore her før vil du garantert bruke meir tid undervegs for å la deg fascinere av dei spanande omgjevnadane.

Ver merksam på at stien enkelte stader kan vere ganske våt så det er tilrådeleg å bruke godt fottøy.

Skogsøytuva

Stien som går sørover frå vegen til Herdlevær deler seg i to når du er omlag halvvegs. Vi vil tilrå at du velger den vestlege ruta. Her er det god utsikt over havet og bølgene som velter inn mot land. Skogsøytuva er det høgste punktet på øya, 49 moh. På Skogsøytuva er det ein varde med ei typisk boks med loggbok i der alle som ynskjer det kan skrive namnet sitt. Og dersom du har gløymt lesebrillene dine er det ikkje noko problem. Det ligg fleire par i boksen.

Kløfta

Rett vest for Skogsøytuva er det ei karakteristisk firkantforma kløft som ser ut som om den er skåret ut av fjellet med ein gigantisk kniv. Frå toppen av kløfta er det 30-35 stupbratte meter rett ned i den frådande sjøen. Dersom du ikkje har høgdeskrekk kan du legge deg på magen og kikke over kanten og ned på bølgene. Det kan vere glatt her så det er viktig å vere forsiktig.

Platået

Sør for kløfta er det eit platå som reiser seg opp av havet. Platået er ganske flatt på toppen og byr på storslagen utsikt over havet. Det er også mogeleg å finne ly for nordavinden her om du skulle ynskje å sette deg ned for å innta lunsjen med panorama utsikt over havet og horisonten.

I det nordvestlege hjørnet av platået er det ein trappeformasjon som gjer det mogeleg å kome seg ned til sjøen. Men gå for all del ikkje ned her!

26. september 1995 drukna 3 studentar då dei vart tekne av ein bråttsjø på denne staden. Oppe på kanten av platået er det ein plakett til minne om denne tragiske hendinga.

Under klippene

Sør for Skogsøytuva går stien vidare mot cachen mellom to høgder. På sørsida av desse er det mogeleg å velge stien mot vest som fører til eit platå under klippene. Dette området ligg så pass høgt over sjøen at det er trygt å ferdast her i godt ver. Men pass deg for å gå ned på dei delane som er farga svart. Algen som gjev fjellet denne fargen veks berre der fjellet jamnleg blir vaska av bølgene. Algen gjer også fjellet såpeglatt når det er vått.

Fugleliv

Sjølv om Skogsøy ikkje er kjent for hekkande fugl, er ornitologer likevel flittige gjester her. Det er mange fuglearter som legg ruta om Skogsøy når dei trekker nordover eller sørover og når fugleflokkane passerer er ornitologene på plass.

http://www.naturalbornbirder.com/skogsoey/Skogsoey.php

http://www.naturalbornbirder.com/skogsoey/seawatching.php

Lagunen

Den sørlegaste delen av Skogsøy er ganske lav og flat og forma som ein stor L som skjermar eit grunt område med mange små øyer. Den innerste delen av dette området er såpass grunt at det berre er tilgjengeleg med kano eller kajakk. Lenger sør er det betre djupte og greit å fortøye større fritidsbåter.

Innerst i Lagunen omlag der cachen ligger er det på BOF sitt kart merka av ein badeplass. Litt pussig sidan vi aldri har sett nokon bade her...

Gamal busetnad

På Skogsøy er det mange spor etter gamal busetnad. Nærleiken til havet samt den godt skjerma laguenen på austsida har gjort at Skogsøy har vore eit god plass å drive fiske frå. I eldre tid kom folk inne i fjordane ut hit for å drive fiske på seinvinteren. Mannfolka lot då kvinner og barn ta seg av gardstellet medan dei sjølve drog ut hit for å fiske i 2-3 månadar.

Dersom du bruker augene godt kan du skimte rester av gamle hustufter i området sør for cachen.

Skogen

Namnet Skogsøy er ei gåte for oss. Ein skulle tru at Skogsøy ville vere ei øy dekt av skog, men fakta er at mesteparten av øya er nakent fjell, myr og lynghei der sau går på beite. Det er litt skog på øya, men det dekker berre mindre areal. Noko av skogen ber og tydeleg preg av å vere utplanta – den nordamerikanske sitka-grana har gjort sitt inntog også her.

Kollsnes

Kollsnes prosessanlegg for gass ligg aust for Skogsøy. Frå Skogsøytuva er det god utsikt over det gigantiske anlegget som prosesserer gass frå Troll, Kvitebjørn og Visund. Anlegget har vore i drift sidan 2004 og er såleis av ganske ny dato.

Den mest iaugefallande delen av anlegget er den høge fakkelen der gass av og til blir brent i store mengder dersom det skulle vere naudsynt av omsyn til tryggleiken. Når flammen er på det største er den synleg milevis frå Kollsnes.

Tryggleik

Denne cachen har fått 4 av 5 stjerner på terreng. Det er ikkje fordi det er spesielt vanskeleg å ta seg fram til cachen men fordi det kan vere farleg å ferdast nær sjøen i dårleg ver. I følge lokale kjentmenn kan sjøen på vestsida vere svært uforutsigbar. Sjøen kan ligge stille i timevis og så kjem det brått ei svær bølge som vasker langt innover land. 26. september 1995 drukna 3 studentar då dei vart tekne av ein slik bråttsjø sørvest for Skogsøytuva.

Som ein god tommelfingerregel – hald god avstand til brenningane på vestsida og gå aldri på stein eller berg som har den karakteristiske svarte fargen der sjøen jamnleg vaskar.

Skogens kongle is a cache that is located at Skogsøy friluftsområde in Øygarden. Skogsøy friluftsområde is an area of about 240 decares that is administered by Bergen og Omland Friluftsråd (BOF). Skogøy offers hiking experiences outside the ordinary and that is probably why this is the most commonly used hiking trail found in Øygarden.

The area is easily accessible by both by boat and by car. It is easy to moor a boat at the lagoon in the southeastern end of Skogsøy. But most people come here by car. The road to Herdlevær passes the northern tip of Skogsøy. It is possible to park just before the second to last bridge before Herdlevær and is also here the trail starts. According to BOF it takes about 45 minutes to walk, but if this is your first visit you will most probably spend more time letting you fascinate by the exiting surroundings.

Note that the trial a few places can be quite wet so it is recommended to use good footwear.

Skogsøytuva

The trail that leads south from the road to Herdlevær splits in two when you are about halfway. We will recommend that you choose the western route. Here you will find a good view of the ocean and the waves that ponders the shore. Skogsøytuva is the highest point on the island, 49 m above sea level. At Skogsøytuva you will find a cairn with a box with a public logbook where anyone can record their names. And in case you have forgotten your reading glasses it is no problem. There are several pairs in the box.

The Gorge

Straight west of Skogsøytuva you will find a characteristic square gorge that looks like it has been carved out of the rock face with a gigantic knife. From the top of the gorge there is 30-35 meters into the foaming sea. If you dont suffer from vertigo you may lie on your belly and peek over the edge and down on the waves. It can be slippery here so it is important to be careful.

The Plateau

South of the gorge there is a plateau rising out of the ocean. The plateau is quite flat on the top and offers magnificent view of the ocean. It is also possible to find shelter for the northern wind if you would like to sit down and have your lunch here.

In the northwest corner of the plateau there is a stairformation in the rock that makes it possible to go down to sea level. But dont event think about doing that!

September 26th 1995 3 students drowned at this place after being taken by a sudden breaker. At the edge of the plateau there is a plaque that reminds us about this tragic accident.

Under the Cliffs

The trail further south of Skogsøytuva passes between two heights. South of these it is possible to choose the trail towards west that leads to a plateau under the cliffs. This area is high enough above sealevel to be safe in good weather conditions. But watch out for the rock closer to the sea that is black. The algae that give the rock this color grows only above sealevel where it is regularly sprayed by the waves. The algae also makes the rock extremely slippery when wet.

Birdlife

Even if Skogsøy is not known for nesting birds, ornitologists are still often visiting. There are many bird species that fly by Skogsøy when migrating north or south and when the birds pass by, the ornitologists are present.

http://www.naturalbornbirder.com/skogsoey/Skogsoey.php

http://www.naturalbornbirder.com/skogsoey/seawatching.php

The Lagoon

The southernmost part of Skogsøy is quite flat and shaped like a giant L that shields a shallow area with a lot of small islands. The innermost part of this area is very shallow and only accessible by canoo or kayak. Further south it is deeper and it is feasible to moor bigger leisure boats.

In the lagonn approximately where the cache is there is marked a swimming area on BOFs chart. Quite strange since we never have seen anybody swim here...

Ancient settlement

At Skogsøy there are many remnant of ancient settlement. The proximity to the ocean and the sheltered lagoon on the eastside has made Skogsøy a good base for fishing in early times. Many hundred years ago people that lived in the fjords came out here to fish at the end of winter. The men let women and children do the farm work and went to the coast to fish for 2-3 months.

If you use your eyes you may spot remnants of old houses in the area south of the cache.

The forest

The name Skogsøy (The forest island) is a mystery for us. One would expect that Skogsøy would be covered by trees, but in fact most of the island is naked rock, marshes and heather moorland. There is some forest on the island, but it covers only small areas. Some of the forest is obviously also planted – the north american sitka spruce is found also here.

Kollsnes

Kollsnes processing plant for gas is located east of Skogsøy. From Skogsøytuva there is a great view of the gigantic processing plant that process gas from Troll, Kvitebjørn and Visund. The plant has been in production since 2004 and is quite new.

The most ostensible part of the plant is the tall torch where gas sometimes is burnt in large quantities because of security concerns. When the flame is at its tallest it is visible miles away from Kollsnes.

Security

This cache is given 4 out of 5 stars on terrain. It is not because it is particularly difficult to get to the cache but because it can be dangerous to be close to the sea in bad weather. According to locals the sea on the west side can be very unpredictable. The sea can lie still for hours when suddenly a large breaker can appear. September 26th 1995 three students drowned when they were taken by such a breaker south west of Skogsøytuva.

As a good rule of thumb – keep distance to the swelling surf on the west side and never walk on rock that has the characteristic black color where it is regularly washed by the sea.

Additional Hints (Decrypt)

RA: Gur pnpur (n 1,2y cynfgvp pbagnvare) vf uvqqra haqre gur ynetrfg gbczbfg ebpx. Gurer ner nyfb fbzr bireghearq ebpxf sbezvat na neebj cbvagvat gbjneqf gur uvqvatcynpr. AB: Obxfra re tølzg haqre qra fgber fgrvara øirefg v fgrvaeølfn. Qre re btfå abxer zvaqer fgrvare fbz re fahqq bt yntg v rva cvysbeznfwba fbz crvxre cå tølzrfgnqra.

Decryption Key

A|B|C|D|E|F|G|H|I|J|K|L|M
-------------------------
N|O|P|Q|R|S|T|U|V|W|X|Y|Z

(letter above equals below, and vice versa)