|
Skogens kongle er ein cache som er lokalisert i Skogsøy
friluftsområde i Øygarden.
Skogsøy
friluftsområde er eit område på omlag 240 dekar som er
disponert av Bergen og Omland
Friluftsråd (BOF). Skogsøy byr på turopplevingar utanom det
vanlege og det er ikkje utan grunn at ein her finn den mest brukte
turstien i Øygarden.
Området er lett tilgjengeleg med både båt og bil. Det er enkelt
å fortøye ein båt i lagunen på den søraustlege delen av Skogsøy.
Men dei fleste som vitjar Skogsøy kjem i bil. Vegen til Herdlevær
passerer den nordlegaste delen av Skogsøy og ved andre brua før
Herdlevær er det mogeleg å parkere. Det er også her
turstien startar. Jamfør BOF tar det omlag 45 minutt å gå til
friluftsområdet, men dersom du ikkje har vore her før vil du
garantert bruke meir tid undervegs for å la deg fascinere av dei
spanande omgjevnadane.
Ver merksam på at stien enkelte stader kan vere ganske våt så
det er tilrådeleg å bruke godt fottøy.
Skogsøytuva
Stien som går sørover frå vegen til Herdlevær
deler seg i to når du er omlag halvvegs. Vi vil tilrå at du
velger den vestlege ruta. Her er det god utsikt over havet og
bølgene som velter inn mot land. Skogsøytuva er det høgste punktet
på øya, 49 moh. På Skogsøytuva er det ein varde med ei typisk boks
med loggbok i der alle som ynskjer det kan skrive namnet sitt. Og
dersom du har gløymt lesebrillene dine er det ikkje noko problem.
Det ligg fleire par i boksen.
Kløfta
Rett vest for Skogsøytuva er det ei
karakteristisk firkantforma kløft som ser ut som om den er
skåret ut av fjellet med ein gigantisk kniv. Frå toppen av kløfta
er det 30-35 stupbratte meter rett ned i den frådande sjøen. Dersom
du ikkje har høgdeskrekk kan du legge deg på magen og kikke over
kanten og ned på bølgene. Det kan vere glatt her så det er viktig å
vere forsiktig.
Platået
Sør for kløfta er det eit platå som reiser seg opp av havet.
Platået er ganske flatt på toppen og byr på storslagen utsikt over
havet. Det er også mogeleg å finne ly for nordavinden her om du
skulle ynskje å sette deg ned for å innta lunsjen med panorama
utsikt over havet og horisonten.
I det nordvestlege hjørnet av platået er det ein trappeformasjon
som gjer det mogeleg å kome seg ned til sjøen. Men gå for all del
ikkje ned her!
26. september 1995 drukna 3 studentar då dei vart tekne av ein
bråttsjø på denne staden. Oppe på kanten av platået er det ein
plakett til minne om denne tragiske hendinga.
Under
klippene
Sør for Skogsøytuva går stien
vidare mot cachen mellom to høgder. På sørsida av desse er det
mogeleg å velge stien mot vest som fører til eit platå
under klippene. Dette området ligg så pass høgt over sjøen at
det er trygt å ferdast her i godt ver. Men pass deg for å gå ned på
dei delane som er farga svart. Algen som gjev fjellet denne fargen
veks berre der fjellet jamnleg blir vaska av bølgene. Algen gjer
også fjellet såpeglatt når det er vått.
Fugleliv
Sjølv om Skogsøy ikkje er kjent for hekkande fugl, er
ornitologer likevel flittige gjester her. Det er mange fuglearter
som legg ruta om Skogsøy når dei trekker nordover eller sørover og
når fugleflokkane passerer er ornitologene på plass.
http://www.naturalbornbirder.com/skogsoey/Skogsoey.php
http://www.naturalbornbirder.com/skogsoey/seawatching.php
Lagunen
Den sørlegaste delen av Skogsøy er ganske lav og flat og forma
som ein stor L som skjermar eit grunt område med mange små øyer.
Den innerste delen av dette området er såpass grunt at det berre er
tilgjengeleg med kano eller kajakk. Lenger sør er det betre djupte
og greit å fortøye større fritidsbåter.
Innerst i Lagunen omlag der cachen ligger er det på BOF sitt
kart
merka av ein badeplass. Litt pussig sidan vi aldri har sett nokon
bade her...
Gamal
busetnad
På Skogsøy er det mange spor etter gamal busetnad. Nærleiken til
havet samt den godt skjerma laguenen på austsida har gjort at
Skogsøy har vore eit god plass å drive fiske frå. I eldre tid kom
folk inne i fjordane ut hit for å drive fiske på seinvinteren.
Mannfolka lot då kvinner og barn ta seg av gardstellet medan dei
sjølve drog ut hit for å fiske i 2-3 månadar.
Dersom du bruker augene godt kan du skimte rester av
gamle hustufter i området sør for cachen.
Skogen
Namnet Skogsøy er ei gåte for oss. Ein skulle tru at Skogsøy
ville vere ei øy dekt av skog, men fakta er at mesteparten av øya
er nakent fjell, myr og lynghei der sau går på beite. Det er
litt skog på øya, men det dekker berre mindre areal. Noko av
skogen ber og tydeleg preg av å vere utplanta – den nordamerikanske
sitka-grana har gjort sitt inntog også her.
Kollsnes
Kollsnes prosessanlegg for gass ligg aust for Skogsøy. Frå
Skogsøytuva er det god utsikt over det gigantiske anlegget som
prosesserer gass frå Troll, Kvitebjørn og Visund. Anlegget har vore
i drift sidan 2004 og er såleis av ganske ny dato.
Den mest iaugefallande delen av anlegget er den høge fakkelen
der gass av og til blir brent i store mengder dersom det skulle
vere naudsynt av omsyn til tryggleiken. Når flammen er på det
største er den synleg milevis frå Kollsnes.
Tryggleik
Denne cachen har fått 4 av 5 stjerner på terreng. Det er ikkje
fordi det er spesielt vanskeleg å ta seg fram til cachen men fordi
det kan vere farleg å ferdast nær sjøen i dårleg ver. I følge
lokale kjentmenn kan sjøen på vestsida vere svært uforutsigbar.
Sjøen kan ligge stille i timevis og så kjem det brått ei svær bølge
som vasker langt innover land. 26. september 1995 drukna 3
studentar då dei vart tekne av ein slik bråttsjø sørvest for
Skogsøytuva.
Som ein god tommelfingerregel – hald god avstand til brenningane
på vestsida og gå aldri på stein eller berg som har den
karakteristiske svarte fargen der sjøen jamnleg vaskar. |
Skogens kongle is a cache that is located at
Skogsøy
friluftsområde in Øygarden.
Skogsøy
friluftsområde is an area of about 240 decares that is
administered by Bergen og Omland
Friluftsråd (BOF). Skogøy offers hiking experiences outside the
ordinary and that is probably why this is the most commonly used
hiking trail found in Øygarden.
The area is easily accessible by both by boat and by car. It is
easy to moor a boat at the lagoon in the southeastern end of
Skogsøy. But most people come here by car. The road to Herdlevær
passes the northern tip of Skogsøy. It is possible to park just
before the second to last bridge before Herdlevær and is also here
the
trail starts. According to BOF it takes about 45 minutes to
walk, but if this is your first visit you will most probably spend
more time letting you fascinate by the exiting surroundings.
Note that the trial a few places can be quite wet so it is
recommended to use good footwear.
Skogsøytuva
The trail that leads south from the road to Herdlevær
splits in two when you are about halfway. We will recommend
that you choose the western route. Here you will find a good view
of the ocean and the waves that ponders the shore. Skogsøytuva is
the highest point on the island, 49 m above sea level. At
Skogsøytuva you will find a cairn with a box with a public logbook
where anyone can record their names. And in case you have forgotten
your reading glasses it is no problem. There are several pairs in
the box.
The
Gorge
Straight west of Skogsøytuva you will find a
characteristic square gorge that looks like it has been carved
out of the rock face with a gigantic knife. From the top of the
gorge there is 30-35 meters into the foaming sea. If you dont
suffer from vertigo you may lie on your belly and peek over the
edge and down on the waves. It can be slippery here so it is
important to be careful.
The
Plateau
South of the gorge there is a plateau rising out of the ocean.
The plateau is quite flat on the top and offers magnificent view of
the ocean. It is also possible to find shelter for the northern
wind if you would like to sit down and have your lunch here.
In the northwest corner of the plateau there is a stairformation
in the rock that makes it possible to go down to sea level. But
dont event think about doing that!
September 26th 1995 3 students drowned at this place
after being taken by a sudden breaker. At the edge of the plateau
there is a
plaque that reminds us about this tragic accident.
Under the
Cliffs
The trail
further south of Skogsøytuva passes between two heights. South
of these it is possible to choose the trail towards west that leads
to a plateau
under the cliffs. This area is high enough above sealevel to be
safe in good weather conditions. But watch out for the rock closer
to the sea that is black. The algae that give the rock this color
grows only above sealevel where it is regularly sprayed by the
waves. The algae also makes the rock extremely slippery when
wet.
Birdlife
Even if Skogsøy is not known for nesting birds, ornitologists
are still often visiting. There are many bird species that fly by
Skogsøy when migrating north or south and when the birds pass by,
the ornitologists are present.
http://www.naturalbornbirder.com/skogsoey/Skogsoey.php
http://www.naturalbornbirder.com/skogsoey/seawatching.php
The
Lagoon
The southernmost part of Skogsøy is quite flat and shaped like a
giant L that shields a shallow area with a lot of small islands.
The innermost part of this area is very shallow and only accessible
by canoo or kayak. Further south it is deeper and it is feasible to
moor bigger leisure boats.
In the lagonn approximately where the cache is there is marked a
swimming area on BOFs
chart.
Quite strange since we never have seen anybody swim here...
Ancient
settlement
At Skogsøy there are many remnant of ancient settlement. The
proximity to the ocean and the sheltered lagoon on the eastside has
made Skogsøy a good base for fishing in early times. Many hundred
years ago people that lived in the fjords came out here to fish at
the end of winter. The men let women and children do the farm work
and went to the coast to fish for 2-3 months.
If you use your eyes you may spot
remnants of old houses in the area south of the cache.
The
forest
The name Skogsøy (The forest island) is a mystery for us. One
would expect that Skogsøy would be covered by trees, but in fact
most of the island is naked rock, marshes and heather moorland.
There is some forest on the island, but it covers only small areas.
Some of the forest is obviously also planted – the north american
sitka spruce is found also here.
Kollsnes
Kollsnes processing plant for gas is located east of Skogsøy.
From Skogsøytuva there is a great view of the gigantic processing
plant that process gas from Troll, Kvitebjørn and Visund. The plant
has been in production since 2004 and is quite new.
The most ostensible part of the plant is the tall torch where
gas sometimes is burnt in large quantities because of security
concerns. When the flame is at its tallest it is visible miles away
from Kollsnes.
Security
This cache is given 4 out of 5 stars on terrain. It is not
because it is particularly difficult to get to the cache but
because it can be dangerous to be close to the sea in bad weather.
According to locals the sea on the west side can be very
unpredictable. The sea can lie still for hours when suddenly a
large breaker can appear. September 26th 1995 three
students drowned when they were taken by such a breaker south west
of Skogsøytuva.
As a good rule of thumb – keep distance to the swelling surf on
the west side and never walk on rock that has the characteristic
black color where it is regularly washed by the
sea. |