Nede ved fjorden på garden Berge
i Tørrvikbygd
ligg

Stekkavika. Her finn vi eit
innhaldsrikt sjøbruksmiljø med naust og sjøhus som høyrer til
gardane her nede og lengre opp mot fjellet. Til garden Berge
høyrer også kvernhus og sirkelsag, verv for jektebygging og -
litt oppe i skogen - den gamle vassdrivne oppgangssaga som
vart bygd i 1823 og sett i stand i 1977.
Oppgangssaga i Stekka er ei av dei få sagane som er att av den
einblada typen. Dette var nok ikkje den første i sitt slag i
Tørrvikbygd. I skattemanntalet for 1603 finn vi fleire sager
nemnde, mellom anna Drage sag som dette året skar 150 bord og
plankar og Augastad sag som "ligger slett øde".
Då oppgangssagene kom i bruk på 1500-talet, revolusjonerte dei
mellomalderens måte å økse til plankar og bord av tømmerstokkane.
Då vart kvar tømmerstokk kløvd og kunne såleis berre gje
to bord. Men med dei nye sagene kunne det skjerast mange bord av
ein stokk.
Eikeskogen og
landskapsvernområde.
Ovenfor Stekka ligg den gamle eikeskogen med store stuvar og
renningar. Her har det vore teke ut materialar til båtbygginga, til
kjøl, stamn og lut. Mange av trea er fleire hundre år gamle og
denne eikeskogen er ein sentral del av Berge landskapsvernområde.
Området vart oppretta i 1984 og føremålet er å ta vare på eit
område med eit særleg samansett og verdifullt natur- og
kulturmiljø. Verneområde omfatter feire viktige delområde:
Bergevatnet, som har ein interessant sumpvegetasjon med takrøyr og
anna karakteristisk vegetasjon og eit rikt fugleliv, eikeskogen med
gamle, styva eiketre og sjølve sjøbruksmiljøet med oppgangssaga
nede ved fjorden i Stekka.
Vernereglane sikrar at det ikkje skjer vesentlege inngrep som kan
endra landskapet sin karakter. Det er utarbeidt ein skjøtselplan
for å verna og vedlikehalde landskapskvalitetane og det historiske
miljøet. Eit framhald av den eldre tradisjonen på garden, med
styving av eiketrea, er ein føresetnad i skjøtselsplanen. Dette vil
ein sjå når ein vitjar området.