Skip to content

Vandrecache, Ranessetra Traditional Cache

Hidden : 7/8/2013
Difficulty:
2.5 out of 5
Terrain:
2.5 out of 5

Size: Size:   small (small)

Join now to view geocache location details. It's free!

Watch

How Geocaching Works

Please note Use of geocaching.com services is subject to the terms and conditions in our disclaimer.

Geocache Description:

Denne cachen ligger på Ranessetra.


Når du er på Ranessetra anbefaler vi at du også tar turen til gapahuken ved Gammelsetra på likanten ovanfor Ranes og til Salen. Dette er ein rundtur det er lett og kort å koma seg fram til, som ikkje er for lang og som er såpass lett at den burde passe dei fleste. Her kan ein ta seg ein rask trimtur ein kveld eller bruke søndagen og nyte stoppane og opplevingane undervegs.

Turtraseen er grovt sett slik: Du startar ved Skeisnebba hytteområde, følgjer Knykstien oppover eit stykke og tek så av til venstre ned mot Ranessetra. Frå setra kan du følgje stien vidare nedover langs bekken som renn ned mot bygda og kike innom gapahuken ved Gammelsetra. Denne ligg heilt framme på likanten ovanfor Ranes, og gir god utsikt både oppover og nedover dalen. Snur du nasen i retning Skeisnebba igjen, går stien vidare tilbake til utgangspunktet. Stien endar på toppen av hyttefeltet i Skeisnebba, der han kjem inn på enden av vegen. På tilbaketuren bør alle ta seg tid til ein avstikkar frå stien og fram på Salen der dei kan nyte Skei i fugleperspektiv, men også sjå langt utover Surnadalsfjorden. Denne runden ligg i eit område med lange turtradisjonar. Folk har i lengre tid gått herifrå til Knyken, og sjølve vegen opp til hyttefeltet i Skeisnebba er ein av dei mest brukte trimtraseane i kommunen. No har folk begynt å få augo ytterlegare opp for dette attraktive området. I løpet av den seinare tida har det begynt å bli synleg sti etter traseen vi her presenterer. Rundturen har nemleg mange pluss: Den ligg nære, anten ein no har hytte i Skeisnebba eller bur sentralt i Surnadal. Dessutan er den ikkje så lang. For dei som tykkjer ein Knyktur blir i lengste laget, kan dette vera eit godt alternativ for søndags- eller kveldsturen. Det er heller ikkje brattare enn at folk i normalt bra form lett kan gjennomføre den. Turen byr også som alt sagt på opplevingar, og både på Ranessetra og i gapahuken ved Gammelsetra er det mulegheiter til å sitte ned og ete maten sin. På begge plassane er det også eldstad.

Det er også muleg å ta denne rundturen med utgangspunkt i Ranes. Da kan ein parkere på ein lunningsplass innunder lia, og følgje stien opp derifrå. Her er det bratt, så om ein er utrena eller har med små barn, kan det lønne seg å velje startpunkt i Skeisnebba.

Foto: Trollheimsporten

De tre husa på setra. Til venstre det restaurerte, 16 meter lange fjøset. I midten sjølve seterhuset, som var rast sammen da gjenoppbygginga starta for 10-15 år siden. Et møysommelig og imponerende arbeid som er utført! Siste året det blei setra her, var i 1935.

Setra er et registrert kulturminne. Les mer om det her: http://kulturminneatlas.avinet.no/object/dbarticle_preview.aspx?id=56

Additional Hints ()

Zhe

Decryption Key

A|B|C|D|E|F|G|H|I|J|K|L|M
-------------------------
N|O|P|Q|R|S|T|U|V|W|X|Y|Z

(letter above equals below, and vice versa)

Attributes

No attributes available

Advertising with Us