Skip to content

Borgåsen Traditional Cache

Hidden : 3/23/2010
Difficulty:
2.5 out of 5
Terrain:
3 out of 5

Size: Size:   small (small)

Join now to view geocache location details. It's free!

Watch

How Geocaching Works

Please note Use of geocaching.com services is subject to the terms and conditions in our disclaimer.

Geocache Description:

Like austanfor Helgåvatnet på Ogna ligg det eit heilt spesielt fjell. Dei bratte fjellsidene gjer at du mest ikkje kan unngå å leggja merke til det.
Dette fjellet er Borgåsen, og her kan du finna den eine av to bygdeborger i Hå.

Høgt oppe, med god utsikt til alle kantar, har dette vore ein god stad å finna vern mot fare.
Ein kan enno sjå restar av ein stor forsvarsmur på austsida av toppen, og til dei andre sidene har åsen langt på veg sine eigne forsvarsverk med dei bratte fjellsidene. I tillegg går det ann å gøyma seg vekk oppe på Borgåsen, i ein hellar mot Salthellarsida er det plass til å skjula fleire titals personar.
Kor mykje Borgåsen har vorte brukt kan me bare spekulera i, men at det har vore ein viktig plass for folk i bygda tyder mellom anna det at stadnamnet på Borgåsen enno lever.

Bygdeborger er kjent frå heile Sør-Noreg og så langt nordover som til Harstad i Troms, i alt ca. 300 borganlegg. Liknande forsvarsverk er også kjent i nabolanda våre. Felles for bygdeborgene er at dei ligg på stader som frå naturen si side er vanskeleg å koma til. Slik vert dei lettare å forsvara. Nokre ligger ved ferdselsvegar, andre på holmar eller øyer i vatn. Der dei naturlege hindringane ikkje var gode nok for å stenge for inntrengarar, vart det bygd opp murar eller forsvarsvollar. Desse hjelper oss i dag til å finna att bygdeborgene.

Alle er einige om at desse fornminna er forsvarsanlegg brukt i urolege tider. Vi kan kanskje tenkja oss at dei har vore tilfluktsstader for store gardar og grender. Her kunne dyr og menneske samlast når fare trua. Berre ganske få av bygdeborgene i Noreg er undersøkte av arkeologar. Ein er difor på usikker grunn når ein skal seia noko om kor gamle dei er, men truleg er de fleste frå folkevandringstid, 350 - 600 e.Kr.

Rogaland er det fylket som har flest bygdeborger. Foreløpig er det registrert over 50. Dei fleste bygdeborgene ligg i ytre Ryfylke, på Ryfylkeøyane, på Nord-Jæren og i Dalane. At dei manglar på Flat-Jæren har kanskje sin naturlige forklaring. Her fans det få stader som egna seg for denne typen forsvarsanlegg. I Hå kjenner vi berre til Borgåsen på Ogna og Borgarberget på Hadland. Ingen av bygdeborgene i Rogaland er grundig undersøkt. Difor har vi ikkje funn som kan seia noko eksakt om alderen. Det er likevel trulig at dei fleste er frå folkevandringstid.

Ute i Europa var dette ei urolig tid. Romerriket sto for fall. Store folkegrupper var på vandring og fann seg nytt land. Kanskje skapte dette uro heilt opp til oss. Folkevandringstida var ei ekspansjonstid nettopp i Rogaland. Mange utkantgardar vart tekne i bruk. Dette tyder på at det har vore trongt om plassen. Rike grav- og skattefunn viser også at det var ei rik tid. Gullfunna er talrike. Borgene låg ved innseilinga eller ved botnen av fjordane, på nes og eid der utsynet var vidt. Mellom mange av toppane der det ligg bygdeborger er det fri sikt. Ved hjelp av varslingssystem kunne ein såleis halda kontakt med andre bygdelag.

Just east of Helgåvatnet at Ogna there is a very special mountain. You can hardly avoid noticing it, with its steep sides.
This mountain is Borgåsen, and here you can find one of two “community fortresses” in Hå.
High up, with open view in all directions, this has been a good place to find protection against danger.
One can still see remnants of a great defensive wall in the east of the summit, and to the other sides the steep mountain forms a natural defence. In addition, there is a hiding up on Borgåsen, in a “heller” (a small cave) that provide shelter for several dozen people. How much Borgåsen has been used we can only speculate, but the fact that the name of Borgåsen still lives suggest that it has been an important place for people in the area.

“Community fortresses” is known from the southern Norway and as far north as to Harstad in Troms. Similar defences are also known in our neighbouring countries. Common to the fortresses is that they are in places that by nature are difficult to reach, making them easier to defend. Some located on roads, others on small islands or on steep mountains and hills. If the natural barriers were not sufficient to block intruders, walls or defensive ramparts were built. These help us find the fortifications today.

All agree that these ancient monuments are defences used in troubled times. We can perhaps imagine that they have been havens for large farms and hamlets. Humans and livestock could hide out here when danger threatened. Only a few of the forts in Norway are thoroughly examined by archaeologists. One is on uncertain ground when saying how old they are, but findings suggest that most of them dates back to the Migration Period, 350 to 600 AD

Opprinnelig cache innhold: FTF sertifikat, loggbok, blyanter og blyanspisser, lekebiler og en del andre bytteting.

Original cache contents: FTF certificat, logg, pencils and sharpener, toy cars and some other swag.

Adkomst:
Anbefalt parkering: ved Ognatun leirsted
Med tog til Ogna stasjon: Følg gang/sykkelsti langs Fv.44 NV til skilt mot Ognatun.

Lettaste veg opp til sjølve toppen av fjellet er frå austsida (frå Dybingstjørna), sjå etter skilt oppover ved vegpunkt "Stistart". Cachen ligg ikkje på kanten av noko stup.

Recomended parking: at Ognatun campsite.
By train to Ogna station: Follow pathway along Fv.44 NV then turn at sign to "Ognatun"

Easiest way up to the top of the mountain is from the east (from Dybingstjørna), follow path from sign at waypoint "Trailhead". Be prepared for some bushwhacking. The cache is not near the edge of any cliff.

Additional Hints (Decrypt)

Fxwhyg haqre rv syng fgrvauryyr Uvqqra haqre n syng ebpx

Decryption Key

A|B|C|D|E|F|G|H|I|J|K|L|M
-------------------------
N|O|P|Q|R|S|T|U|V|W|X|Y|Z

(letter above equals below, and vice versa)