Skip to content

Norsk utvandring til Amerika Traditional Cache

Hidden : 6/19/2010
Difficulty:
2 out of 5
Terrain:
3.5 out of 5

Size: Size:   regular (regular)

Join now to view geocache location details. It's free!

Watch

How Geocaching Works

Please note Use of geocaching.com services is subject to the terms and conditions in our disclaimer.

Geocache Description:



Noreg bur framleis i hjarta våre




John Haugo, president emeritus av Telelaget of America, er norskamerikanar med røtter tilbake til garden Haugo i Byrte. Han vaks opp i Minnesota og bur nå i Hudson i Wisconsin med sin familie. John kjenner seg hundre prosent norsk i Amerika og arbeidar med å knytte band mellom menneske med sitt opphav frå Telemark. I år 2000 var han pådrivar for eit større slektsstemne på garden Haugo med nærmare hundre deltagarar frå Amerika.

Han meiner det er viktig i alle kulturelle samanhang å oppretthalde ein kopling mellom nåtid og fortid. Viss det er noko som historia viser oss er det dette; at når eit folk blir interessera i sitt opphav, søker å tilegne seg kunnskap for betre å forstå seg sjølv, opplever det alltid ei oppvakning av nytt liv.






Norsk utvandring viser til straumen av nordmenn frå Noreg til Amerika som var særleg stor frå 1820-talet til 1920-talet. I høve til folketalet var Noreg lenge det europeiske landet med størst utvandring, før irsk utvandring skaut fart etter 1900. Utvandrarne grunnla norsk-amerikanske samfunn som har halde på fleire norske tradisjonar sidan. Dei fleste av desse slo seg ned i øvre Midtvesten. Frå 1920 strama USA inn innvandringsreglane sine, og fleire nordmenn drog i staden til Canada.

I løpet av tida 1825-1925 drog rundt 800 000 nordmenn til Amerika, med eit ukjend tal som vende tilbake. Utvandringa hadde tre klare toppar: Andre halvdel av 1860-talet, tidleg på 1880-talet, og til slutt i åra rundt 1905. I 1882 utvandra nesten 29 000. Ei siste, mindre bølgje fann stad frå 1923 til 1929.

Fram til århundreskiftet var den norske utvandrargruppa prega av yngre menneske med overvekt av menn. Men det var også mykje familieutvandring, til dels med store barneflokkar. Det var folk i frå alle klassar, men underklassen var i fleirtal. Den største gruppa var bønder frå småbruk som hadde kapital bunde til jorda, som dermed kunne selje og få råd til billettar. Husmannsfolk og tenestefolk opplevde størst problem med å finansiere reisa, nokre fekk billettar finansiert av kommunen fordi det blei billegare enn å fø dei på fattigkassa. Folk drog som oftast av sosiale og økonomiske årsaker. På grunn av den store folkeveksten i Noreg måtte gardane delas opp, og det materielle grunnlaget for den enkelte familie blei dårleg. Dette førte til misnøye og Amerika fortona seg som ein muligheit for mange. Der kunne draumen om ein lys framtid for seg sjølv og familien bli realisert. I Amerika kunne alle over 21 år få tildelt gratis jord. I tillegg var det eit stort behov for arbeidskraft, mens det i Noreg var vanskeleg å få seg arbeid. Lønningane var også høgare enn i Noreg.

Ein del folk reiste av eventyrlyst, andre blei påverka av amerikabrev og emigrantannonser i aviser. Mange blei og påverka av emigrantagentane som gjekk rundt i bygdene for å selje plassar til utvandringsbåtane. Håpet om ein framtid der man kunne utnytte evnene og kreftene sine, og oppleva stor framgang var freistande. Etter kvart som transporten blei bedra, vart det lettare å ta avgjerda. Særleg viss ein fekk billetten gratis var freistinga hard og stå imot. Mange reiste med tanke på eit kortvarig opphald for å tene pengar og deretter komme tilbake til Noreg.


Utvandrarar frå Mo

Helsing frå Noreg




Cachen inneholder ved oppstart:
  • Loggbok og blyant
  • Blyantspissar
  • FTFC og FTF-gåve
  • Bytteting




John Haugo, president emeritus of Telelaget of America, is Norwegian-American with ancestors to the farm Haugo in Byrte, Telemark. He grew up in Minnesota and now he lives in Hudson, Wisconsin with his family. John feels one hundred per cent Norwegian in America and he builds bridges between people with its origins from Telemark. In 2000 he was the driving force for a large family reunion at the farm Haugo with almost one hundred participants from America.

He believes it is vital in all cultural life to maintain a link between the present and the past. If there is anything that history makes clear it is this, that when a people becomes interested in its past life, seeks to acquire knowledge in order better to understand itself, it always experiences an awakening of new life.


Norwegian emigration refers to the flow of Norwegians from Norway to America was particularly large from 1820s to 1920s. In relation to population, Norway was a long time the European country with the largest emigration, before the Irish exodus accelerated from 1900. Emigrants founded the Norwegian-American community that has kept the number of Norwegian traditions alive. Most of them settled in the Upper Midwest. From 1920s, U.S. immigration rules were tightened up, and many Norwegians traveled instead to Canada.

During the period 1825-1925, around 800,000 Norwegians arrived America with an unknown number who returned. Emigration had three clear peaks: Second half of the 1860s, early 1880s, and finally in the years around 1905. In 1882 emigrated almost 29000. A later and smaller wave took place from 1923 to 1929.

Until the turn of the century Norwegian emigrants were dominated by younger men. But it was also a lot of family emigration, sometimes with large flocks of children. There were people from all social classes, but the lower classes were in the majority. The largest group were farmers that had capital tied to the property, which thus could sell and get afford to tickets. Servants experienced the greatest difficulties with financing the trip, some got tickets funded by the municipality because it was the cheapest way out for the community rather to let them stay home. People usually emigrated by social and economic reasons. Because of large population growth in Norway, farmers had to split up their property, and the material basis for the individual family became poor. That led to dissatisfaction, and America seemed like a opportunity for many. The dream of a bright future for themselves and their families could be realized. In America, everyone at age over 21 years could get land for free. In addition, it was a great need for labor, while in Norway it was quite difficult to get work.

Some people embarked on the adventure, others were influenced by American letters and emigrant ads in newspapers. Many people were also influenced by emigrant agents that travelled around in the villages to sell tickets to the emigration ships. The hope of a future where one might exploit the capabilities and powers, and experience the great progress was tempting. The improvement in transportation, made it easier to take the decision. Especially if a ticket was free of charge, the temptation was hard to resist. Some preferred a short stay to make money and then returning back to Norway.

Additional Hints (Decrypt)

Haqre n fgbar

Decryption Key

A|B|C|D|E|F|G|H|I|J|K|L|M
-------------------------
N|O|P|Q|R|S|T|U|V|W|X|Y|Z

(letter above equals below, and vice versa)