NORSK
Kristinuten er ikkje det høgste fjellet i Ulvik, men frå toppen
får du ein fantastisk utsikt mot bygda og fjella rundt. Cachen ligg
ca 125 meter SØ for toppunktet
Startpunktet for turen finn du ved å køyre 2,2 km forbi Ulvik
sentrum mot Osa, og ta av til venstre ved skilt "Frukt- og
siderruta". Etter 800 meter, ta til høgre inn på bratt grusveg og
køyr ca 500 meter. Her er det god plass for parkering av bilar.
Fyrste del av turen går på stølsvegen til Jonstøl. Dei 12
stølshusa er mykje brukt, så stien opp er tydeleg og merka med
skilt og piler. Frå parkeringsplassen fylgjer du skogsvegen ca 980
meter. Etter å ha steingått ein bekk, tek du til høgre og bratt
oppover på tydeleg sti (TRAIL2), og fylgjer denne heilt fram til
fyrste stølshuset. Gå så til høgre til stikryss merka med skilt mot
Kristinuten (TRAIL3). Her kan stien vera vanskeleg å sjå, men gå
til venstre dit pila peiker, så er du på rett veg. Stien vidare er
mindre brukt og kan enkelte stader vera mindre synleg, men den er
merka med raud maling og små vardar mot toppen så det skal vera
lett å finna fram. Like ved cachen, (VIEW1) har du flott utsikt mot
grenda Osa 850 meter lenger nede.
Dei mykje omtala "monstermastene" som Statnett ynskjer å setje
opp i Hardanger vil kanskje snart dominere utsikta her. Kanskje
ikkje så rart at lokale krefter kjempar imot dette?
ENGLISH
Kristinuten is not the highest mountain in Ulvik, but from the
summit you get a great view over the village and the surrounding
mountains. The cache is hidden approximately 125 m SE from the
summit.
To get to the trailhead, drive 2,2 km towards Osa from the
center of Ulvik, and turn left by the sign “Frukt- og
siderruta”. Drive 800 m and turn right into a very steep
gravel road, and follow this 500 m. Here you will find a nice
parking area.
The first part of the trip is the trail to the summer pasture
Jonstøl. The 12 small cabins are still in use, so the trial is in
good shape and marked with signs and arrows. From the parking area,
follow the gravel road for about 980 m. After crossing a small
brook, turn right into a steep trail (TRAIL2), and follow this
until the first cabin at the summer pasture. Then turn right to the
crossing marked with a sign to Krisinuten (TRAIL3). The trail might
be difficult to see here, so follow the direction of the arrow on
the sign. The trail might be difficult to see further up to the
summit, but it is marked with red paint and small cairns all the
way, so it should be easy to reach the summit. Not far from the
cache (VIEW1), you get a stunning view towards the small village
Osa 850 m below.
The national energy company "Statnett" want to build a huge
powerline through this area. Perhaps this will dominate the view in
the future. No wonder the locals wants to prevent this?