Midthjell
krossen
Steinkross frå vikingtid /
mellomalder
Foto:
avigerus
Krossen som stod på Kross(a)stranda fram til
1831, då han vart send til Bergen Museum, hadde ei av dei
merkelegaste plasseringane vi kjenner til for ein kross.
Etter biskop Neumann si skildring stod krossen ”et stykke fra
Strandbredden ude i Søen, således stillet at det i Flodtiden var
aldeles skjult og kun i Ebbetiden synligt, men heller ikke da
kjendeligt, fordi det var aldeles overgroet av Tang”.
Jacob Aaland refererer ganske kort ei segn
som vil gje forklaring på denne merkelege plasseringa.
Krossen stod lenger inne på land og der var det ein bønestad.
Ein fut tok og flytte han over til Ytre Davik. Men då det
vart så leit med spøkeri, flytte han krossen over fjorden
igjen. Der sette han den ikkje på plass, men velta han i
sjøen.
Krossen er svært grovt tilhoggen, og det
verkar som om han ikkje er blitt gjort heilt ferdig. Men var
den opphavelege plasseringa tenkt under vatn, slik at krossen berre
skulle vere synleg ved fjøre sjø, kan der forklare det lite
føre-seg-gjorde arbeidet.
Frå Island har vi ei forteljing i
Jarteinabok om ein kross som vart plassert på ein stad der ei ånd
”for vidr”, og der skulle han stå ”medan nøkkurt
tre væri heilt i ok menn skylde dyrka hann med lysing on boenahaldi
gudi til dyrdar ok inum helga krossi”.
Vi kjenner også til at det kunne bli kasta
opp haug for ein som var komen vekk langt heimanfrå. Det kan
vere mogeleg å tolke krossplasseringa, om ho er opphaveleg ute på
sjøen, slik at krossen er reist for nokon som har kome bort på
havet. Det vil gje forklaring til det uferdige preget krossen
har og spøkeriet som er knytta til krossen. Men sjølvsagt kan
det vere andre forklaringar. Krossen kan vere flytta, dumpa
eller mislukka, eller ha vore eit sjømerke.
I 1994 vart
det reist ein god kopi av krossen på Krossastranda – på ein
rasteplass mellom Midthjell og Lefdal. Kanskje kan dette også
bli ein bøneplass?
Kjelde: Jul i Nordfjord
1995 -Av Olaf Sig. Gundersen
Steinkrossar på Vestlandet
Steinkrossar er sett i samband med kristinga
av landet vårt. Dei er tidfesta til vikingtid og tidleg
mellomalder. Dei kan ha stått på graver før det vart skikk med
gravlegging i vigsla jord. Fleire steinkrossar har seinare blitt
flytta til kyrkjegardar.
Skikken med å reise steinkrossar er her i
landet avgrensa til Vestlandet og viser til kontakt med England og
Irland.
The Midthjell-cross - a stone cross from the Viking Age /
Middle Ages
The cross is a copy of a stone cross wich is
exhibited at Bergen Museum's cultural historical collection.
The original was donated to the museum in 1831.
The cross has been damaged, and its shape is
remakably heavy. The carving of one arm has not been
completed, and the foot of the cross has been broken off
approximately on the middle. The cross might have been
destroyed or damaged during production, wich is a possible reason
why the carving was never completed.
Stone crosses are associated with the
cristening of Norway. They are dated to the Viking Age and early
Middle Ages.
It is presumable that they were placed on
graves before burial in concecrated ground became a costume.
Several stone crosses have later been moved to churchyards.
The costum of erecting stone crosses is only
found in Western Norway and stands as a proof of the connection
with England and Ireland.