Skip to content

Bomber over Laksevåg - AK#32 Multi-Cache

Hidden : 12/17/2010
Difficulty:
1.5 out of 5
Terrain:
1.5 out of 5

Size: Size:   micro (micro)

Join now to view geocache location details. It's free!

Watch

How Geocaching Works

Please note Use of geocaching.com services is subject to the terms and conditions in our disclaimer.

Geocache Description:

Bomber over Laksevåg 4.oktober 1944

Onsdag 4. oktober 1944 vil for alltid bli ståande som den svartaste dagen i Laksevåg sin historie. Denne haustmorgonen gjekk 140 britiske bombefly til angrep på den tysk ubåtbunker i Nordrevågen. Men berre nokre få av bombene traff målet; dei fleste fall ned over den vanlige bebyggelsen og drap 193 sivile, deriblant 61 barn på Holen skole. Tyskarane oppga tapa sine til tolv mann. Antal drepne russiske krigsfangar i arbeid på bunkeren er aldri oppgitt.



Ubåtbunkeren Bruno
Ubåthamna og ubåtbunker Bruno i Nordrevågen på Laksevåg var ein sentral base for det tyske ubåtvåpen, og spesielt i 1944 etter invasjonen i Normandie. Frå alliert side vart det derfor eit prioritert mål å setje denne basen ut av drift.

11. september 1944 vart flytedokken utanfor Sørevågen senka, og no stod ubåtbunkeren i Nordrevågen for tur. 3. oktober sende britane eit Mosquito rekognoseringsfly over området. Bileta som vart tekne vart brukt i førebuingane til angrepet dagen etter.

Bombingen
Tidlig om morgonen onsdag 4. oktober 1944 gjekk 152 fly på vingane frå flyplassar på Englands austkyst. Flystyrken bestod av 93 Halifax og 47 Lancaster bombefly samt 12 Mosquitos til støtte - med eit totalt mannskap på 1.004.

Kl. 09.05 lød det forvarsel om flyangrep over Bergen og Laksevåg. Og berre fem minutt seinare lød sirenene som varsla flyangrep. Innan eit kvarter var gått, hadde dei første bombene falt mot målet i Nordrevågen. Men den store røykutviklinga frå bombenedslaga, gjorde det snart vanskelig å skjelne målet frå anna bebyggelse. Når det i tillegg vart bomba frå stor høgde, vart resultatet der etter; teppebombing av Laksevåg - frå Nygård til Damsgård.

Då sirenene varsla "Faren over" kl. 10.10 denne formiddagen, var Laksevåg forvandla til eit inferno. Det brann overalt og mange bygningar var heilt eller delvis raserte.

Holen skole
Holen skole ligg berre eit par steinkast frå ubåtbunkeren, og her skjedde den største tragedien. Tre bomber traff skolebygningens sørlige halvdel. I kjellaren under der bombene traff, var det stua inn to guteklassar med lærarane sine, samt personell frå Det sivile luftverns førstehjelpstjeneste.

Det tok mange dagar å grava fram lika frå den rykande ruinhaugen. Då dei siste var funne, kunne ein konstatere at det på Holen skole omkom 61 elevar, to lærarar, ein vaktmester og 16 frå Det sivile luftverns førstehjelpstjeneste. I tillegg vart nokre skoleelevar, ein lærar og nokre andre barn drepne i heimane sine.


Oversikt over dei drepne etter bombinga 4.oktober:
• Holen skole: 80 menneske (derav 61 barn, 16 medlemar av Det sivile luftvern, 2 lærarar, 1 vaktmester).
• Kleivdal Lærvarefabrikk: 36 menneske.
• I eller ved bunkeren: 12 menn.
• Bernt Iversens bøttefabrikk: 11 menneske.
• Bergen Mekaniske Verksted: 1 mann.
• I heimane sine: 46 menneske.
• I dekning hjå andre: 7 menneske.

Tyskarane oppga tapa sine til tolv mann. Antal drepne russiske krigsfangar i arbeid på bunkeren er aldri oppgitt.




Finne cachen:
Dei oppgitte koordinatane viser deg det beskjedne minnesmerket for Holen skole. På dette minnesmerket står det ein del tal. Du skal finne det talet som er brukt flest gonger. Dette talet set du til 'A'.

N = oppgitt nordkoordinat - A*0
E = oppgitt austkoordinat - A*9


ENGLISH
To find the cache:
The given coordinates will lead you to a tiny memorial for the bombing of Holen skole (the local school). On this memorial you will see some numbers. You have to find the number used most times. This number you use as 'A'

N = given coordinate - A*0
E = given coordinate - A*9



Kilder:
Arkivverket
Vi Menn


Gamle foto:
Billedsamlingen UiB


Geocaching i Norge

Additional Hints (Decrypt)

Zntargvp

Decryption Key

A|B|C|D|E|F|G|H|I|J|K|L|M
-------------------------
N|O|P|Q|R|S|T|U|V|W|X|Y|Z

(letter above equals below, and vice versa)