Skip to content

Lalandsholmen Traditional Cache

Hidden : 6/16/2011
Difficulty:
1.5 out of 5
Terrain:
5 out of 5

Size: Size:   regular (regular)

Join now to view geocache location details. It's free!

Watch

How Geocaching Works

Please note Use of geocaching.com services is subject to the terms and conditions in our disclaimer.

Geocache Description:

I følgje innskrifta på minneplata er Lalandsholmen i Frøylandsvatnet fødestaden til Olav Tryggvarson

SOGA OM ASTRID KONGSMOR OG SONEN HENNAR OLAV TRYGGVASON. Ved Lalandsholmen i Frøylandsvatnet er det sett opp minneplate for Olav Tyggvason. Denne kong Olav Tryggvason hadde nær tilknytting til Jæren, - mor hans, Astrid var frå Obrestad. Hennar slekt på Obrestad kjenner me frå langt tilbake i historia. Det var ei grein av ei ætt som var både stor og vide kjend. - Astrid var gift med Tryggve Olavsson, småkonge i Viken - av Harald Hårfagre ætta. Tryggve var ein mektig og gjev mann. Vikværingane tykte at han var best skikka til konge over heile landet. Det var ei uroleg tid med ættefeidar og arvekrangel. Tryggve vart drepen søraust i riket sitt, ved Vegger austafor Sotenes i Båhuslen. - Tidene var særs utrygge, og det er naturleg at dronning Astrid, som var med barn flykta vestover og søkte heim att til folket sitt på Obrestad, saman med eit påliteleg fylgje av hermenn. - ”Ho reiste løynleg med den lausøyren ho kunne få med seg”, seier Snorre. Tradisjonen seier at Olav Tryggvason vart fødd 963 på Lalandsholmen i Frøylandsvatnet på Jæren. – I boka ”Stavanger Amptes udførlige Beskrivelse” utgjeve 21. juni 1745 - skriv Amtmann i Stavanger Bendix Christian de Fine: ”Kong Oluf Tryggveson, som Sturlesson Skriver at være fød paa een Holme i et fersk Vand paa Jæderen, Siges endnu efter gammel Sagn at skal være den Holme som ligger i Frøylands Vandet, da dog samme Holme kun er liden. Man seer og deraf at der har da været Skov paa Jæderen”. Hos Snorre finn me ikkje nøyaktig kva vatn eller holme dette er på Jæren - berre at ”Astrid vart rodd ut på eit vatn og gøymde seg på ein holme til barnet vart fødd; - då dei auste vatn på han , vart han kalla Olav etter farfar sin”. - Etter ei tid, - ”ein dag utpå kvelden kom dei fram til Eirik på Obrestad, far til Astrid. Dei for løynleg. Eirik let fylgja dei til ei lita stove og let setja på bordet for dei av den beste maten”. Astrid vart buande her, og med seg hadde ho to tenestjenter og sonen Olav, Torolv Luseskjegg og Torgils, son hans, som var seks vintrar gammal. Dei var der om vinteren. Det er ei dramatisk historie. Eiriksønene, - (eller me kan seia som Snorre; - ”Gunnhildsønene” - Ho, ei mektig og hardfør kvinne, som stod bak og eggja opp sønene sine) var ikkje nøgd med at småkongen Tryggve var teken av dage - . Nå var den vonde dronning Gunnhild saman med søner og herfylgje på jakt etter Astrid og den litle guten; arvingen Olav. - Men det gjekk mest to år. Då sende Gunnhild sendemenn med våpen og hestar; dei var tretti mann. Ho bad dei fara til Obrestad til Eirik, og få med seg son til kong Tryggve og føra han til Gunnhild. Tradisjon og segner fortel at dronning Astrid og litle Olav løynde seg på ein røyrvaksen holme i Søylandsvatnet. Snorre skriv: ”Dei kunne vada ut til holmen, og der gøymde dei seg i røyrgraset”. - Nokon seier det var på ein holme i Høylandsvatnet - . Jærtradisjonen om Tryggvason har mange detaljar; også ved Jomfruhaugen på Obrestad gøymde Astrid seg før ho saman med gode hjelparar måtte røma med kongsbarnet. - Først for dei til ”Håkon gamle” i Svitjod (Sverige). Der var Astrid og son hennar, Olav, i lang tid og hadde det godt.Så ville Astrid til broren, Sigurd Eiriksson i Gardarriket (Russland), som var i teneste hos kong Valdemar i Holmgard (Novgorod). Dei kom ut for vikingar frå Estland, men på forunderleg vis fekk Olav kontakt og venskap med morbror Sigurd og kong Valdemar, han vart og truleg døypt der. Eit eventyrleg liv starta for den unge kongssonen. Han kom heim over Nordsjøen frå Irland og England i 995, gjekk først i land i Noreg på Moster i Sunnhordland og let syngja messe der i eit landtelt (kom kyrkje seinare), og same år vald til norsk konge på Øyrating i Trondheim. Olav Trygvason er i norsk historietradisjon halden for å vera ein av dei viktigaste skikkelsane i noregssoga. - Dette kan delvis vera på grunn av innsatsen hans for å få innført kristendomen i landet, - men kan og vera for den motstand han ytte mot utanlandske kongar. Han levde ca 963 – 1000 og var såleis ein ung mann, norsk konge 995 – 1000. Olav Tryggvason var av Hårfagre-ætta, far hans, kong Tryggve i Viken (”del-konge” på Austlandet) var sonason til Harald Hårfagre - . Mor hans, Astrid Eiriksdotter var dotter av Eirik Bjodaskalle på Obrestad, av den mektige Horda-Kåre ætta i Sunnhordland (Kåravik på Stord). Ved utgangen av det 1. årtusen befant Norge seg midt inne i ein dramatisk religiøs og kulturell forvandlingsprosess: Mellom Tor og Kvite-Krist, - for å halda oss til sagastilen. Mellom urgammal norrøn-germansk sed, livsform, tilværetolking - og europeisk kristendom og kultur. Framover - i løpet av nokon hundreår - resulterte dette i at ættesamfunnet vart omdanna til statssamfunn. Harald Hårfagre, som samla Noreg til eitt rike ved slaget i Hafrsfjord år 872 hadde mange søner. Etterkvart som dei vaks til, gav han dei kongsnamn og delte riket mellom dei, - ”høgare i rang enn jarlane, men under kongen”. Harald sette Eirik høgst av sønene sine, og bestemte at han skulle vera overkonge i Noreg etter han. Dei andre brørne lika dette lite. Harald døydde på kongsgarden Ogvaldsnes (Avaldsnes) på Karmøy, og vart hauglagd på Haugo ved Haugesund.(Haraldsstøtta.) Nordmennene lika ikkje kong Eirik (blodøks), sonen til Harald, og enno mindre lika dei Gunnhild, dronninga hans. Yngste son til Harald Hårfagre heitte Håkon. Mora var Tora Mostrastong frå Bømlo. Litle Håkon vart godt oppfostra hos kong Adalstein i England, folket kalla han difor Håkon Adalsteinfostre. Han kom att til Noreg, og alle stader ynskte dei han til konge. Han var særs avhalden og vart kalla Håkon den gode. Segna seier: Ved Obrestad tala Håkon til folket frå ein stor stein, seinare kalla Håkon Adalstein. Eirik (blodøks) laut røma landet, han vann sidan eit rike i England, men fall på ei vikingferd. Eiriksønene fekk hjelp av Harald Blåtann i Danmark. Dei kom til Noreg med ein her; men Håkon vann over dei i eit stort slag ved Avaldsnes. - Etter dette skifte han sjøbygdene i skipreider - . Eiriksønene kom seinare uventa att, og Håkon den gode fekk banesåret på kongsgarden sin på Fitjar i Sunnhordland i 1061. Før han døydde sende han bod til Eiriksønene, at han gav dei heile Noreg. Det vart då Eiriksønene som tok kongedømet etter Håkon den gode. Harald Gråfeld var eldst og hadde mest makt. Han for hardt fram og folk var missnøgde med han. - Trøndarane tok då Håkon Ladejarl til hovding. Håkon fekk hjelp frå Danmark og Harald Gråfeld vart drepen, dei hine Eiriksønene vart jaga til Orknøyane. Håkon jarl var lenge godt likt av folket og styrde godt. Ved slaget i Hjørungavåg (Sunnmøre) berga han nordmennene frå ein stor fare! Likevel - l Noreg var bøndene missnøgde med Håkon jarl og i desse ”intrigene” misste han livet (trelen Kark). Så kom Olav Tryggvason, - til Rogaland og. Han ”som sprang på årane medan mennene rodde og fjellklatra i Hornelen med mann under arm”. - Tradisjonen seier han heldt ting på Tinghaug, ikkje langt frå Lalandsholmen! - Soga fortel: ”I Rogaland møtte bøndene fullt væpna på tinget. Dei hadde valt tre menn til å tala imot. Men den eine fekk hoste, så han ikkje kunne få fram eit ord; den andre vart stam, så dei lo åt han, og den tredje vart så hås at ingen høyrde han. Då laut rygene taka dåpen”. Konge berre i 5 år, med skipet sitt ”Ormen Lange” var han med i slaget ved Svolder, der fall han i år 1000. Cachen er plassert ute på holmen. Båt, kano eller kajakk er å anbefale for å komme seg ut dit.

Additional Hints (Decrypt)

Sbgra ni fgbe rvx

Decryption Key

A|B|C|D|E|F|G|H|I|J|K|L|M
-------------------------
N|O|P|Q|R|S|T|U|V|W|X|Y|Z

(letter above equals below, and vice versa)