Gullbring kulturanlegg
Gullbring kulturanlegg er eit regionalt
kulturhus for Midt-Telemark og stod ferdig sommaren 1994.
Framstugo, som er huset sin
foajè, er høg, lys og open, og ønskjer alle varmt vel møtt! Huset
er eit kombinert kultur- og idrettsanlegg og ligg ca. 300 m frå Bø
stasjon som er knutepunkt for Sørlandsbanen og ekspressbussane.
Nærmaste nabo er Bø hotell. Gullbring har ulike kulturfaglege miljø
som leigetakarar inklusive også Høgskolen i Telemark.
Gullbring kulturanlegg AS eig og driv huset,
og Bø kommune er hovudaksjonær. Samla totalareal er på vel 8.000
kvm, og bygget går over to, delvis tre etasjar. Bygget er oppført i
tre og betong, delvis forblenda med teglstein, og har straum som
oppvarmingskilde samt solvarmeanlegg for oppvarming av bassengvatn.
Storsalen er spesialbygd som
teater- og konsertsal, men er også tilrettelagt for kinobruk med
dolbylyd. Salen har 396 plassar i amfi, og kvar stol har
skriveplate i stolvangen. Inngang på repo midt i salen, der også
styringsplass for lyd og lys er plassert. Salen er ypperleg til
kurs- og konferansebruk, og kan også riggast med inntil 50 ekstra
plassar i framkant. Akustikken i salen er namngjeten, og med topp
scenegarderobar, er artistar, kunstnarar og arrangørar veldig nøgde
med dei fasilitetane vi byr dei. Sceneopning: 12 meter, scenedybde
9 meter.
Kinosalen er spesialbygd for
filmframsyning, og vart THX–sertifisert etter Lucasfilm si
sertifiseringsnorm for lydanlegg i kinolokaler som sal nr. 3 i
Noreg i 1994, og har vore ein kjempesuksess for Bø kino. Alle Dolby
sine digitale lydsystem er på plass, samt DTS, og med Ernemann 15 B
kinomaskiner er bildet krystallklart i alle fire bildeformat.
Maskina har såkalla treblada blendar, som gjev ein bildefrekvens på
72 hz mot normalt 48 hz. Stolane i salen er utstyrt med høg rygg og
skriveplate i stolvangen. 144 sitteplassar.
Galleri
Statskleiv er oppkalla etter Torleiv Stadskleiv (1865 –
1946), Bø sin mest kjente kunstnar. Kunstforeninga i Bø har faste
utstillingar her og Sommarutstillinga i Bø blir kvart år avvikla
parallelt med Telemarkfestivalen først i august.
Gullbringbadet er eit miljøbad
med 3 ulike basseng; eit stort 25 meter konkurranse-svømmebasseng,
med stupeanlegg sviktbrett og stupetårn, plaskebasseng for barn og
terapibasseng som har fått namnet Heitehølen. Svømmehallen har
kiosksalg frå kafè Olsen, og i tilknyting til badet finn du også
boblebenk, sauna og solarium.
Gullbringhallen er ein
fleirbrukshall på 24 x 47 meter som kan delast i tre med
lydskillevegg og nettskillevegg, og kan gjerast om fra 1
handballbane til 3 volley-/basketballbanar eller 9 badmintonbanar.
Tribunen er plass til 600 personar. Hallen kan også brukast til
konsertar og messer. Som utsmykking og eit eige idrettsanlegg i
hallen finn du ein klatrevegg på 7,2 m breidde og 8,9 m
høgde.
I tillegg har Gullbring eit godt utstyrt
treningssenter og fleire
mindre rom som leigas ut og brukas både til møter og som
øvingslokaler for Kulturskulen.
Uteområdet er opparbeid som parkanlegg, og her
er friluftsamfi samt kort avstand til stadionanlegg ved Høgskolen
og Bø sentrum.
English:
Gullbring is a regional cultural center for
the Middle Telemark and was completed in the summer of 1994. The
house is a combined cultural and sports facilities and is situated
approx. 300 m from Bø station. Bo hotel is the closest neighbor to
Gullbring.
The foyer
(“Framstugo”) is tall, light and open, and wishes
everyone a warm welcome!
Gullbring cultural facilities AS owns and
maintains the house, and Bø municipality is the main shareholder.
Overall total area is more than 8,000 square meters, and the
building is part two, part three storeys high. The building is of
wood and concrete, partially covered with bricks. The heating
source is mainly electricity, but a solar thermal system is heating
the pools.
Gullbring contains a theaterhall, a cinema, a
gallery, a swimmingarea with 3 pools and a sportinghall besides a
lot of smaller rooms and offices.
Innhold ved start: loggbok, blyant og FTF-sertifikat /
Contents start: log book, pencil, FTF Certificat