Skip to content

Njærheim Kyrkjegard Traditional Cache

Hidden : 5/27/2012
Difficulty:
1.5 out of 5
Terrain:
1.5 out of 5

Size: Size:   micro (micro)

Join now to view geocache location details. It's free!

Watch

How Geocaching Works

Please note Use of geocaching.com services is subject to the terms and conditions in our disclaimer.

Geocache Description:


Kyrkjegarden

Njærheim kyrkjegard var ein av tre kyrkjestader i Hå prestegjeld i mellomalderen. Kyrkjegarden er orientert aust-vest og kring 70 x 40 m stor, men noko innsnevra i vestre delen. Han er avgrensa av ein steinmur med ein port i det nordaustre hjørnet. Tidlegare var porten midt på nordre langside. Kyrkja stod om lag midt på kyrkjegarden til ho blei riven i 1834. Fleire steinar i bakken markerer kor kyrkja har stått. På kyrkjegarden er det ingen minne att etter dei gravlagde i dag.

Kyrkja

Det var tre kyrkjer i Hå prestegjeld i mellomalderen. Bøkyrkja var hovudkyrkja, medan kyrkjene på Njærheim og Varhaug var annekskyrkjer fram til 1668. Deretter blei Njærheimkyrkja hovudkyrkje i prestegjeldet. Samstundes flytta presten frå prestegården på Bø til Hå. Kyrkja på Njærheim var til før 1303, men det finst lite opplysninger om henne før på 1600-talet. I 1623 måla Peter Reimers preikestolen, som nokre år seinare blei ”forbedra” av Lauritz Snekker. Han laga også 23 panelte og utskorne stolar samt galleri. Kyrkja blei vølt og ombygd i 1620, 1630 og 1640- åra. Skipet blei truleg bygd i 1626-27, koret og nytt tårn i 1640. Femte søndag etter påske i 1834 blei den siste gudstenesta halden i Njærheimkyrkja.



Steinkrossar og runestein

Sør for kyrkjetufta står ein steinkross av fylittskifer, som er 1,5 m høg og 0,7 m brei over armane. Han blir kalla ”Kristkrossen” og skal ha stått på same staden i uminnelege tider. Eit kileforma merke nedst på krossen kan vera ei etterlikning i stein av ein prosesjonskross. Dette merket finst også på minnekrossen over Erling Skjalgsson og ein av steinkrossane frå Tjora kyrkjegard i Sola. Slike krossar er truleg frå byrjinga av 1000-talet.

På nordsida av kyrkja skal det ha stått ein kross med runeskrift, som er kjent gjennom teikninga til biskop Thomas Wegener. Innskrifta er seinast blitt til i byrjinga av 1000-talet. Rundt hundreårsskiftet blei delar av ein runestein funne i ein gammal bygning nær kyrkjegarden. Steinen, som er av kvartsittisk skifer, er dekorert med ein kross i flettverksstil i midtfeltet. Runeforskarar daterer steinen til ca. år 1000 e. Kr. Steinen kan ha stått på ei grav og liknar gravsteinar på Dei britiske øyer.

Gamal kultstad?

Namnet Njærheim tyder på at staden kan ha vore ein kultstad for guden Njord. Ofte er dei eldste kristne symbola t.d. steinkrossar konsentrerte i område som tidligare var høvdingsete og sentra i førhistorisk tid. Konsentrasjonen av steinkrossar og runestein på Njærheim tyder på eit tidleg kristent senter her. Steinkrossen skriv seg truleg frå den første kristne tida og kan ha stått her før det blei bygd kyrkje.

Nærbøkyrkja

I 1820-åra var alle kyrkjene i Hå i dårleg stand, Varhaugkyrkja blei reparert, medan kyrkjelydane på Njærheim og Bø vedtok å slå dei to sokna saman og byggja ny kyrkje på Skjerpe. Dermed oppstod namnet Nærbø som ei samandraging av Njærheim og Bø. Både kyrkja og det nye soknet fekk namnet Nærbø.

Kilde: Informasjonsskilt ved staden (Arkeologisk Museum i Stavanger)




Cachen inneheld:
- Loggbok
- Blyant
- FTFC

Additional Hints (Decrypt)

Vaagvy gerfgnzzr

Decryption Key

A|B|C|D|E|F|G|H|I|J|K|L|M
-------------------------
N|O|P|Q|R|S|T|U|V|W|X|Y|Z

(letter above equals below, and vice versa)