Museum (bilete)![](https://imgproxy.geocaching.com/3b796079a13c2de4cf01456c7298ca2d80562308?url=http%3A%2F%2Fwww.stuhaug.no%2Fturisme%2FBilder%2FDSC02418.JPG)
Museet held ope kvar dag så sant det er folk heime. Det bør takast kontakt på tlf. 52 76 20 32 for avtale dersom de planlegg eit besøk.
Museet har vore flittig brukt av skulane i Sandeid og Vikedal i samband med grunnskuleveka og elevutflukter.
Museet omfattar ei gammal løe med skut til hestereiskapar, to husmannsstover av forskjellig storleik, smie, eldhus, stabbur, kvernhus, jordkjellar og langhus for ein kaffitår etter besøket. Langhuset vert og utleigt for selskap, styremøte og andre samvær. For meir informasjon og bilete frå dei forskjellige husa; sjå dei respektive sidene til høgre.
Museet omfattar ei gammal løe med skut til hestereiskapar, to husmannsstover av forskjellig storleik, smie, eldhus, stabbur, kvernhus, jordkjellar og langhus for ein kaffitår etter besøket. Langhuset vert og utleigt for selskap
, styremøte og andre samvær.
Museet ligg i Sandeid, Vindafjord kommune ca. 5 mil nordaust for Haugesund. Tunet ligg idyllisk til på motsett side av dalen i høve til riksveg 514 midt mellom Sandeid og Ølen. Det står skilt ved vegen i turistsesongen og det er mogeleg å ta ein tur innom utan avtale, men me set stor pris på om de tek kontakt først pga. at museet ikkje har faste opningstider og dermed berre er ope når vertskapet er heime.
Olavsrosa![](https://imgproxy.geocaching.com/2401561c383274548e56db27766f3748d9c97e2d?url=http%3A%2F%2Fwww.stuhaug.no%2Fturisme%2Folavsrosa-stuhaug-150907-049.jpg)
Stuhaug turisme ved Greta og Rognald Stuhaug fekk 19.09.07 tildelt Olavsrosa for deira formidling av husmannstradisjonar gjennom restaurerete bygningar og gamle bruksting. Olavsrosa er Norsk Kulturarvs kvalitetsmerke, og heidersteiknet vart delt ut av styreleiar Inger Lise Skarstein i Norsk kulturarv. Stuhaug er den fjerde verksemda i Rogaland som har fått denne utmerkinga.
Andre utmerkingar:
Kulturpris frå Vindafjord kommune - 1996
Reiselivspris frå Vindafjord kommune - 1996
Byggeskikkpris frå Vindafjord kommune - 2004.