Jordavatnet er reservemagasin for drikkevassforsyninga i Bergen. Vatnet vart regulert på første halvdelen av 1960-talet, då det vart driven ein tunnel frå Jordavatnet og over til hovudmagasinet, Svartavatnet (eller Ulvvatn som det står på dei fleste karta). Sitt naturlege utløp har Jordavatnet mot Sædalen og vidare ned mot Nordvik.
På grunn av at Jordavatnet er drikkevatn, er det restriksjonar på grilling og bading. Jordavatnet er likevel ei naturperle som det er fint å gå på tur til. Kortaste vegen har ein på tydeleg sti frå Fanaseter. Ein kan óg koma hit på sti frå Kismul, eller gå vegen frå Kismul til Svartavatnet og så følgja ein sti vidare derifrå. Det går óg sti over frå søre enden av Svartavatnet, men denne stien er mindre synleg. Endå ein variant er å gå opp Sædalen frå Nordvik, eller å gå frå Nordvik på gamal sti over Storakvitefjellet og Lauvåsen.
Det er óg mogeleg å gå ein rundtur rundt vatnet.
NB! Same kva rute ein vel, bør ein ha fjellsko eller støvlar dersom det har regna i seinare tid, ettersom stiane fleire stader raskt vert noko blaute.
