Skip to content

Sentralt i Fana Traditional Cache

This cache has been archived.

Revehiet: Så er denne cachen borte. Staden der han var gøymt er no midt inne i eit anleggsområde. Anleggsperioden vil nok vara lengre enn cachen kan vera disabla. Cachen kan sjølvsagt flyttast eit stykke unna, men då forsvinn ein vesentleg del av poenget... Me ser oss difor nøydde til å arkivera cachen.

Kanskje kjem det ut ein ny versjon av cachen ein gong i framtida, om det vert mogeleg å plassera ein cache på det sentrale punktet når området er ferdig omskapt.

Takk til alle som har vore innom cachen.

More
Hidden : 4/28/2013
Difficulty:
2.5 out of 5
Terrain:
1.5 out of 5

Size: Size:   micro (micro)

Join now to view geocache location details. It's free!

Watch

How Geocaching Works

Please note Use of geocaching.com services is subject to the terms and conditions in our disclaimer.

Geocache Description:

Cachen er plassert der Google Maps påstår at midtpunktet i Fana bydel ligg. Sentralt i Fana er det på mange måtar. Punktet ligg på jord utskilt frå Fana prestegard på staden Fana i delområdet Fana i Fana bydel i tidlegare Fana kommune.

Punktet ligg like ved krysset mellom to viktige og godt trafikkerte vegar, og innafor ein svært kort radius ligg både daglegvarebutikk, frisør, skule og barnehage. Inntil nyleg låg Fana postkontor like ved cachen, men vart vinteren 2013 flytta til Coop i Krokeidevegen. Tidlegare hadde også politiet kontor her.

Frå cachen er det berre 150 meter i luftlinje til ærverdige Fana kyrkje, ei flott steinkyrkje med ca. 450 sitjeplassar som ein reknar med vart bygt i 1153. Fana kyrkje med parkanlegg og amfi vart valt som Bergen kommune sin tusenårsstad. Vel 170 meter unna cachen ligg Kirkevoll skole. Skulen vart grunnlagt i 1893, og er ein barne- og ungdomsskule med plass til om lag 600 elevar.

Til hovudhuset på prestegarden er det 300 meter. Det er noko over 600 meter ned til den gamle tettstaden på Fanahammeren, som på 1800-talet voks fram som eit slags sentrum i Fana, med både dampskipskai, postopneri og landhandel. Like i nærleiken låg óg Rosendahl spinneri, som i si tid hadde over 100 tilsette. Vel 500 meter er det til Fana stasjon på den nedlagte Nesttun-Osbanen.

Fana er altså namnet på ein bydel i Bergen. Fana bydel har noko over 40.000 innbyggjarar, og er den største bydelen i Bergen (Fana passerte Åsane i innbyggjartal i 2013). Samstundes er Fana størst i geografisk utstrekning. Noverande Fana bydel omfattar delar av tidlegare Fana kommune, som vart innlemma i Bergen kommune frå og med 1. januar 1972. Fana bydel har eit areal på 150,99 km² landareal og 8,92 km² ferskvatn.

Tidlegare Fana kommune hadde Nesttun som kommunesenter. Ved samanslåinga med Bergen omfatta Fana 210,35 km² (herav 11,28 km² ferskvatn) og 44.402 innbyggjarar. Fana kommune var på det tidspunktet ein av landets mest folkerike og velståande kommunar. Til Fana høyrde dei noverande bydelane Fana og Ytrebygda, i tillegg til området Bønes som no høyrer til Fyllingsdalen bydel, og områda Fantoft, Minde og Nattland som no inngår i Årstad bydel. Fana kommune inkluderte tidlegare óg Fyllingsdalen (12,5 km²), som vart selt til Bergen i august 1955. Med andre ord høyrde heile den sørlege halvparten av noverande Bergen kommune til Fana, eit område som i dag har om lag 100.000 innbyggjarar.

Når nokon seier ”på Fana”, siktar dei til staden eller området inst ved Fanafjorden. Det er dette området som har gjeve namn til bydelen og den tidlegare kommunen.



Sentralt iflg Google. Det var naturleg nok ikkje fornuftig å plassera cachen akkurat der. Han er nokre meter unna.

NB! Hugs å ta med blyant eller annan eigna skrivereiskap.

Additional Hints (Decrypt)

Anab. Pbeare. Uvtu.

Decryption Key

A|B|C|D|E|F|G|H|I|J|K|L|M
-------------------------
N|O|P|Q|R|S|T|U|V|W|X|Y|Z

(letter above equals below, and vice versa)