Skip to content

Kunstgrasbanen i Nordvik Traditional Cache

Hidden : 5/24/2013
Difficulty:
2 out of 5
Terrain:
1.5 out of 5

Size: Size:   micro (micro)

Join now to view geocache location details. It's free!

Watch

How Geocaching Works

Please note Use of geocaching.com services is subject to the terms and conditions in our disclaimer.

Geocache Description:

Kunstgrasbanen i Nordvik stod klar til bruk i slutten av april 2013.

I mange år hadde det som del av utearealet ved Nordvik skole vore ein grusa ballbane, men grusplassen var i dårleg stand og ofte prega av mykje overvatn.

Den nye kunstgrasbanen er etablert på den gamle grusbanen. Det er ordna med drenering, mellom anna er det etablert fleire kummar. Så er det lagt fast dekke oppå den gamle banen, og oppå det nye dekket er kunstgraset lagt.

Tanken om kunstgrasbane i Nordvik vart først sådd i 2009. Det vart søkt om tippemidlar, men ein fekk avslag. Ny søknad om tippemidlar vart sendt, noko som resulterte i 200.000,- kroner. For å få på plass dei resterande 250.000,- kronene har bygda drive kronerulling og motteke gåver frå både privatpersonar og versemder. Nordvik Vel, Hordaland Fotballkrets og Bergen kommune er andre bidragsytarar. FAU ved Nordvik skole har óg bidrege. Og endeleg har innbyggjarar i bygda lagt ned mykje dugnadsarbeid for å få prosjektet i hamn.

Kunstgrasbanen vil vonleg vera til glede for både skulen og bygda. Banen vart innvia søndag 5. mai 2013 med kaker, kaffi og brus - og sjølvsagt fotballkamp.



NB! Ta med skrivereiskap. Slikt finst nemleg ikkje i cachen! :-)

Additional Hints (Decrypt)

Anab.

Decryption Key

A|B|C|D|E|F|G|H|I|J|K|L|M
-------------------------
N|O|P|Q|R|S|T|U|V|W|X|Y|Z

(letter above equals below, and vice versa)