Fisterfjorden kan reknast å starta mellom Helgøy i Ryfylke/utløpet av Årdalsfjorden og Buøy i sørvest og strekker seg 6 nautiske mil nordaustover mot Ølesund der Randøybrua bind Randøy til fastlandet. Her finn ein mange øyer, holmar og skjær. Nokre av dei bebudde med fastbuande, og mange av dei med hytter og bryggeanlegg.
På fastlandet finn ein Fister, bygda som også var ein kommune fram til 1965, då han vart oppdelt og innlemma i nye Hjelmeland kommune (Fister, Hetlandsbygda, deler av Randøy og Børøy) og Finnøy kommune (Fisterøyane, dvs. Halsnøy, Bokn og Byre samt mange småholmar).
Søre Børøyholmen er namnet på holmen der hovudeventet finn stad. Her er ei flott trebrygge, renovasjonsstasjon, utedo med ventilasjon(!) og ein gapahuk. Det er også eit fint flatt grasområde der ein kan slå opp telt. Mange reiser hit og ligg med båtar, det er flust med oppankringspunkt langs svadberga i tillegg til den fine brygga. Då ein treng privat båt vert terrengrating for eventet 5/5, men sjølve eventplassen er 1,5/5.
For dei som lurer så er holmen akkurat stor nok til at det er plass til fire boksar. :)
TA MED REDNINGSVEST DERSOM DU HAR!
Transport
TA VARE PÅ INFO NEDANFOR, DÅ DEN INNEHELD KLOKKESLETT, TELEFONNUMMER M.M.
Merk at informasjonen nedanfor gjeld for hovudeventet med oppstart 13:30. Dersom de ønskjer å komme for overnatting sjå lenger nede.
Merk også at det er lagt opp til overnatting på Solvåg Fjordferie frå fredag eller lørdag til søndag (sjå nedanfor), dette ligg 5 minutt frå holmen med båt. Her er også båtutleige. Dersom du vel dette, køyrer du på eigen hand hit med bil. Då har du sjølvsagt også større friheit til vidare caching på fastlandet.
Du er sjølvsagt velkommen med eigen båt! Det er plass til store båtar og seilbåtar i størrelsen 40-50 fot. Eventarrangørane kjem mest sannsynleg til å overnatta på holmen sjølv i telt frå fredag ettermiddag til søndags morgon. Dersom du ikkje innehar privat maritim transport har me lagt opp til andre transportmetodar:
Frå Sørfylket
Det finst fleire måtar å komme seg hit.
Dersom du ikkje har bil, vil eg føreslå hurtigbåt (Hjelmelandsruta) frå Fiskepiren, Stavanger klokka 0730 til BYRE (ankomst 0830). Du vil bli plukka opp i privat båt, gi beskjed per telefon 46464700 dersom dette er aktuelt.
Alternativt kan ein ta turen med hurtigbåt frå Fiskepiren 10:30 (Saudaruta) og gå av på HALSNØY 11:15. Her vil det sannsynlegvis ikkje bli henting før 13:15, men dersom det er ca 4-5 personar kan ein alltids henta før.
Dersom du har bil og vil køyre så langt som mogleg føreslår eg ein av to moglegheiter.
1) Bilferge frå Stavanger til Tau, køyr så til Fister der det er parkering (evt til Solvåg Fjordferie dersom de overnattar der), ca 45 minutts køyring. Fergene går kvart 3. kvarter frå Fiskepiren heile lørdagen, eg føreslår 10:15 eller 11:00. Dette er også den mest cachevenlege vegen, då det finst mange fleire cachar her enn på den alternative ruta.
2) Køyr til Judaberg gjennom Rennfast og Finnfast, ta så ferge til HALSNØY klokka 12:45, ankomst 13:05. Der vil privat båt plukka dykk opp 13:15. Alle metodar som ikkje inneber bruk av dykkar eigen båt krever henting, så ver snill og kommuniser per telefon til 46464700, helst kvelden før de kjem.
Frå nordfylket
1) Følg anvisning nr 2 ovanfor og ta ferge til Rennesøy frå Bokn og så køyr til Judaberg med ferge til Halsnøy
2) Ta ferge frå Nedstrand 11:50 med ankomst HALSNØY 13:15, der de vil bli plukka opp i privat båt. Gi beskjed på 46464700!
3) Overnatt på Solvåg Fjordferie! De kan reise hit på mange måtar, anten via (Nedstrand/Eidssund/Skipavik/Hjelmeland eller Ropeid/Sand/Nesvik/Hjelmeland). Sjå norled.no.
Overnatting
1) Kom og telt med oss (eller sov i eigen båt på eventstaden)! Ta kontakt med Bjarte på 46464700 for henting dersom de ikkje kjem i eigen båt
2) Solvåg Fjordferie ligg på Mosnes, tvers ovanfor fjorden for eventstaden. Her finst det leiligheiter og hus i alle slags storleiker, for ikkje å nemna båtar til utleige!
Me har fått fram ein gunstig avtale her. Det er for tida 5 ledige hus med til saman 20 rom, kvar med 2 enkeltsenger som kan slåast saman til dobbelseng. Prisen blir 400 kroner/seng/natt, noko billigare dersom ein deler rom.
Ein deler bad og kjøkken. Ta med sengtøy.
Ta kontakt med Solvåg Fjordferie på telefonnummer 928 57 007 eller e-mail post@solvag.com for bestilling. Hugs å nemne at de er med på arrangement i regi av Bjarte!