Velkommen til Fjone.
Fjone er ei lita grend med 120 innbyggjarar i Nissedal kommune. Sjeldsynte hellemålingar og gravhaugar viser at her har det budd folk i om lag 5000 år. Det fyrste du vil legge merke til når du kjem til Fjone, er Nisser, største innsjøen i Telemark, omkransa av blankskura, høgreiste fjell. Den 4 mil lange og 250 m djupe innsjøen inneheld reint, klårt drikkevatn. På Fjonesida finn du kilometervis av dei finaste sandstrender, kanskje det største eldorado for badeglede i Sør – Noreg. For at alle skal få oppleve den storslåtte naturen langs Nisser, har me eit godt utval av oppmerka turløyper i skog og fjell. Vinterstid kan du følgje oppkjøyrde skiløyper gjennom lett skogsterreng heilt inn på snaufjellet. På det smaleste punktet på Nisser, trafikerar Fjoneferga M/F ”Nissen”, som er landets siste kabelferge i ordinær drift. Ferga fraktar bilar, minibussar og passasjerar over Nisser frå 1. mai til 31. desember. I tillegg til å vere førar av Fjoneferga, driver Åshild Sollid eit handverkutsal med eigen strikkeproduksjon, samt ein kafeteria med enkel servering.
M/F Nissen
Fjoneferga M/F ”Nissen” har vore i drift sidan 1947 og fram til i dag, med eit opphald fyrst på 50 – talet. Norges siste kabelferge som trafikerar Nisser frå Fjone til Sundsodden i Nissedal, var det einaste vegsambandet for innbyggjarane på Fjone før vegen til Treungen kom i 1967. I dag blir ferga mest nytta i turistsamanheng og au noko som nyttetransport for næringslivet i Nissedal og dei nærliggjande områda. Kvart år blir det frakta mellom 5 – 6000 personbilar i tillegg til passasjerar, syklar, motorsyklar og bussar over den 5 00 m lange strekningen mellom vest – og austsida av Nisser. Denne attraksjonen er eit reisemål som er vel verd å oppleve i naturskjønne Nissedal. Velkommen ombord !
"Fjoneferga" - Rutetider -
(01.05. til 31.12. så sant istilhøva tillet det.)
AVGANG
|
VEKEDAG*
|
VEKEDAG*
|
VEKEDAG*
|
VEKEDAG* |
| KL. |
01.05.-14.06. |
15.06. 15.08. |
16.08. 31.10 |
01.11. - 31.12. |
#07.00
|
1 345 |
12345 |
1 345 |
|
#08.00
|
1 345 |
12345 |
1 345 |
FERGA
|
| 09.00 |
1 34567 |
1234567 |
1 34567 |
KØYRER
|
| 10.00 |
1 34567 |
1234567 |
1 34567 |
KUN PÅ
|
| 11.00 |
1 34567 |
1234567 |
1 34567 |
SPURNAD
|
| 12.00 |
1 34567 |
1234567 |
1 34567 |
EITT DØGN
|
| 13.00 |
1 34567 |
1234567 |
1 34567 |
I FØREVEGEN
|
| 14.00 |
1 34567 |
1234567 |
1 34567 |
|
| 15.00 |
1 34567 |
1234567 |
1 34567 |
|
| 16.00 |
1 34567 |
1234567 |
1 34567 |
TYSDAG ER
|
| 17.00 |
1 34567 |
1234567 |
1 34567 |
FERGA
|
| 18.00 |
1 34567 |
1234567 |
1 34567 |
STENGD
|
| 19.00 |
|
1234567 |
|
|
| 20.00 |
|
1234567 |
|
|
| 21.00 |
1 34567 |
1234567 |
1 34567 |
|
| 22.00 |
|
1234567 |
|
|
| * Vekedagane er nummerert, 1 - 7 frå mandag til sundag. |
# Desse avgangane er innstillt på heilagdager óg.
MERK ! På andre heilagdagar utanom sundag er fyrste avgang KL. 09.00.
|
|
For at overfarten skal bli hyggelig og mest mogleg trygg for trafikantane, gjeld fylgjande reglar:
|
|
- Det skal kun vere ei bilrekke på ferja.
- Det skal aldri vere meir enn tre bilar på kvar tur.
- Maksimal totallast er 14 tonn.
- Talet på personar skal ikkje overstige 15.
- Ved om bord - og ilandkjøring skal bare førar vere i kjøretøyet.
- om bord - og ilandkjøring, samt overfarten skjer på eige ansvar.
|
|
For henvendelser venligst kontakt
Åshild Sollid på følgende :
TLF:35047132 Mob. 97561825
|