Skip to content

Kråkeskogen Traditional Cache

This cache has been archived.

ottoane: Denne forsvinner stadig

More
Hidden : 1/20/2014
Difficulty:
1.5 out of 5
Terrain:
1.5 out of 5

Size: Size:   micro (micro)

Join now to view geocache location details. It's free!

Watch

How Geocaching Works

Please note Use of geocaching.com services is subject to the terms and conditions in our disclaimer.

Geocache Description:


«Kråkeskogen» ligg nede

PLAGE: Varaordførar Magnar Mattingsdal (Sp) i Hå er glad for at den såkalla «Kråkeskogen» på Nærbø no ligg nede. Han fryktar ikkje for at kråkene flyttar over kommunegrensa til Time og plagar folk der. () FOTO: Brit Romsbotn
Store tømmerstokkar ligg i haugar, og det luktar frisk harpiks. «Kråkeskogen» ved Vibereiret barnehage på Nærbø er historie.

Søvnproblem

- Eit døme på ei sak som det gjekk raskt å få ei løysing på. Me måtte venta til hekkinga var over, og så var det berre å få tak i dei folka og det utstyret det var behov for, smiler varaordførar Magnar Mattingsdal (Sp), og ser seg nøgd omkring.

Ein månad etter at ordførar Terje Mjåtveit la kråkeplagene frå den vesle skogen fram for formannskapet, ligg skogen nede. Berre nokre lauvtre står igjen.

Formannskapet bestemte at Mjåtveit og varaordførar Matningsdal, som saman utgjer kommunen sitt forhandlingsutval, skulle ta ansvaret for å sjå kva som skulle gjerast med skogen.

- Utgangspunktet var at ordføraren fekk fleire henvendingar frå folk som var plaga av kråkene. Det handla om kråkeskrik som førte til søvnproblem, og om kråkeskit. Vibereiret barnehage held til like ved, og også dei var plaga. Saka førte til mykje lått og løye. Men for dei som blei plaga, var det alvorleg nok, oppsummerer Matningsdal.

- Kor trur du kråkene har flytta?

- Det er det ikkje lett å svara på. Me har kontroll over mykje, men ikkje over naturen, kjem det frå Mattingsdal.

Interkommunale kråker?

- Kva om kråkene no flyg over kommunegrensa og plagar folk i Time? Ein slik situasjon kan umulig vera godt for det interkommunale samarbeidet?

- Problemet her på Nærbø var at kråkene haldt til i eit så sentralt strøk. Eg trur ikkje dei vil skapa like store problem dersom dei slår seg til i Njåskogen, svarer Mattingsdal.

- Det er kommuneval i år. Er det ei årsak til at dette har gått så fort?

- Nei, absolutt ikkje. Me har ikkje tenkt på valet i det heile tatt, forsikrar Mattingsdal.

Det er kommunen som eig området der skogen sto. Mattingsdal reknar med at staden vil bli rydda at det vil bli ei såkalla «grøn lunge».

- Det er positivt for ein tettstad som Nærbø å ha grøne areal som ligg sentralt til. Eg kjenner ikkje til at det skal vera planar om å bruka dette område til noko spesielt. Her kan Nærbø få eit flott område, seier varaordføraren.

Kjelde: Jærbladet 15/7 2007

Additional Hints (Decrypt)

zntargvfx

Decryption Key

A|B|C|D|E|F|G|H|I|J|K|L|M
-------------------------
N|O|P|Q|R|S|T|U|V|W|X|Y|Z

(letter above equals below, and vice versa)