Skip to content

Osøren stasjon - Osbanen Traditional Cache

Hidden : 5/11/2014
Difficulty:
1.5 out of 5
Terrain:
1.5 out of 5

Size: Size:   micro (micro)

Join now to view geocache location details. It's free!

Watch

How Geocaching Works

Please note Use of geocaching.com services is subject to the terms and conditions in our disclaimer.

Geocache Description:

Osøren stasjon

Os stasjon - eller Osøren som namnet formelt vart endra til 1921 - var endestasjon og hovudstasjon på Osbanen.

Avstand frå Nesttun: 26,3 km
Høgd over havet: 3,0 m

På Osøren hadde Osbanen ein stor stasjonsbygning med venterom, ekspedisjon, kontor og husvære for to av banen sine tilsette med familiar. Her heldt baneselskapet sin administrasjon til. Bygningen vart bygt i sveitsarstil, særprega med dei utskorne drakehovuda på taket. I tillegg var det på Osøren lokomotivstall, godshus, klosett og ein stor, open vognhall. Vognhallen hadde ikkje veggar, men ei heil rekkje flotte søyler av tre. To spor gjekk gjennom hallen. Hallen gav etter siste påbygging i 1915 plass til i alt 14 vogner. I 1907 vart det bygt ein eigen vognverkstad lengst sør på stasjonsområdet.

Det vart i 1894 lagt jernbanespor ut på dampskipsbryggja. Bryggja var det Osbanen som bygde. Kol til lokomotiva vart levert med båtar, og i tillegg ønskte banen å ha bryggja for å kunna korrespondera med dei rutegåande dampskipa på Bjørnefjorden. Diverre vart det heller konkurranse enn samarbeid mellom dei to største aktørane, Osbanen på den eine sida og Midthordlandske Dampskipsselskap på den andre sida.

Stasjonsområdet er i dag noko innskrumpa. Ei rundkøyring har kome der lokomotivstallen tidlegare låg. Enno står likevel stasjonsbygningen og vognhallen på Osøren. Stasjonsbygningen vart seint på 1990-talet delvis tilbakeført til opphavleg utsjånad. Vognverkstaden er riven, men ein pumpestasjon for kloakk er bygt på same staden og i utføring lik den gamle verkstaden. Stasjonsområdet låg nært sjøen, men opp gjennom åra har det vorte fylt ut, slik at avstanden til sjøen i dag er mykje større enn det var i Osbanen si tid.



Over: Osøren stasjon i 1890-åra. I framgrunnen står eit lokomotiv på svingskjeva og bunkrar kol. Kolbingen ligg nærast fotografen. Bak ser me lokomotivstallen, godshuset, stasjonsbygningen og litt av vognhallen. Dampskipsbryggja ligg bak. Foto: N. N. Sontum.
Under: Togpersonalet og personalet ved Osøren stasjon har stilt seg opp framom stasjonsbygningen i 1899. Foto: Gerhard Berg. Begge fotoa: Osbanens Venner si fotosamling.




Osbanen

Nesttun-Osbanen var ein smalspora jernbane bygt for hovudsakeleg privat kapital og driven som eit aksjeselskap der private interesser hadde majoriteten. Osbanen var den einaste norske jernbanen for eit offentleg føremål som var bygt etter privat initiativ. Banen var bygt på rimelegaste måten, med smalt spor, smal trase, lett overbygging, spinkle skjener, mange og krappe kurver og små og lette lokomotiv og vogner.

Banen var prosjektert og bygt for 600 mm sporvidde, men i anleggsperioden endra til 750 mm sporvidde utan endringar i underbygging eller profil. Ingen annan norsk jernbane har vore bygt for så smalt spor. Difor vart Osbanen den minste offentlege jernbanen i Noreg.

Osbanen hadde minste akseltrykk (3,2 tonn) for ein norsk jernbane, minste kurveradius (50 meter), og dei spinklaste skjenene (9 kg/m). Banen vert hugsa for dei mange og krappe kurvene. Største tilletne toppfart var 25 km/t.

Osbanen starta på Nesttun stasjon på Vossebanen. Dei andre stasjonane og stoppestadene var Skjold, Rådal, Stend, Solbakken (frå 1927), Fana, Hamre, Kismul (frå 1895), Kalandseid, Søfteland, Ulven, Kuven, og så Osøyro, som var banen sin hovudstasjon, med kontor, vognhall, lokomotivstall og verkstad.

Banen fekk i 1893 levert to lokomotiv av typen Mallet, ”Bjørnen” og ”Ulven”, pluss eit mindre, 9-tonns lokomotiv som dei kalla ”Rotten”. I 1895 fekk banen ytterlegare eitt Mallet-lokomotiv, heitande ”Os”. Mallet-lokomotiv var ledda lokomotiv med to rammer, spesialkonstruerte for små og lette jernbanar med krappe kurver. Osbanen var den einaste banen i Noreg som nytta slike lokomotiv. Eit nytt og mykje større lokomotiv, ”Baldwin”, vart levert frå Philadelphia i 1917, men var for tungt og stivt for banen, og vart difor nytta så lite som mogeleg. Elles hadde banen femten personvogner og like mange godsvogner.

Trass i at Osbanen var eit vesleputt-tog og eit ynda objekt for samtida sine vitsemakarar, gjorde banen stor nytte for seg i dei 41 åra han eksisterte. Meir enn 4,4 millionar passasjerar reiste med Osbanen. I tillegg frakta han 41.065 tonn ilgods, 122.797 tonn fraktgods og ca. 10.000 husdyr. I toppåret 1917/18 hadde banen 222.000 reisande. Osbanen var både den norske privatbanen og sidebanen med størst passasjertal. Historikarar har tillagt Osbanen mykje av æra for framveksten av strandstaden Osøyro (Osøren) som eit større sentrum ved Bjørnefjorden.


Fottur eller sykkeltur på Osbanetraseen

Du er hermed invitert til å utforska traseen etter denne unike strekninga i norsk jernbanehistorie. Den beste måten å følgja Osbanen på er med sykkel eller til fots. Difor er det lagt opp til eit større tal geocachar langs banen. På denne måten skal ein sykkel- eller fottur kunna verta spennande for heile familien. Turen kan sjølvsagt delast opp i fleire etappar. I dag kan du gå eller sykla samanhengjande på Osbanen frå Nesttun til Kalandseid. Sørover frå Kalandseid til Røykenes ligg banen brakk, meir eller mindre som ein dårleg vedlikehalden gardsveg, og to stader er det oppført bygningar i traseen. Frå kommunegrensa og eit stykkje sørover kan du igjen følgja traseen, nesten til Søfteland. Forbi Søfteland er traseen delvis borte, delvis lokalveg. Mellom Bergstø og Hetlefloten ligg banen som ein fin, grusa turveg. Så har E39 slukt banen mellom Hetleflotsvingen og Ulven stasjon. Den siste strekninga frå Ulven til Os ligg det gang- og sykkelveg på banetraseen.

Feire opplysningar om sykkelturen langs Osbanen og lenker til nokre ressursar finst her:

Osbanens Venner og Stend stasjon
Nesttun-Osbanen AS, eigar av Rådal stasjon
Terje Melheim sine sider om sykkeltur på Osbanen



Det vesle toget til Os. Teikning: Sverre Mo.

Innhald: Logg og blyant.


Additional Hints (Decrypt)

Zntargvfx.

Decryption Key

A|B|C|D|E|F|G|H|I|J|K|L|M
-------------------------
N|O|P|Q|R|S|T|U|V|W|X|Y|Z

(letter above equals below, and vice versa)