Skip to content

Blaksettunnelane Traditional Cache

Hidden : 5/13/2014
Difficulty:
1.5 out of 5
Terrain:
1.5 out of 5

Size: Size:   small (small)

Join now to view geocache location details. It's free!

Watch

How Geocaching Works

Please note Use of geocaching.com services is subject to the terms and conditions in our disclaimer.

Geocache Description:

Ein cache med utsikt ved Blaksettunnelane i Stryn kommune.



The view from the cache

Norsk:
Blaksettunnelane vart opna i 1959. Dette er to korte tunnelar på 506 meter (vestlege tunnel) og 125 meter (austlege tunnel). Før desse tunnelane vart opna var bygdene Blakset og Fjelli avskore frå omverda, og mest alt av transport skjedde i båt over fjorden til Innvik og Utvik.

Desse to tunnelane er ein del av vegen frå Faleide til Lote. Den vart vedteken i kommunestyra i Innvik og Gloppen allereie i 1916, men dei neste 90 åra vart det kun gjort ettappevis utbyggingar. I 1928 vart samanhengande veg frå Blakset til Nos opna. I 1937 vart heile strekninga gjeven førsteprioritet av fylkestinget, men det vart ikkje realisert. I 1947 kom vegen frå Hopland til Tvinnereim. I 1959 vart Blaksettunnelane opna og i 1965 vart vegen forlenga i vestleg retning med tunnel frå Nos til Tvinnereim, Randabygda og Hopland. I vestenden vart vegen frå Lote til Hennebygda opna i 1980. Etter sterkt lokalt press vart siste delen mellom Hopland og Hennebygda vedteken i fylkestinget i 2001 og opna i 2005. Dermed vart endeleg heile strekket frå Faleide til Lote ferdig utbygd.

Vegen vert i dag kalla Panoramavegen på grunn av dei mange utsiktspunkta ein har langs heile vegen. Her ved den vestlege enden av Blaksettunnelane er det ei flott utsikt sørover mot Blaksetbygda, søraust mot Innvik og austover mot Faleide og Rake/Loen.

I mai 2019 starta arbeidet på den nye Blaksettunnelen som skal erstatte desse 2 gamle tunnelane. Den nye tunnelen blir 1190 meter lang og blir ein moderne 2-feltsveg. Tunnelen er planlagd ferdig midtvinters 2021.

Cachen er ein plastsylinder med loggbok, blyant og blyantkvessar. Der er ikkje plass til så mykje meir enn det.

Set deg ved rastebordet, ta deg eit kjeks og nyt utsikta!


The entrance to the tunnel from the west

English:
The Blakset tunnels were opened in 1959. The the western tunnel is 506 meters long and the eastern tunnel is 125 meters long. Before these tunnels were opened most travel to and from the Blakset and Fjelli communities happened by boat across the fjord to Innvik and Utvik.

The tunnels are a part of the Faleide - Lote road. The municipalities of Innvik and Gloppen decided to build the road in 1916. It didn't materialize immediately but was, instead, built in stages over the next 90 years. The road from Blakset westward to Nos was completed in 1928. In 1937 the county gave the whole road first priority but the plans never followed through. Later, in 1947, he road between Hopland and Tvinnereim was completed. The Blakset tunnels were then opened in 1959 and in 1965 the tunnel between Nos and Tvinnereim opened connecting Randabygda and Hopland to "the world". At the western end, the road between Lote and Hennebygda was opened in 1980. Finally, in 2001, after strong local pressure, the county decided to build the last remaining stretch between Hopland and Hennebygda. It was opened in 2005 and the whole road between Faleide and Lote was finished at long last.

The road is called Panoramavegen (The Panorama Road) because of the many great view points. At this cache, by the western end of the Blakset tunnels, there's a great view of Blakset to the south, Innvik to the southeast and towards Faleide and Rake/Lote to the east.

In May 2019 the construction of a new modern 1190 meter long, 2 lane tunnel was started. It will replace the 2 old tunnels, and will be finished sometime in mid winter 2021.

The cache is a plastic tube with a log, pencil and pencil sharpener. There is not room for much more than that.

Sit down at the picnic table, have a cookie and enjoy the view!

Additional Hints (Decrypt)

ng sbbg yriry

Decryption Key

A|B|C|D|E|F|G|H|I|J|K|L|M
-------------------------
N|O|P|Q|R|S|T|U|V|W|X|Y|Z

(letter above equals below, and vice versa)