Skip to content

Glomfoss sag og høvleri Traditional Cache

Hidden : 5/18/2014
Difficulty:
1.5 out of 5
Terrain:
1.5 out of 5

Size: Size:   small (small)

Join now to view geocache location details. It's free!

Watch

How Geocaching Works

Please note Use of geocaching.com services is subject to the terms and conditions in our disclaimer.

Geocache Description:

Øynuten rundt:

Denne ruta følger bygdeveger og stier i kulturlandskap og åpen skog. Under store deler av turen ser en vann og elv, og er en heldig kan en se bever.


Oppstarting og drift

I Kilegrend vart det i lang tid attende arbeidd med fleire dammar og nokre mindre sagbruk, men så kom det planar om eit større sagbruk ved Glomfoss, og i 1908 stod det ferdig. Eigarar i 1913 var Tjostolv Kiland, Helge Kiland, Ketil Sundslid, T. K. Kiland og Ketil J. Kiland. Det blei skipa eit aksjeselskap 10. august 1919 av skogeigarar. Aksjebreva er i 1919 underskrive av Nils Lotsberg, Ketil Kiland og Ketil Sundsli, Nils Lotsberg var forretningsførar for bruket. Av aksjebrev ser ein at det fyrst var tenkt på namnet Øyfoss på grunn av lokaliseringa på Øyne, men det er eit anna sagbruk med dette namnet og difor vart namnet Glomfoss.

Det var naturleg at det vart sett opp ved Glomfoss då dette er i enden av Fyresvatn. Ei større øy, Øyne, gjer at det er to utløp, kvar med sin dam, Rusdammen og Glomsdammen.Bruket skaffa arbeid for ein god del folk og det var ikkje berre Fyresdal som fekk materialar frå Glomfoss. Det vart til og med sendt materialar til Nissedal og heilt ned til Seljord.

På Fyresvatn vart dampbåten D/S Fyresdal nytta til å slepe tømmeret utover til Kilegrend. Tømmeret vart samla i ringar/sopper og ein nytta seg helst og av medvind.

1914 vart det laga ny dam ved Glom og det vart skote ut ein tunnel slik at det vart lettare å regulere utsleppet av vatn frå Fyresvatn. Glomfoss er det austre/venstre utløpet frå vatnet. På bilete ser vi at det tømmeret som skal til Glomfoss Bruk vert leida mot dette ved hjelp av ein bom. Der er eit basseng inntil huset som tek mot tømmeret som så vert frakta inn i sagbruket på noko som likna ein kjerrat. Dette bassenget fungerar og som inntak til turbinen, turbin - huset ser vi på utsida av huset.

Sjølve huset er i to høgder. Oppe er det ein større panelhøvel med mange profilar. Vidare er der ein stor sagbenk og fleire mindre sager og anna som høyrer med i denne samanhengen. Frå denne høgda vart materialane køyrd ut ved hjelp av ein skinnegang og lagra i skur nedstraums mot Drang i høve til bygningen. I underetasjen er der ei rekke innretningar som må til for å drive innretningane oppe, mellom anna ei meng med akslingar og drivreimar i alle retningar. Der er og ein større slipestein.

Når så materialane skulle bringast vidare, vart dei transportera på skinnegang til ei brygge med bolverk ovanfor dammen, denne ser vi tydeleg på eit foto. Frå denne brygga vart materialane frakta på ein lekter over sundet til austsida der det var veg. Her hadde Glomfoss Bruk ei tomt med lagerskur. Vidare transport vart då med hest eller båt avhengig av kor ein skulle, seinare med bil.

 

 

Då Fyresdal Bygdemuseum tok over Glomfoss Bruk, var lagerbygningane nedanfor sjølve bygningen fjerna, men mykje av skinnegangen er intakt. Over dammen går det ein veg til den delen av området som ligg på vestsida. Skinnegangen opp til brygga gjekk under denne vegen og då den i seinare tid vart utbetra vart aktuell tunnel mura igjen og skinnegangen fjerna. Brygga er framleis på plass. I samband med overdraginga til Fyresdal Bygdemuseum vart tomta med lagerskur på austsida sundet overdrege til naboeigedomen der.

Då museet tok over, var det mykje entusiasme lokalt og generelt, bygningen vart mykje utbetra og det vart gjort ei grundig opprydding ute og inne. Det har vore gjort fleire framstøyt for å på ein eller annan måte få aktivisera det unike anlegget, men førebels har ein ikkje kome lengre med det. I det konsolidera Vest-Telemark Museum er dette ein heilt perifer utkant og er heilt avhengig av lokalt engasjement. Museumsflagget vaiar over anlegget, men førebels ligg det der avventande på at nokon finn vegen vidare. Det har vore mange tankar, mellom anna har Fyresdal rikeleg med anlegg frå perioden det var fløyting og ein har fløytingsbåten Teisner som kan restaurerast, men då er det mange ting som må klaffe. Anlegget er godt vedlikehalde så ein har noko tid på seg, men det fortener aktivitet.

Additional Hints (Decrypt)

Onx zhera irq vaatnatra gvy fntoehxrg

Decryption Key

A|B|C|D|E|F|G|H|I|J|K|L|M
-------------------------
N|O|P|Q|R|S|T|U|V|W|X|Y|Z

(letter above equals below, and vice versa)