Norsk
Fauskevarden er eit fjell i Førde kommune på 853 moh. Fjellet ligg vest for Førde sentrum og i det same området som Fureviksnipa og Skinnbroka. Fauskevarden er det tredje fjellet på Sjufjellsturen i Førde.
Den vanlegaste vegen på Fauskevarden startar i Vasslia på fv. 609 (punkt T1). Derifrå går det grusveg innover mot Øvrestølsvatnet. Deretter går turen gjennom ope myrterreng med noko plankelegging. Siste del av turen er noko brattare før ein følgjer ryggen vestover opp til Fauskevarden. Denne ruta er om lag 2,7 kilometer lang kvar veg. Vil ein ha med seg Skinnbroka også, ligg denne berre 600 meter unna.
Vil ein ha ein lengre tur, kan ein til dømes plukke med seg dei fire fyrste fjella på Sjufjellsturen, altså Fureviksnipa, Skinnbroka, Fauskevarden og Halbrendsnipa. På dette biletet kan ein sjå ruta.
English
Fauskevarden is a mountain in the municipality of Førde at 853 m. The mountain is located west of the centre of Førde and in the same area as Fureviksnipa and Skinnbroka. Fauskevarden is the third mountain of the Seven Mountains Hike of Førde.
The most common route Fauskevarden starts from Vasslia on County Road 609 (point T1). From there, the trail is a gravel road that goes towards the small lake Øvrestølsvatnet. Next, the trail goes through open and marshy terrain with some plank installations. The last part of the trail is somewhat steeper before one starts following the mountain ridge westwards up to Fauskevarden. This route is about 2.7 kilometres (17 miles) long each way. If one would like to go to Skinnbroka as well, it is only a short 600 meters or so away.
If one is looking for a longer hike, one can for example take the route that is used for the first four mountains on the Seven Mountains Hike, i.e. Fureviksnipa, Skinnbroka, Fauskevarden and Halbrendsnipa. In this picture, one can see the route.