Skip to content

Hamre stasjon - Osbanen Traditional Cache

Hidden : 7/16/2014
Difficulty:
1.5 out of 5
Terrain:
2 out of 5

Size: Size:   small (small)

Join now to view geocache location details. It's free!

Watch

How Geocaching Works

Please note Use of geocaching.com services is subject to the terms and conditions in our disclaimer.

Geocache Description:

Hamre stasjon

Hamre var stasjon med eigen stasjonsekspeditør fram til årsskiftet 1902/03, seinare var Hamre berre ein stoppestad. Nordgåande tog fylte vatn på Hamre.

Avstand frå Nesttun: 9,87 km
Høgd over havet: 54,0 m

På Hamre vart det til opninga av Osbanen i 1894 sett opp ei billettbu av same typen som på Skjold, Fana, Søfteland og Kuven. Hamre hadde status som stasjon, og banevaktar Olaf Fredriksen var den første som hadde funksjonen som stasjonsekspeditør her. Han budde i klokkargarden like ved, og hadde kort veg bort til stasjonen. Fredriksen stod inne i den vesle billettbua når han selde billettar til dei reisande.



Over: Hamre stasjon med billettbua fotografert ca. 1898. Fotografen stod aust for stasjonen, altså med ryggen mot Kalandsvatnet. Klokkarvatnet kan skimtast bak til venstre. Legg merke til vasstårnet bak til høgre. Mannen med flagg er banevaktar og stasjonsekspeditør Olaf Fredriksen. På benken sit dotter hans, Magda (f. 1896). Foto: N. N. Sontum.

Dei små stasjonsbygningane vart ofte kommenterte. Ole Wilhelm Fasting omtala dei som "fyrstikkedaaser" i si bok "Solstrand" frå 1905. Ein svensk lokomotivførar gjorde ei svært kort tid teneste på Osbanen. Han fekk ein gong kjeft for å ikkje ha stoppa toget på alle stasjonane. Svensken gjorde honnør og svara stasjonsmeisteren på Os: "- Ursäckta, hr. stationsmästare, men hur tusan skulle jag kunne veta at varje enda lite sjethus långs linjen vore en station?

Dei første åra sleit Osbanen med trong økonomi, og på grunn av innsparingar vart ekspedisjonen på Kuven og Hamre stasjonar avvikla frå og med 1. januar 1903. Frå då av var Hamre å rekna som ein stoppestad, ikkje stasjon. I 1912 vart billettbua erstatta med eit venteskur for dei reisande.

Bergens Meieribolag bygde hus for innmåling av mjølk på Hamre stoppestad i 1919. Huset vart bygt over ein kum i elva, like ved sida av jernbanebrua, på austsida av brua og sørsida av sporet. Vatn sirkulerte gjennom kummen, og mjølkespanna kunna firast ned for avkjøling. Før Osbanen kom hadde bøndene køyrt mjølk med hest og vogn til byen eit par gonger i veka, men jernbanen gjorde det mogeleg å få fram fersk mjølk til byen dagleg. Eit mjølkelag for Hamre-grenda vart stifta med seks medlemer i 1914. Mjølkelaga tilførde Osbanen gode inntekter på transport av mjølk. Resultate av at fersk mjølk kunne sendast til byen kvar dag vart ofte at bøndene oppnådde betre prisar for mjølka. På innmålingsstasjonen vart mjølka tømt over i 50 litersspann. På det meste var det 12 bønder som var med i mjølkelaget på Hamre, og det vart i 1916 sendt 88.000 liter mjølk med Osbanen frå Hamre. Utover i 1920-åra nytta stadig fleire bilar til mjølketransporten, og frå 1930 var det slutt for mjølkestasjonen på Hamre. Det vart frå 1914 til 1929 sendt 784.433 liter mjølk frå Hamre. Bøndene i grenda fekk betalt totalt 228.438 kroner for mjølka.

I 1898 vart det bygt eit 60 meter langt sidespor. Sporet var ikkje gjennomgåande. To tog kunne likevel møtast på Hamre, noko rutetabellane fortel at dei faktisk gjorde. Kryssing av tog skjedde då ved at toget som kom frå Os køyrde inn på sidesporet medan toget frå Nesttun passerte på hovudsporet. Deretter måtte toget frå Os bakka ut på hovudsporet att, for så å kunna halda fram på ferda vidare framover mot Nesttun.

Hausten 1894 vart det sett opp eit vasstårn på Hamre, slik at damplokomotiva kunna fylla vatn her. Tårnet er godt synleg på fotoet ovanfor. Vasstårnet vart fylt ved hjelp av ei pumpe driven med handamakt, og pumparen fekk 50 øre dagen. Vasstårnet var dyrt i drift, og allereie før førre århundreskiftet var det ute av bruk og rive. Det var truleg dette tårnet Ole Wilhelm Fasting tenkte på då han i boka Solstrand i 1905 skreiv at «Det skal gaa et sagn om, at der engang har fandtes en vandkaraffel ved en af stationerne. Jeg skulde dog neppe tro, at der liggger nogen historisk kjendsgjerning bag sagnet.« Seinare var Hamre igjen fast påfyllingsstasjon for vatn. Lokomotiva stod på brua og fylte vatn som vart sugd opp gjennom ein slange frå elva ved hjelp av ejektorar som lokomotiva var forsynte med.

I dag finst det ingen restar av bygningane på Hamre. Den gamle stasjonstomta var i mange år snuplass for bussane. Jernbanebrua ligg her framleis, men er forsterka. Langsmed den opphavlege brua er det på 1960-talet støypt ei ny bru som den kommunale hovudvassleidningen er lagt gjennom.


Eit langt tog har stoppa på Hamre, og passasjerane nyttar høvet til å strekkja på beina. Ukjend fotograf / foto i Osbanens Venner fotosamling.


Osbanen

Nesttun-Osbanen var ein smalspora jernbane bygt for hovudsakeleg privat kapital og driven som eit aksjeselskap der private interesser hadde majoriteten. Osbanen var den einaste norske jernbanen for eit offentleg føremål som var bygt etter privat initiativ. Banen var bygt på rimelegaste måten, med smalt spor, smal trase, lett overbygging, spinkle skjener, mange og krappe kurver og små og lette lokomotiv og vogner.

Banen var prosjektert og bygt for 600 mm sporvidde, men i anleggsperioden endra til 750 mm sporvidde utan endringar i underbygging eller profil. Ingen annan norsk jernbane har vore bygt for så smalt spor. Difor vart Osbanen den minste offentlege jernbanen i Noreg.

Osbanen hadde minste akseltrykk (3,2 tonn) for ein norsk jernbane, minste kurveradius (50 meter), og dei spinklaste skjenene (9 kg/m). Banen vert hugsa for dei mange og krappe kurvene. Største tilletne toppfart var 25 km/t.

Osbanen starta på Nesttun stasjon på Vossebanen. Dei andre stasjonane og stoppestadene var Skjold, Rådal, Stend, Solbakken (frå 1927), Fana, Hamre, Kismul (frå 1895), Kalandseid, Søfteland, Ulven, Kuven, og så Osøyro, som var banen sin hovudstasjon, med kontor, vognhall, lokomotivstall og verkstad.

Banen fekk i 1893 levert to lokomotiv av typen Mallet, ”Bjørnen” og ”Ulven”, pluss eit mindre, 9-tonns lokomotiv som dei kalla ”Rotten”. I 1895 fekk banen ytterlegare eitt Mallet-lokomotiv, heitande ”Os”. Mallet-lokomotiv var ledda lokomotiv med to rammer, spesialkonstruerte for små og lette jernbanar med krappe kurver. Osbanen var den einaste banen i Noreg som nytta slike lokomotiv. Eit nytt og mykje større lokomotiv, ”Baldwin”, vart levert frå Philadelphia i 1917, men var for tungt og stivt for banen, og vart difor nytta så lite som mogeleg. Elles hadde banen femten personvogner og like mange godsvogner.

Trass i at Osbanen var eit vesleputt-tog og eit ynda objekt for samtida sine vitsemakarar, gjorde banen stor nytte for seg i dei 41 åra han eksisterte. Meir enn 4,4 millionar passasjerar reiste med Osbanen. I tillegg frakta han 41.065 tonn ilgods, 122.797 tonn fraktgods og ca. 10.000 husdyr. I toppåret 1917/18 hadde banen 222.000 reisande. Osbanen var både den norske privatbanen og sidebanen med størst passasjertal. Historikarar har tillagt Osbanen mykje av æra for framveksten av strandstaden Osøyro (Osøren) som eit større sentrum ved Bjørnefjorden.


Fottur eller sykkeltur på Osbanetraseen

Du er hermed invitert til å utforska traseen etter denne unike strekninga i norsk jernbanehistorie. Den beste måten å følgja Osbanen på er med sykkel eller til fots. Difor er det lagt opp til eit større tal geocachar langs banen. På denne måten skal ein sykkel- eller fottur kunna verta spennande for heile familien. Turen kan sjølvsagt delast opp i fleire etappar. I dag kan du gå eller sykla samanhengjande på Osbanen frå Nesttun til Kalandseid. Sørover frå Kalandseid til Røykenes ligg banen brakk, meir eller mindre som ein dårleg vedlikehalden gardsveg, og to stader er det oppført bygningar i traseen. Frå kommunegrensa og eit stykkje sørover kan du igjen følgja traseen, nesten til Søfteland. Forbi Søfteland er traseen delvis borte, delvis lokalveg. Mellom Bergstø og Hetlefloten ligg banen som ein fin, grusa turveg. Så har E39 slukt banen mellom Hetleflotsvingen og Ulven stasjon. Den siste strekninga frå Ulven til Os ligg det gang- og sykkelveg på banetraseen.

Feire opplysningar om sykkelturen langs Osbanen og lenker til nokre ressursar finst her:

Osbanens Venner og Stend stasjon
Nesttun-Osbanen AS, eigar av Rådal stasjon
Terje Melheim sine sider om sykkeltur på Osbanen



Det vesle toget til Os. Teikning: Sverre Mo.


Additional Hints (Decrypt)

Onx zvaqer fgrva v oehxnerg.

Decryption Key

A|B|C|D|E|F|G|H|I|J|K|L|M
-------------------------
N|O|P|Q|R|S|T|U|V|W|X|Y|Z

(letter above equals below, and vice versa)