Traseen rundt Apeltunvatnet er eit solid vitne om den særmerkte Osbanen. Minste kurveradius på Osbanen var 50 meter. Ingen annan norsk jernbane hadde så krappe kurver. Osbanen hadde fem kurver med radius 50 meter, og heile tre av desse kurvene ligg på ei kortare strekning ved Apeltunvatnet. Sjølv om banetraseen er godt utvida i det som no er Krohnåsvegen, er linjeføringa uforandra og dei krappaste kurvene, som kanskje det fremste eksponent for Osbanen sitt særpreg, er godt synlege. Over Apeltunfyllinga og sørover inn til enden av vatnet er banen sitt profil intakt.
Osbanen gjekk med fall, delvis med maksimalt fall på 20 promille, frå den store fyllinga og vidare sørover inn til enden av Apeltunvatnet, for så å gå gjennom ei 50 meter-kurve og deretter stiga oppover att med maksimal stigning 20 promille, for så å skifta retning endå ein gong i ei 50 meter-kurve. For å få minst mogeleg av fyllingar og skjeringar skulle Osbanen følgja terrenget. Det gjorde at banen vart rimelegare å byggja, men førde på den andre sida til auka driftskostnader. Sjå kart lenger nede på denne sida.
Kurvene ved Apeltunvatnet er kommentert i Bergens Tidende 02.07.1894: "Men fra Skjold kom der mere Fart paa Tingen, Folk begynte at føle sig mere hjemme og se sig om. Og her havde man strax en af Banens største Ejendommeligheder, de skarpe Kurver ved Apeltunvandet, en af dem med bare 50 Meters Radius. Men rolig og stødt bugtede Toget sig som en Slange i de særeste Bugtninger.”
På fotoet under er ein banevaktar på dresin på veg nordover mot Nesttun. Fotoet er teke av N. N. Sontum, ingeniøren som var kontraktør for bygginga av Osbanen. Han tok i 1890-åra ei rekkje foto for å dokumentera arbeidet sitt. Tunet i bakgrunnen på fotoet er gamletunet (bnr. 1) på Apeltun. Stovehuset i framgrunnen er frå 1800 og kårhuset bak frå 1897. Apeltun var opphavleg støl for garden Skjold, og heitte då Sætre. Difor heiter vegen opp dit Sætervegen. Same slekta har budd på garden sidan han vart rydda i 1680. Heile Apeltun-garden er no regulert til bustadområde og store delar er allereie bygt ut.


På fotoet ovanfor ser me idyll ved banetraseen på det som i dag er Bjørnevegen eit lite stykke lenger nord. Apeltunvatnet er synleg i bakgrunnen. Legg merke til at det berre var skog og myrer på flatene på vestsida av Apeltunvatnet, området der Lagunen ligg i dag. Personane til høgre på fotet var truleg byfolk som ferierte i Fana. Områda sørover i Fana og Os vart i Osbanen si tid rekna som idylliske og attraktive ferieområde for bergensarane. Landliggjarar var det difor mange av rundt århundreskiftet. Landliggjarar var byfolk som tok over ein del av eller heile huset på garden i sommarmånadene, medan gardsfolket flytta i kjeller eller uthus. Det var eit alternativ for dei som ikke hadde råd til å leiga seg inn på hotell for lenge periodar. Bøndene hadde på si side interesse av ekstrainntektene dei fekk frå landliggjarane. Mange bergensfamiliar hadde sine faste tilhaldsstader i Os og Fana som dei reiste attende til kvar einaste sommar. Då Osbanen opna, auka landliggjartrafikken vesentleg. Den store trafikken av ferierande var på si side ei viktig årsak til at Osbanen vart verande ein bane hovudsakeleg for passasjertrafikk, stikk motsett av kva som var normalt for norske jernbanar. Fotograf ukjend. Foto i Osbanens Venner si fotosamling.

Osbanen
Nesttun-Osbanen var ein smalspora jernbane bygt for hovudsakeleg privat kapital og driven som eit aksjeselskap der private interesser hadde majoriteten. Osbanen var den einaste norske jernbanen for eit offentleg føremål som var bygt etter privat initiativ. Banen var bygt på rimelegaste måten, med smalt spor, smal trase, lett overbygging, spinkle skjener, mange og krappe kurver og små og lette lokomotiv og vogner.
Banen var prosjektert og bygt for 600 mm sporvidde, men i anleggsperioden endra til 750 mm sporvidde utan endringar i underbygging eller profil. Ingen annan norsk jernbane har vore bygt for så smalt spor. Difor vart Osbanen den minste offentlege jernbanen i Noreg.
Osbanen hadde minste akseltrykk (3,2 tonn) for ein norsk jernbane, minste kurveradius (50 meter), og dei spinklaste skjenene (9 kg/m). Banen vert hugsa for dei mange og krappe kurvene. Største tilletne toppfart var 25 km/t.
Osbanen starta på Nesttun stasjon på Vossebanen. Dei andre stasjonane og stoppestadene var Skjold, Rådal, Stend, Solbakken (frå 1927), Fana, Hamre, Kismul (frå 1895), Kalandseid, Søfteland, Ulven, Kuven, og så Osøyro, som var banen sin hovudstasjon, med kontor, vognhall, lokomotivstall og verkstad.
Banen fekk i 1893 levert to lokomotiv av typen Mallet, ”Bjørnen” og ”Ulven”, pluss eit mindre, 9-tonns lokomotiv som dei kalla ”Rotten”. I 1895 fekk banen ytterlegare eitt Mallet-lokomotiv, heitande ”Os”. Mallet-lokomotiv var ledda lokomotiv med to rammer, spesialkonstruerte for små og lette jernbanar med krappe kurver. Osbanen var den einaste banen i Noreg som nytta slike lokomotiv. Eit nytt og mykje større lokomotiv, ”Baldwin”, vart levert frå Philadelphia i 1917, men var for tungt og stivt for banen, og vart difor nytta så lite som mogeleg. Elles hadde banen femten personvogner og like mange godsvogner.
Trass i at Osbanen var eit vesleputt-tog og eit ynda objekt for samtida sine vitsemakarar, gjorde banen stor nytte for seg i dei 41 åra han eksisterte. Meir enn 4,4 millionar passasjerar reiste med Osbanen. I tillegg frakta han 41.065 tonn ilgods, 122.797 tonn fraktgods og ca. 10.000 husdyr. I toppåret 1917/18 hadde banen 222.000 reisande. Osbanen var både den norske privatbanen og sidebanen med størst passasjertal. Historikarar har tillagt Osbanen mykje av æra for framveksten av strandstaden Osøyro (Osøren) som eit større sentrum ved Bjørnefjorden.
Fottur eller sykkeltur på Osbanetraseen
Du er hermed invitert til å utforska traseen etter denne unike strekninga i norsk jernbanehistorie. Den beste måten å følgja Osbanen på er med sykkel eller til fots. Difor er det lagt opp til eit større tal geocachar langs banen. På denne måten skal ein sykkel- eller fottur kunna verta spennande for heile familien. Turen kan sjølvsagt delast opp i fleire etappar. I dag kan du gå eller sykla samanhengjande på Osbanen frå Nesttun til Kalandseid. Sørover frå Kalandseid til Røykenes ligg banen brakk, meir eller mindre som ein dårleg vedlikehalden gardsveg, og to stader er det oppført bygningar i traseen. Frå kommunegrensa og eit stykkje sørover kan du igjen følgja traseen, nesten til Søfteland. Forbi Søfteland er traseen delvis borte, delvis lokalveg. Mellom Bergstø og Hetlefloten ligg banen som ein fin, grusa turveg. Så har E39 slukt banen mellom Hetleflotsvingen og Ulven stasjon. Den siste strekninga frå Ulven til Os ligg det gang- og sykkelveg på banetraseen.
Feire opplysningar om sykkelturen langs Osbanen og lenker til nokre ressursar finst her:
Osbanens Venner og Stend stasjon
Nesttun-Osbanen AS, eigar av Rådal stasjon
Terje Melheim sine sider om sykkeltur på Osbanen

Det vesle toget til Os. Teikning: Sverre Mo.