Det har for oss blitt ein fin tradisjon å delta på denne adventcachingen, og vi gler oss masse kvart år. I år er ingen unntak.
Nytt i år er at minstemann i familien har fått sitt eget nick, ho heiter LILLESØSTER. Ho har blitt ein ivrig skattejeger, og er ikkje vanskelig å be når det er snakk om cachetur. Det går ikkje alltid så fort med ein 3 åring på slep, og det kan av og til være veldig irriterende for andre meir drevne medlemmer i familien. Men å sjå kor ivrig og glad ho blir når ho får øye på ein boks ute i naturen, øynene hennar som lyser opp og iveren i det ho åpner boksen, ja det er heilt ubeskrivelig. Det er nettopp det som gjer geocaching til ein så kjekt aktivitet, og uansett om ein er 3 eller 90 år, så kan ein være med. Det å kunne gjere noko sammen med venner eller familie, er veldig verdifullt.
Akkurat det handler også jula om. Om å ta seg tid til å være sammen, ta seg tid til å lytte til kvarandre, sjå kvarandre, hjelpe kvarandre, ja rett og slett å være der for kvarandre. Være ein god venn. Det gjer absolutt ingenting om det ikkje er vaska i alle krinkar og kroker til jul, eller om det ikkje er baka 7 sorter julekaker. Jula kjem alikevel.....
Dei fleste av oss har altfor liten tid, iallefall no rett før jul. Vi skal nå over ALT, så vi stresser rundt og ender totalt utslitt på sofaen om kvelden. Men det sitter også noen rundt om i dei 1000 hjem, som har masse av tid. Dei sitter ofte aleine, og er kanskje enda meir aleine no i adventstida enn ellers i året. For i desember har vi andre det enda meir travelt og vi har gjerne liten tid til å gå på besøk. Vi har så masse vi gjerne vil rekke over. Mange gamle mennesker, enslige og andre som kanskje ikkje har så mange rundt seg, kan føle at advent og juletida er vanskelig. Kanskje vi kan tenke litt på det no når vi går inn i advent tida for fullt?
Fam. Alg og Lillesøster ønsker alle geocachere ein riktig god jul. Husk å sett av nok tid til sosialt samvær med familie og venner i jula. Vi gler oss til mange sosiale geocachetreff framover i adventstida.
Cacheboksen:
Dette er ein klikk-opp boks som på publiseringsdagen inneholdt sjokolade, små julegaver og litt bytteting. Loggbok og blyant.
Det er ca 150 meter å gå frå anbefalt parkering til cachen. Det er veilys, så den skal være mulig å besøke cachen selv etter mørkets frambrudd.