Skip to content

Kalandseid stasjon - Osbanen Multi-Cache

Hidden : 2/28/2015
Difficulty:
2.5 out of 5
Terrain:
2 out of 5

Size: Size:   small (small)

Join now to view geocache location details. It's free!

Watch

How Geocaching Works

Please note Use of geocaching.com services is subject to the terms and conditions in our disclaimer.

Geocache Description:

Kalandseid stasjon

Kalandseid stasjon var høgste punktet på Osbanen, 75,5 meter over havet. Stasjonen var særprega ved at han låg midt i ei 100 meter lang kurve med berre 50 meter radius. Litt utanfor sjølve stasjonstomta skal du finna eit bortgøymt kulturminne med ei heller illeluktande soge.

Avstand frå Nesttun: 15,10 km
Høgd over havet: 75,5 m

Kalandseid vart plassert midt i ei lang kurve med radius 50 meter. Grunnen for dette var at stasjonen ikkje kunne plasserast lenger mot sør, då stigninga på sporet der ville ha vorte for sterk. Det vart heller ikkje sett som mogeleg å plassera stasjonen nærare Kismul, då det i så fall hadde vorte naudsynt å utføra store planeringsarbeid, i tillegg til at det ville vore naudsynt å byggja ei lengre vegstrekning fram til stasjonen. Det alternativet vart dermed for dyrt. Stasjonen vart difor i staden lagt ved den krappe kurva. Der var det både flatt terreng og god veg.



Over: Kalandseid stasjon sett frå sør i 1907. Hovudsporet frå Os mot Nesttun svingar av mot venstre. Stasjonsbygningen vender ut mot sidesporet, men legg merke til at det er bygt ny plattform ut mot kurva på hovudsporet. I midten bak står baneformann Johan J. Espetvedt. På dresinen til høgre sit son hans, banevaktar Hjalmar Espetvedt. På dresinen til venstre sit Jon O. Søfteland. Ukjent fotograf, gamalt postkort.

Det har vorte fortalt at stasjonsbygningen ikkje kunne plasserast ut mot hovudsporet, då ein var redd for at toget ikkje ville klara å koma i gang att etter å ha stoppa, på grunn av kurvemotstanden. Difor vart stasjonsbygningen og plattforma vendt ut mot buttsporet. Dei første åra skal alle toga ha køyrt ned i buttsporet for å ta med og setja av reisande. Deretter bakka toga ut på hovudsporet. Toga tok så fart før dei køyrde gjennom kurva. Denne tungvinte ordninga skal ha teke slutt ein gong sporvekselen ved eit mistak låg slik at toget stansa midt i kurva. Lettare overraska oppdaga personalet at det ikkje baud på problem å få toget i gang att! Frå då av stoppa alltid toga på hovudsporet, og det vart bygt ny plattform ut mot kurva. Sidesporet vart for det meste nytta av Fane Gjødselkompagni.

Den opphavlege stasjonsbygningen på Kalandseid var ein banevaktarbustad med ekspedisjon og venterom lik stasjonsbygningane som vart oppført på Rådal, Stend og Ulven. I 1908 vart stasjonsbygningen flytta til Fana stasjon. Samstundes vart ble det på Kalandseid bygd eit nytt ekspedisjonshus på ein etasje. Baneformann og ekspeditør Johan Espetvedt hadde hatt fri bustad som ein del av løna si. Etter at vaktarbustaden var flytta til Fana var ikkje det lenger mogeleg, og så lenge Johan Espetvedt var i teneste som baneformann fekk han utbetalt husgodtgjersle i tillegg til løna. Espetvedt hadde sitt eige bustadhus å bu i. Det låg like på sida av stasjonstomta, og Espetvedt hadde flytta huset med seg frå Frekhaug, der han kom frå.

Det nye ekspedisjonshuset låg midtvegs i kurva, vendt ut mot sporet. Huset inneheldt billettkontor, venterom og godshus i flukt. Godshuset låg i den enden av huset som låg nærast Nesttun. Meierihus og ishus låg ved enden av kurva, ved vestre utkøyringa frå stasjonen. Bergens Meieribolag sette opp desse to bygningane i 1916, for innmålingsstasjonen for mjølk som var etablert på Kalandseid. Bøndene fekk med Osbanen senda fersk mjølk til byen kvar dag. Hjalmar Espetvedt hadde butikk og postopneri i eit eige hus ved sida av bustadhuset. Han hadde dessutan eit lite vareskur ståande på jernbanetomta. Vareskuret låg inntil sidesporet, om lag der Osbanen sitt godshus tidlegare hadde stått, og var truleg identisk med dette.


Sporplan ca. år 1900.
1) Vaktarbustad / stasjonsbygning
2) Vedskur
3) WC
4) Godshus
5) Lasterampe / opplagstomt for møkk
6) Opplagstomt for boss

I dag finst det få spor att etter Osbanen på Kalandseid. Stasjonstomta er ein stor grusa plass. Midt på plassen står vareskuret til Espetvedt. Dette skuret er truleg identisk med Osbanen sitt opphavlege godshus. Like på austsida av stasjonstomta ligg framleis både bustadhuset og den tidlegare butikken til Espetvedt. Jernbanespora er vekke, det same er ekspedisjonshuset og meireribygningane.


Kalandseid stasjon nokre år etter at Osbanen var lagt ned. Vareskuret til Espetvedt står att midt på tomta. Til høgre ser me bustadhuset og butikken til Espetvedt. Foto: K. Nordahl.

Osbanen

Nesttun-Osbanen var ein smalspora jernbane bygt for hovudsakeleg privat kapital og driven som eit aksjeselskap der private interesser hadde majoriteten. Osbanen var den einaste norske jernbanen for eit offentleg føremål som var bygt etter privat initiativ. Banen var bygt på rimelegaste måten, med smalt spor, smal trase, lett overbygging, spinkle skjener, mange og krappe kurver og små og lette lokomotiv og vogner.

Banen var prosjektert og bygt for 600 mm sporvidde, men i anleggsperioden endra til 750 mm sporvidde utan endringar i underbygging eller profil. Ingen annan norsk jernbane har vore bygt for så smalt spor. Difor vart Osbanen den minste offentlege jernbanen i Noreg.

Osbanen hadde minste akseltrykk (3,2 tonn) for ein norsk jernbane, minste kurveradius (50 meter), og dei spinklaste skjenene (9 kg/m). Banen vert hugsa for dei mange og krappe kurvene. Største tilletne toppfart var 25 km/t.

Osbanen starta på Nesttun stasjon på Vossebanen. Dei andre stasjonane og stoppestadene var Skjold, Rådal, Stend, Solbakken (frå 1927), Fana, Hamre, Kismul (frå 1895), Kalandseid, Søfteland, Ulven, Kuven, og så Osøyro, som var banen sin hovudstasjon, med kontor, vognhall, lokomotivstall og verkstad.

Banen fekk i 1893 levert to lokomotiv av typen Mallet, ”Bjørnen” og ”Ulven”, pluss eit mindre, 9-tonns lokomotiv som dei kalla ”Rotten”. I 1895 fekk banen ytterlegare eitt Mallet-lokomotiv, heitande ”Os”. Mallet-lokomotiv var ledda lokomotiv med to rammer, spesialkonstruerte for små og lette jernbanar med krappe kurver. Osbanen var den einaste banen i Noreg som nytta slike lokomotiv. Eit nytt og mykje større lokomotiv, ”Baldwin”, vart levert frå Philadelphia i 1917, men var for tungt og stivt for banen, og vart difor nytta så lite som mogeleg. Elles hadde banen femten personvogner og like mange godsvogner.

Trass i at Osbanen var eit vesleputt-tog og eit ynda objekt for samtida sine vitsemakarar, gjorde banen stor nytte for seg i dei 41 åra han eksisterte. Meir enn 4,4 millionar passasjerar reiste med Osbanen. I tillegg frakta han 41.065 tonn ilgods, 122.797 tonn fraktgods og ca. 10.000 husdyr. I toppåret 1917/18 hadde banen 222.000 reisande. Osbanen var både den norske privatbanen og sidebanen med størst passasjertal. Historikarar har tillagt Osbanen mykje av æra for framveksten av strandstaden Osøyro (Osøren) som eit større sentrum ved Bjørnefjorden.


Fottur eller sykkeltur på Osbanetraseen

Du er hermed invitert til å utforska traseen etter denne unike strekninga i norsk jernbanehistorie. Den beste måten å følgja Osbanen på er med sykkel eller til fots. Difor er det lagt opp til eit større tal geocachar langs banen. På denne måten skal ein sykkel- eller fottur kunna verta spennande for heile familien. Turen kan sjølvsagt delast opp i fleire etappar. I dag kan du gå eller sykla samanhengjande på Osbanen frå Nesttun til Kalandseid. Sørover frå Kalandseid til Røykenes ligg banen brakk, meir eller mindre som ein dårleg vedlikehalden gardsveg, og to stader er det oppført bygningar i traseen. Frå kommunegrensa og eit stykkje sørover kan du igjen følgja traseen, nesten til Søfteland. Forbi Søfteland er traseen delvis borte, delvis lokalveg. Mellom Bergstø og Hetlefloten ligg banen som ein fin, grusa turveg. Så har E39 slukt banen mellom Hetleflotsvingen og Ulven stasjon. Den siste strekninga frå Ulven til Os ligg det gang- og sykkelveg på banetraseen.

Feire opplysningar om sykkelturen langs Osbanen og lenker til nokre ressursar finst her:

Osbanens Venner og Stend stasjon
Nesttun-Osbanen AS, eigar av Rådal stasjon
Terje Melheim sine sider om sykkeltur på Osbanen



Det vesle toget til Os. Teikning: Sverre Mo.

Cachen? Å, den ligg ved banetraseen litt utanfor stasjonsområdet med følgjande posisjon:
N 60 A . B (C+22)
E 005 D . E F
der:
A = Tal bord i høgda på dei kvite dørane i vareskuret.
B = Den minste (itererte) tverrsummen av årstalet då stasjonsbygningen vart flytta frå Kalandseid til Fana.
C = Tal år som Osbanen var i drift.
D = Største tilletne fart på Osbanen (km/t)
E = Den minste (itererte) tverrsummen av årstalet då meierihuset vart oppført på Kalandseid.
F = To siste siffer i årstalet då Osbanen sitt største lokomotiv vart levert.

Tips: Alle opplysningar finn du anten på staden eller i cacheskildringa. Du treng ikkje oppsøkja litteratur eller andre nettstader for å koma i mål. :-)



Additional Hints (Decrypt)

Yvxr binasbe yvgra syng fgrva.

Decryption Key

A|B|C|D|E|F|G|H|I|J|K|L|M
-------------------------
N|O|P|Q|R|S|T|U|V|W|X|Y|Z

(letter above equals below, and vice versa)