Skip to content

Gulbygningen på Måno Traditional Cache

Hidden : 3/18/2015
Difficulty:
2 out of 5
Terrain:
1.5 out of 5

Size: Size:   other (other)

Join now to view geocache location details. It's free!

Watch

How Geocaching Works

Please note Use of geocaching.com services is subject to the terms and conditions in our disclaimer.

Geocache Description:

Valdres landbrukskule låg på garden Måno på Leira, og i dag er det berre att den stor gule skulebygningen. Den vart i 2007/-08 overført frå Oppland fylkesskommune til Stiftinga Gulbygningen på Måno. Det er dei som eig og driftar bygningen. Gulbygningen er i dag tilhaldsplass for mellom anna grendelag, idrettslag, husflidslag, og blir også leigd ut som lokale for konfirmasjonar og andre selskap.


I 1950 vedtok fylket at namnet skulle endrast til Valdres jordbruksskule. I 1964 vart Valdres husmorskule bygd på Måno, og året etter Valdres yrkesskule. Siste kullet gjekk ut frå Valdres jordbruksskule i 1969.

Gulbygningen vart avvikla som undervisningsbygg frå 1996/97. I åra etter har bygget blant anna vorte brukt som øvingsbygg for musikalane til Ung i Valdres.

Rundt år 2000 var det på tale å rive det bevaringsverdige bygget, men bygget vart berga av bevaringsvillige krefter i skulemiljøet på Måno og lokalsamfunnet på Leira. For meir informasjon om Leira, Gulbygningen og skuleverksemda på Måno, sjå boka "Leira i Valdres" og meir på www.gulbygningen.com.

Additional Hints (Decrypt)

OLBC

Decryption Key

A|B|C|D|E|F|G|H|I|J|K|L|M
-------------------------
N|O|P|Q|R|S|T|U|V|W|X|Y|Z

(letter above equals below, and vice versa)