Skip to content

Høgeåsen Traditional Cache

Hidden : 9/27/2015
Difficulty:
1.5 out of 5
Terrain:
3 out of 5

Size: Size:   small (small)

Join now to view geocache location details. It's free!

Watch

How Geocaching Works

Please note Use of geocaching.com services is subject to the terms and conditions in our disclaimer.

Geocache Description:

Høgeåsen - ein topp på Fanafjellet

Høgeåsen er ein topp på Fanafjellet. Toppen ligg utanfor dei mest nytta stiane, og er ikkje lett å få auga på frå avstand. Likevel er utsynet frå Høgeåsen nydeleg, både mot Fanafjorden på nordsida og Lysefjorden mot sørvest.

Fanafjellet er eit uoffisielt, men vanleg namn på det skogkledde fjellområdet som ligg sør for Fanabygda og Fanafjorden i Bergen kommune i Hordaland. På Fanafjellet finst det fem toppar:
* Lysskarfjellet ("Linken") (313 m.o.h.)
* Folldalshaugen (300 m.o.h.)
* Høgeåsen (309 m.o.h.)
* Ramberget (300 m.o.h.)
* Fanasåta (284 m.o.h.)

Fanaseter ligg mellom Ramberget og Fanasåta. Fanafjellsvegen går over fjellet frå Fana til Nordvik, og passerer Fanaseter om lag 233 m.o.h.. I gamal tid gjekk ferdslevegen mellom Fana og Nordvik gjennom Lysskaret, eit søkk i terrenget like aust for Lysskarfjellet.


Utsyn frå Høgeåsen mot Lysefjorden, med Austevoll i bakgrunnen.

Til Høgeåsen kan du koma frå to kantar. Den tydelegaste stien finn du dersom du følgjer den merka stien som går frå Fanaseter til Lysskarfjellet. Denne stien er i seinare tid forbetra ved at det er merka, sett opp skilt og bygt fleire bruer over våte parti. Når du nærmar deg Høgeåsen, må du ta av på ein mindre tydeleg og umerka sti, men landskapet her er relativt ope og lett å finna fram i. Sidan stien er utydeleg, har me lagt til fleire waypoints som du kan følgja. Den andre ruta til Høgeåsen går opp frå den nye skogsbilvegen som i 2014 vart bygt frå Fanaseter til Sedalen. Stien - også denne er utydeleg - tek av frå vegen like ovanfor Svarthammaren. Skogsbilvegen er stengd for køyring, men er fin å gå på tur på. Du kan starta anten i Sedalen eller på Fanaseter.


Ei svær steinblokk like aust for toppen på Høgeåsen.


Additional Hints (Decrypt)

AB/RA: Haqre.

Decryption Key

A|B|C|D|E|F|G|H|I|J|K|L|M
-------------------------
N|O|P|Q|R|S|T|U|V|W|X|Y|Z

(letter above equals below, and vice versa)