Skip to content

Prestavarden Traditional Cache

Hidden : 10/13/2015
Difficulty:
2 out of 5
Terrain:
4 out of 5

Size: Size:   small (small)

Join now to view geocache location details. It's free!

Watch

How Geocaching Works

Please note Use of geocaching.com services is subject to the terms and conditions in our disclaimer.

Geocache Description:

Turen frå parkeringsplassen går på god skogsveg opp til Gapahuken og langs Stemmetjødno , og vidare ca. 1 km til kryss med sti til Morkavatnet. Her går ein til venstre ,litt myrlendt og vått opp mot Fuglatjødno. På bru over elvo før tjødna og på høgre sida av hytta , og vidare i fint fjellterreng opp til Prestavarden. Her er ei flott utsikt mot Bømlo i vest og Austevoll og Sotra i nord.


Prestavarden (422 mho) er ei del av Prestastegen (Øvre Økland - Vatnadalen – Klovfjellet - Prestavarden - Sæterbø – Rydland.) 

Namnet kjem etter reformasjonen (1536) høyrde Fitjar til Stord prestegjeld, og Fitjar hadde ikkje eigen prest lenger slik dei hadde tidlegare. Prestane måtte no fara frå prestebustaden på Stord, (fyrst var bustaden på Nedre Ådland, i ein periode var prestebustaden på Kårevik og seinare på Tyse prestegard), og til Fitjar når dei skulle halda gudstjeneste. Noko slitsomt for presten var det nok, slik kommunikasjonane var. Presten tok helst sjøvegen til Fitjar, og bøndene hadde plikt til å skyssa han. Han vart skyssa frå Rommetveit opp Langenuen, med båt, og til Sandvikvåg. Herfrå gjekk han på "Prestevegen" mellom Sandvikvåg og Gloppevågen, og slapp på den måten det verharde Osterneset. Frå Gloppevågen vart presten skyssa i båt vidare inn til Fitjar.

Presten kunne også fara over land mellom dei to kyrkjestadene Fitjar og Ådland. Då kunne han ta opp Vatnadalen og vidare til Sæterbø. Kor mykje denne vegen vart nytta av presten når han skulle fram og tilbake mellom dei to kyrkjestadene, veit vi ikkje. Men vegen over Klovfjellet må ha vore ein heller slitsam veg for å koma til kyrkja, til dømes i dårleg ver med lite sikt eller når det la seg snø, kunne det vera vanskeleg å ta seg fram over fjellet. Kan hende tok presten somme tider ein lettare veg, til dømes omlag den som i dag er merka langs Ravatnet og Budalsvatnet.

Ei medverkande årsak til at Prestastegen har fått namnet sitt og at presten tok nett denne vegen kan vera at gardane Årbø, Liarbø og Sæterbø var prestegods. Dei låg til Fitjar presteembete, etter jordeboka Bjørgvin Kalvskinn (1306 - 1360). Gardane skulle skaffa Fitjar presten hovudparten av levemåten. Her var gode fjellbeite og skog. Etter reformasjonen låg gardane under Stord prestebol. I 1821 kom det lov om at leiglendingane kunne løysa ut bruka sine, og i tidsrommet 1837 - 1876 vart dei omtalte prestebolsbruka innløyste.

Additional Hints (Decrypt)

Haqre fgrva v he/fgrvaeølf, irq ineqra

Decryption Key

A|B|C|D|E|F|G|H|I|J|K|L|M
-------------------------
N|O|P|Q|R|S|T|U|V|W|X|Y|Z

(letter above equals below, and vice versa)