Skip to content

Festtangen Traditional Cache

Hidden : 11/29/2015
Difficulty:
1.5 out of 5
Terrain:
1.5 out of 5

Size: Size:   micro (micro)

Join now to view geocache location details. It's free!

Watch

How Geocaching Works

Please note Use of geocaching.com services is subject to the terms and conditions in our disclaimer.

Geocache Description:

NB: Dette er en palatka og den har ikke blyant/penn og MÅ replasseres med åpningen NED.


Historie og kulturminner

Nyere tid

Dette er ei forkorta / redigert utgåve av ”Historia til grn 302 brn 13 og 51, Ytre Arna”,  forfatta av eigar av bnr. 13 Egil Ytrearne.

 

Garden

Noverande bnr. 13 var på 1800-talet felles utmark under Ytre Arne gard.

Det var frå denne utmarka den tysk-danske innvandraren Peter Jebsen i 1846 sikra seg fallrettar og areal i Ytre Arna og starta produksjon av bomullstekstilar, ein industri som seinare fekk avleggjarar på Dale og Trengereid og andre stader i landet.

Ytre Arna var lenge største tettstaden i Hordaland

På slutten av 1890-åra vart det halde utskifting på garden Ytre Arne. Fram til då låg alle bruka samla i klyngetun ved Holmen, om lag ein kilometer innafor Festtangen.

Ved utskiftinga fekk kvar oppsitjar samla alle teigane sine. Men ofte vart det for lite dyrka mark til alle brukarane. Dette vart ordna på den måten at den oppsitjaren som fekk minst eller ikkje fekk dyrka mark i det heile fekk tilsvarande større areal for oppdyrking.

Bruk nr. 13

Johannes Ytrearne (bestefar til noverande grunneigar) trekte bruket som ikkje hadde dyrka mark. Dette fekk bruksnummer 13. Han sette opp driftsbygning og våningshus like etter hundreårsskiftet og dyrka opp marka. Då alle teigane var dyrka opp hadde bnr. 13 det største dyrka arealet av alle bruka. Bruket var likevel tungdrive med oppdelte teigar over eit smalt og langstrekt område.

I 1929 overlet Johannes Ytrearne bruk 13 til Olav J. Ytrearne, med unntak av området ved sandtaket nord for Festtangen, som vart frådelt og fekk bnr. 51. Johannes Ytrearne døydde i 1936.

Noverande eigar overtok bruket (nr. 13 og 51) i 1980 og har drive det sidan, med sauehald.

Festtangen

er opphaveleg namnet på ei landtunge av morene og sand som gjekk ut i og på tvers av Arnavågen

Det vert sagt at i tidlegare tider drog langvegs båtfarande inne frå fjordane båtane sine på land på denne landtunga, og gjekk opp lia og over Borgarskaret til Bjørgvin.

Landtunga eksisterer ikkje i dag. Ho vart bygt ned i samband med etableringa av verftet Vestlandske Betongbåtbyggeri A/S 1914 –1918.

Restane kan ein sjå i sjøen utanfor muren, som høyrde til den store beddinga.

Verftet gjekk konkurs då første verdskrigen slutta i 1918, men på ”ruinane” vart ein av dei første yrkesskulane i landet, Statens Husindustriskule i Haus, starta i 1921.

Frå 1938 var Statens Husindustriskule 2-årig fagskule i handverksfag, og einaste skulen i sitt slag i landet. Det kom elevar frå heile landet, til og med nokre frå Island. Skulen hadde følgjande 5 liner: Trearbeid, snikkar, metallarbeid, mekanikar, målarline, med vidaregåande klassar for snikkar og mekanikar.

Området verftet disponerte var bygsla av bruk 13. Det gjorde også skulen, men etter ei tid vart ein mindre del av området verftet hadde bygsla skilt ut frå hovudbruket med eige bruksnummer og overteke av staten.

I februar1964 brann alle verkstadbygningane på skulen. Det einaste som stod att var styrarbustaden og den store internatbygningen. Den store trebygningen husa internat med kjøkken, matsal, husvære for vaktmeistar og husmor, sal for teoriundervisninga og skulestyraren sitt kontor. Internatbygget var den største trebygningen i vårt område.

Skulen vart ikkje oppattbygd etter brannen. Bergen Kommune tok over området, som vart leigt ut til Arna Motorbåtlag. Bygningane kom i forfall. Styrarbustaden og lærarbustadene vart selde.

Den unike trebygningen (internatbygningen) vart brent ned 11. 09. 1996, som øvingsobjekt for Bergen Brannvesen. Det manglande vedlikehaldet sidan 1964 gjorde etter kvart krav på store vedlikehaldskostnader, noko kommunen ikkje såg seg syn med.

Etter brannen selde kommunen også størstedelen av området til Arna Motorbåtlag.

Oldfunnet

Under oppdyrkinga av bnr. 13, som krov full utgrøfting av alle teigane, kom Johannes Ytrearne over eit oldfunn. Funnet vart gjort på teigen ved sjøen nord for Festtangen, og funnstaden vart utgraven av Haakon Shetelig i 1901.

Det som vart funne er å sjå på Historisk Museum i Bergen. Funnstaden låg midt i ein stor sandforekomst.

I samband med etableringa av verftet i perioden 1914-18 vart det på staden for oldfunnet teke ut store mengder sand utan at det vart gjort fleire funn.

Det ligg føre løyve til planering av området mot å melde frå om arbeidet i rimeleg tid til fylkeskonservatoren. I brev frå Hordaland Fylkeskommune heiter det:

”Ved ei maskinell flateavdekking med gravemaskin vil ein relativt raskt sjå om grustaket og den arkeologiske undersøkinga i på 1900-talet har fjerna alle spor etter kulturminnet. I så tilfelle vil ein kunne fastslå at der ikkje er noko kulturminne på staden lenger. - - - - - - - - ”

Andre stader på brn 13 eller 51 kjenner ein ikkje til at det er gjort funn av noko slag.

 

Additional Hints (Decrypt)

Cnyngxn, Uratrf zrq åcavatra arq rggre ybttvat - Unat jvgu gur bcravat qbja nsgre ybttvat

Decryption Key

A|B|C|D|E|F|G|H|I|J|K|L|M
-------------------------
N|O|P|Q|R|S|T|U|V|W|X|Y|Z

(letter above equals below, and vice versa)