Skip to content

Tittelsnes kystfort Traditional Cache

Hidden : 2/14/2016
Difficulty:
2 out of 5
Terrain:
2 out of 5

Size: Size:   small (small)

Join now to view geocache location details. It's free!

Watch

How Geocaching Works

Please note Use of geocaching.com services is subject to the terms and conditions in our disclaimer.

Geocache Description:


Festningen på Tittelsnes Fort vart bygd for at tyskarane skulle kunna kontrollera skipstrafikken på Bømlafjorden under 2. verdskrig. Til forskjell frå ein del andre festningar som vart bygde under krigen, er nær sagt alle bygningar på Tittelsnes Fort framleis intakt. Dette på grunn av at Heimevernet (dei første åra Sjøheimevernet, seinare HV 09) overtok og har brukt Tittelsnes Fort til kurs og øvingsområde. Bygningane har difor heile tida vore vedlikehaldne og fornya.

Når ein tek turen rundt i festningområdet, vil ein sjå delar av mange hundre meter lange nedsenka/utsprengde gangvegar i terrenget, som førte fram til kanonstillingar og vaktpostar. Desse nedsenka gangvegane var og er delvis overdekka, slik at militærpersonellet skulle koma mest muleg skjerma fram til sine postar. 

På den høgaste høgda i festningområdet er det bygd ein kamuflert/underjordisk utkikkspost. Herfrå vart trafikken i Bømlafjorden overvåka døgnet rundt. Nede ved sjøen på to strategiske stader var plassert lyskastaranlegg med aggregat som kunne lysa opp heile fjorden. 

Etter å ha rusla rundt på festningområdet ei stund, høver det å avslutta med ein halvtimes fottur til Røysanes for å ta cachane der ute.

Historikk

1941: Okkupasjonsmakten inntok og bygget opp Tittelsnes fort. Fire 10,5 cm K332 kanoner ble satt opp.
1943: Kanonene ble byttet ut med 8,8 cm kanoner med en skuddvidde på 14.000 meter.
1945: Forsvaret overtok anlegget.
1997: Overtatt av HV 08 til kurs og øvingssted.
2007: HV-09 disponerer området, men mange av bygning er overført til Skifte Eiendom.
 
NB: BYOP

Additional Hints (Decrypt)

V uhyr

Decryption Key

A|B|C|D|E|F|G|H|I|J|K|L|M
-------------------------
N|O|P|Q|R|S|T|U|V|W|X|Y|Z

(letter above equals below, and vice versa)