Skip to content

Giljatour #001 God tur! Traditional Geocache

Hidden : 2/15/2016
Difficulty:
2 out of 5
Terrain:
2 out of 5

Size: Size:   micro (micro)

Join now to view geocache location details. It's free!

Watch

How Geocaching Works

Please note Use of geocaching.com services is subject to the terms and conditions in our disclaimer.

Geocache Description:



Giljatour har som mål å gje deg flotte naturopplevingar, oppdaga nye turområde og fremja god helse.




Generelt om cachane

Cachane ligg i hovudsak langs store og små stiar. Dei er for det meste pet-rør, men og nokre boksar. Cacheboksen ved Stakkvikhytta er ei TB-hytte .

Vanskegrad og rating er sett til på dei fleste på D2, og på T er dei fleste på 3,5. (Opprinneleg var dei på T2,5, men ser at det blei feil). Dette vil ikkje alltid vera heilt korrekt, men er ein slags samle-rating for heile touren. Målet er at cachane skal vera lette å finna - helst D1-D2, derfor er hinta meint å vera til god hjelp.

Attributtane er og sett som like på alle cachane. På Giljatour #017 er det Tre-attributt i tillegg, og på dei fire startpunkta er det og Parkering-attributt. I sep 2022 tilførte eg også powertrail-attributtet


Giljatour - turane

Det er fire startpunkt på Giljatour; #001, #030, #055 og #110. Det er parkeringskoordinat på alle desse.

Stakkviksturen
Stakkviksturen startar anten ved #001 eller ved #030. Dette var5utgangspunktet for heile serien. Desse 30 cachane tek deg på ein glimrande rundtur opp Brekka langs Brekkebekken, opp til stiar langs Brekkestølsvatnet, Midtjørn og mektige Djupavatnet. Vidare kjem du til Stakkvikhytta som ligg under Stakkvikknuden/Risaknuten. Under her ser du restar etter Brekkestølen



Dokkolsturen
Du startar ved parkeringsplassen til #055 Her følger du den bratte stien som8går langs Dokkolgjuvet og fører deg til Dokkolstølen. Stien ender opp i eit stikryss der fjellcacheløypa går mellom Stakkvikhytta og Dirdalstølen. Om du vil ha deg ein rundtur så må du då ta eit val, anten vest eller aust.

Dirdalstølsturen
Første cache her er #110. Denne startar stilig med trappar opp frå parkeringsplassen. Følg stien over hauger, elv og opp til stemmen ved Yleskogvatnet. Stien fortset rundt vatnet, som også blir kalla Stølsvatnet, forbi hytter og mot ein flott foss. Retningen er4mot Madland og Svartedalen, men brekker opp mot Viermyr og går langs dette flotte reservatet. Du passerar Synnheistølvatnet, Solbjørgfjellet og inn i Øygjadalen. Før du havnar i Madland igjen, dreier du til høgre rundt Longatjørn og går forbi Rolighetsvatnet, under Vådlandsnuten og inn i Rolighetsdalen. Nå er det beine vegen mellom Holmavatnet og Litla Holmavatnet til du kjem til krysset som fører deg anten til Dokkolstølen eller Stakkvikhytta.


Stakkvikhytta

5/8 - 1979
Stakabu
Vart namnet på fjellhytta vår. Det var den 8. mai 1975
me vart enige om å setja i stand denne gamle gjeterbua.
Det vart eit svært slit å få alle materialer på plass, men endeleg
har me fått det meste på5.plass.
til saman har me gått over 300 vendingar.
Nå vonar me det skal bli den fredelege plassen me kan slappa
av på, langt frå kav og mas.

Ivar, Torbjørn og Geir

Dette er starten i den brune, slitte hytteboka som ligg inni Stakabu, Stakkvikhytta. Desse tre karane var ca 13-14 år då dei kom på denne ideen om å restaurera hytta. Imponerande ungdom!

Gå innom denne på din cachetur, og skriv deg inn i boka som ligg i byslaget. Legg merke til tala som står bak nokre av dei mest ivrige lokale heltane som har dette som turmål svært ofte.




Vaseknuten (751 moh)

Dette er Giljatouren sitt topp-punkt med sine 751 moh. Cachane tek deg opp på toppen slik at du kan nyta utsikten til alle kantar. På toppen ligg det også eit flott tjern som ein kan bada3i viss temperaturen tillatar det.

Sjekk ut bilete og les god skildring av toppen og turen på Godturen.net: Vaseknuten


Brekkestølen, Dokkolstølen og Dirdalstølen

Mens ein går blant spora etter støler, er det spennande å tenkja tilbake på korleis livet var for dei som arbeida då stølane stod. Brekkestølen ligg i området nord for demningen ved Brekkestølsvatnet.1Dokkolstølen (eller Dokkholm) består av fleire tufter, og steinhytta som me besøker, har blitt reist av lokale entusiastar. Rundt Yleskogvatnet låg det fleire stølar, og namnet på den eine er Dirdalstølen. På to av tuftene står det i dag hytter. Under ser du steinhytta som står ved Dokkholm.




Viermyr naturreservat

Cachane fører deg forbi Viermyr naturreservat. Reservatet er på ca 740 da og ligg ved stien til/frå Dirdal. Myrområdet har fantastiske fargar på hausten, men er flott alle årstider. Viermyr inneheld hovudsakleg flatmyr og bakkemyr, og nokre små næringsfattige3partiar med tuevegetasjon. Fattigmyrvegetasjon dominerar, og både tue, matte og løsbunn er vanlig. Tuevegetasjonen har mykje gråmose, rusttorvmose og kysttorvmose. Generelt er det suboseaniske artar som dominerar på myra. Ein del nordlege / alpine artar som dvergbjørk, lappvier, sølvvier m.fl er vanlege.

I kjeldene blir det både brukt namnet Viemyr - den vide myra -, og Viermyr. Kva som er korrekt, eller kva som var det første namnet på området har me ikkje svaret på. Her er tre kjeldar som kan gje meir informasjon om Viermyr: Miljødirektoratet, Jæren Friluftsråd, Stavanger museum




Stiane

Det er eit nettverk av stiar over heiane, og desse hadde mange viktige funksjonar i det gamle bondesamfunnet. Dei naturlege ressursane i fjellområda blei frakta ned til gardane. Stiane var kommunikasjonen mellom dalføra, f. eks ved giftarmål eller utveksling av varar og tenester. Dei velkjente smaledriftene og handelsrutene var og ein del av dette sti-systemet.

Stiane førte sjølvsagt til støls. Nokre av dei førte bare opp til stølen med fjellbeiter og jakt- og fiskeområde. Andre stiar førte opp til sti-nettverket og gav godt utgangspunkt for å koma seg over til andre dalfører. I hundrevis av år har sau og kyr blitt ført til støls på stiar langs desse bratte skara og fjellryggarane og gjennom dei frodige dalføra.51

Kjelde og meir lesestoff finn du her: Gamle fjellveier i Indre Gjesdal

Her blir ein av cachane plassert. Utsikt over Dirdal og Høgsfjorden, frå stien opp mot Dokkolstølen.107



Additional Hints (Decrypt)

Whyrger / Puevfgznf gerr

Decryption Key

A|B|C|D|E|F|G|H|I|J|K|L|M
-------------------------
N|O|P|Q|R|S|T|U|V|W|X|Y|Z

(letter above equals below, and vice versa)