Vindsjåen er en Innsjø i Hjartdal kommune i Telemark. Innsjøen tilhører Skiensvassedrag, og har utløp gjennom elva Kova
Innsjøen er regulert mellom 971 og 956 moh som magasin for Mydalen og Hjartdøla kraftverk
Brattefjell-Vindeggen Brattefjell-Vindeggen landskapsvernområde ligg i eit fjellområde sud-aust for Møsvatn i Telemark. Namnet skriv seg frå dei to fjella Brattefjell(1540 moh) og Vindeggen(1516 moh) som ligg i kjerna av fjellområdet. Samla areal er snaut 382 kvadratkilometer. Området er i privat eige fordelt på 299 eigedomar. Brattefjell-Vindeggen landskapsvernområde blei oppretta i 2000. Utanom Hardangervidda er Brattefjell-Vindeggen det største samanhengande fjellområdet i Telemark utan vesentlege tekniske inngrep. Området ligg innafor kommunane Hjartdal, Seljord, Tinn og Vinje og ligg sør for Møsvatn/Rjukan, vest for Gaustatoppen, nord for Hjartdal og aust for Rauland. Føremålet med å verne Brattefjell-Vindeggen er å ta vare på eit vakkert og eigenarta naturlandskap med urørt høgfjell og fjellskogområde, ta vare på det biologiske mangfaldet i området med villreinstamme og eit rikt plante- og dyreliv, og å ta vare på verdifulle kulturlandskap og kulturminne.