
Fanafjellet er eit uoffisielt, men vanleg namn på det skogkledde fjellområdet som ligg sør for Fanabygda og Fanafjorden i Bergen kommune i Hordaland.
Fanafjellet har i mange år vore eit ynda turmål for både fanabuar, bergensarar og andre. Diverre er Fanafjellet litt for godt kjent for sine mange blaute myrar som ein gjerne må kryssa dersom ein skal gå ein lengre tur. Fanabygdens Venner, ein frivillig organisasjon, jobbar med iherdig dugnadsinnsats for å tilretteleggja turløyper frå Fanaseter. Stien mellom Fanaseter og Lysskarfjellet («Linken») er allereie godt tilrettelagt, med mange små bruer og skilt, slik at folk får ein enklare og tørrare tur. Eitt av måla for organisasjonen er å gjera løypene familievenlege og interessante.
Til Jans plass kjem du ved å følgja den merka turstien mellom Fanaseter og Lysekarfjellet.

Utsyn