Skip to content

Helleristningane Traditional Cache

This cache has been archived.
Hidden : 9/23/2016
Difficulty:
1.5 out of 5
Terrain:
2 out of 5

Size: Size:   regular (regular)

Join now to view geocache location details. It's free!

Watch

How Geocaching Works

Please note Use of geocaching.com services is subject to the terms and conditions in our disclaimer.

Geocache Description:


Ved botnen av Vargavågen på Halhjem ligg Grødalshaug, ein 30 meter høg bergkolle mellom vågen og eit våtlendt dalsøkk. På sørsida av kollen er ei bratt bergflate, vend mot dalen, myra og bekken. På denne flata finst helleristningar frå bronsealderen.

Bronsealderen - figurar og skålgroper

I bronsealderen stod sjøen høgare enn no, og båten bar litt lenger inn i vika. Tek du turen rundt vågen, helst på fjøre sjø, og går eit lite stykke i sørvestleg retning, er du brått 3000 år attende i tida. På den loddrette bergflata er det funne 16 figurar og 31 skålgroper. Det er skipsfigurane som dominerer og som pregar ristningsflata. Heile 13 skip kan skiljast ut, somme heile og tydelege, somme forvitra, slik at berre delar av dei er att. Skipa er rita som ei enkel kjølline med bogne stamnar og stutte, loddrette strek som kanskje skal markera mannskapet.

Her finst dessutan tre enkle ringfigurar, to av dei med ei skålgrop i midten. Skålgropene er elles spreidde kring på feltet, mellom skipa og ringane, utan noko klart mønster.

Helleristningar

Helleristningane på Halhjem høyrer til den gruppa bergkunst som vert kalla jordbruksristningar, og som vert daterte til bronsealderen (1800-500 f.Kr.). Klart og tydeleg står figurane der og gjev oss litt, men ikkje heilt, innsyn i bronsealderen si magiske verd. Det kan vera figurar knytt til vekst og grøderikdom vi ser her. Både båtfigurane og ringane, solteikna, er tolka som innhald i slike førestellingar. Etter at fangstfolka i steinalderen vart bufaste, vart det viktig at kornet grodde på åkeren og at buskapen - og folka - treivst.

Buplass

Litt lenger framme, i sørleg retning finn vi buplassen under hellerveggen. Her har folk funne ly for vêr og vind. Var det dei same som dyrka dei magiske figurane som budde her? Eller var det fiskarane langt tilbake som søkte ly? Det får vi kanskje aldri vita sikkert. Bergarten i Grødalshaug er kleberstein, og her har vore teke teke ut kleber i gammal tid. Fleire stader på ristnigsfeltet kan ein sjå merke etter steinbryting.

 

Hentet fra http://www.sffarkiv.no/sffbasar/style_hordaland.asp?p=result&db=dbatlas_leks&art_id=107020&spraak_id=1&ptype=single&lang=eng&paging=yes

Kan være greit å ta med noen gode sko. Kan bli vått på veien til cachen.

Kan være dårlige signaler til tider, så GPSen kan snurre litt.

Additional Hints (Decrypt)

Haqre fgrva

Decryption Key

A|B|C|D|E|F|G|H|I|J|K|L|M
-------------------------
N|O|P|Q|R|S|T|U|V|W|X|Y|Z

(letter above equals below, and vice versa)