Den vesle fjelltoppen Munken - 192 m.o.h. - vert óg kalla Storemunken, for å skilja han frå Lillemunken, som er ein litt mindre markert og lågare topp nordvest for Storemunken, på andre sida av Stora Munketjørna.
Til Munken går det tydelege og gode stiar opp frå fleire kantar, og på toppen er det ei postkasse med turbok som det hyppig vert skrive namn i. Den mest brukte stien går opp frå Austrevågen. Det går óg ein markant sti opp frå Rød/Breivik. Elles er det mogeleg å gå frå Austrevågen og inn i Hisdalen og så opp til Munken frå Hisdalen. Det går derssutan merka sti mellom Munken og Folldalshaugane på Fanafjellet. Såleis er det mogeleg å gå hit frå Fanaseter, men det er ein monaleg lengre tur.
Ved utlegg er det lagt inn stistart for den kortaste ruta frå Austrevågen. Utleggjaren har ikkje gått stien frå Rød/Breivik og kjenner ikkje stistart på den kanten. Når ein tek Austrevågen som utgangspunkt, må parkering skje på ein av parkeringsplassane ovanfor Krokeide ferjekai, då alle parkeringsplassane ved Austrevågen er private. Frå ferjekaia går du langs hovudvegen opp den første bakken, til eit skilt fortel at vegen som tek av mot aust heiter Austrevågen. Gå deretter på Austrevågen-vegen til du kjem til stistart.

Utsynet frå Munken mot sørvest og Austevoll.

Over: Her ser du i meir nordvestleg retning. Høgdedraget nede til høgre er Litlemunken. Bak ser du Fanafjorden. Lengst bak ligg Sotra.
Under: Stora Munkatjørna. I bakgrunnen stig terrenget oppover, lenger bak ligg Fanafjellet.
