Cachen er lagt ut for å fungera som turtips og få fleire til ¨å gjera nettopp det som tittelen indikerer; å gå Fanafjellet på langs. Av dei som går på tur frå Fanaseter, snur dei fleste allereie på Ramberget, medan nokre går vidare til Lyseskarfjellet (Linken) og Folldalshaugen. Frå motsett utgangspunkt, Austrevågen, går det ein hyppig nytta sti opp til fjelltoppen Munken . Mindre kjent er det at det går merka sti mellom Folldalshaugen og Munken. Dermed er det mogeleg å få ein flott tur over heile fjellet. Utleggjar gjekk frå Fanaseter til Austrevågen då denne cachen vart lagt ut.
Det flotte med å gå Fanafjellet på langs er at du på store delar av turen går over dei høgaste ryggane. Dermed har du eit vidt utsyn i alle retningar.
Stien er merka med små vardar og kvite sløyfer. Mellom Folldalshaugen og Munken går store delar av turen på berg, men innimellom må du over nokre små myrer. Godt fottøy er difor ein fordel. Utleggjar har lagt til waypoints for stikryssa nærast Munken og Folldalshaugen. Fleire waypoints finn du i listingane for dei andre cachane langs ruta.
Cachen er ein liten otterboks som inneheld logg og blyant.

Utsyn frå nullpunkt.

Over: Folldalshaugen sett frå vest. Biletet er teke langs stien som går mellom Folldalshaugen og Munken.
Under: Små vardar viser veg.
