Skip to content

HKB 3./981 Vemmelsvik Traditional Cache

Hidden : 10/19/2016
Difficulty:
2 out of 5
Terrain:
2 out of 5

Size: Size:   small (small)

Join now to view geocache location details. It's free!

Watch

How Geocaching Works

Please note Use of geocaching.com services is subject to the terms and conditions in our disclaimer.

Geocache Description:

Plastboks med log og penn.

---

Plastic container with log and pen.


Måløyraidet fekk tyskarane til å byggje store festningsverk fleire stader i Vågsøy. Både på Blålidsneset og i Vemmelsvik bygde tyskarane store kystfort som saman med kanonane på Tangane på sørsida skulle sperre innløpet til Nordfjord.
 

 
Fortet i Vemmelsvik var ferdig i august 1942. Her var det rigga opp fire franske 105 mm feltkanonar, to tyske 50 mm kanonar, to 20 mm luftvernkanonar, fire mitraljøsereir, tolv flammekastarar, og dessutan tre store lyskastarar. På nordsida av fortet hadde tyskarane eit uferdig minebelte med 46 miner då krigen var slutt.
 

Ein av kanonane på kystfortet i Vemmelsvik, ein 10,5 cm feltkanon frå første verdskrigen. Foto: Kystartilleriet, frå boka ”Fronten er kysten” av Kjell-Ragnar Berge.
 
Mannskapet på 95 mann var samansett av to offiserar, 16 underoffiserar og 77 menige soldatar. Tyskarane nådde ikkje å byggje ferdig ein stor kommandobunker med plass til forlegning av 70 mann før krigen var slutt. Soldatar og russiske krigsfangar som vart nytta til å byggje anlegget, var forlagt i 10 brakker som var spreidde innover grenda. I offisersmessa var det bibliotek og kinosal, og leiren hadde eiga sjukestove.
 
Etter krigen nytta det norske forsvaret anlegget i Vemmelsvik i fem år før det vart lagt ned. Dei store kanonane stod til 1982, då Forsvaret flytta dei til eit museum på Hegra festning i Trøndelag.
 
(Kilde: http://www.allkunne.no/)
 
Feltpostnummer: 07005
Taktisk underlagt: Artillerie-Gruppe Nordfjord
Administrativt: I./HKAR 981
 
Kampoppdrag:
Bekjempe sjømål på Vågsfjorden, sperre innløpet til Nordfjord, og sikre eigne skip og konvoier i området.
 
Mannskapsstyrke 1.4.1945:
2 offiserer, 16 underoffiserer og 77 menige = 95 mann. Styrken skulle være 2 -20 – 79 = 101 mann.
 
Våpenoversyn 1.4.1945:
Hovedskyts: Fire franske 10,5 cm K331(f) feltkanoner (12000 m).
Nærforsvar: To tyske 5 cm Kwk L/42
To norske sMG og to norske 1MG.
Tolv Abwehr 42 flammekasterer.
Luftvern: To tyske Flak 38
 
Ammunisjonslager 1.4.1945:
Hovedskyts: 3926 sprenggranater og 125 HL-granater.
Nærforsvar: 2071 granater til Kwk.
Luftvern: 14286 granat-patroner til Flak.
Landminer: 46.
 
Lyskastere: To 60 cm og en 150 cm.
 
Stridsklart: Mai 1941 på Måløyana som batteri 894, mai 1942 på Kulen i midlertidige stillinger, august 1942 i Vemmelsvik.
 
(Kilde: "Fronten er kysten!" av Kjell Ragnar Berge)
 
Beskrivelse av anlegget: Var stridsklart august 1942 i Vemelsvik, etter først å ha vore i mellombels stilling på Kulen i Måløy. Batteriet var ei erstatning for batteriet på Måløyna som vart nedkjempa under Måløyraidet. 
To av kanonene (1 og 2) vart ombygd med sokkellavet og stillingane vart modifiserte til dette. Kanon 3 og 4 hadde framleis hjullavett når krigen var slutt. Kanonene stod i stillingane sine fram til 1982 då dei to sokkellavett-kanonene vart henta opp til Hegra Festning for å bli ein (ikkje heilt vellykka historisk og autentisk sett) turistattraksjon. Med i dragsuget gjekk også dei fire tilsvarande kanonene i Blålid (HKB 6/981) litt lenger nord-vest i innseglinga til Måløy. 
 
Fjellanlegget var under arbeid men ikkje ferdigstillt. Ei sjakt oppover i fjellet var sprengt ut og det var påbegynt arbeid på ein ny KO-bunker, truleg ein variant av R636 av den typen som er bygd og tilknytta fjellanlegg andre stader i fylket. Fundamentet til denne var støpt over sjakta og kan sjåast innanfrå fjellanlegget. Det er også muleg at det er støpt eit rom i toppen av sjakta (som skulle være under KO). Det kan sjå slik ut innanfrå men på utsida er området altfor overgrodd og tildekka med pukkstein at dette kan bekreftast. Det er iallefall ikkje mulig å finne betong over sjakta på utsida sjølv om ein klart ser både ein betongsokkel og eit trapperom i toppen av sjakta frå innsida. 
På eit nes nord-vest for batteriet er det bygd ein kasematt for KWK.
 
I dag er batteriet SVÆRT overgrodd og naturen er på god veg til å ta tilbake mykje av området. Tidlegare (no avdød) grunneigar har forsøkt å støype og dekke til delar av stillingane, bl.a. stilling for kanon 1 er nesten heilt øydelagd. Dekningsromma til stillingane er i svært bra stand, nesten heilt tørre inni.
 
(Kilde: http://www.flora-krigshistorielag.com/)

HKB 3./981 Vemmelsvik

After Operation Archery (Måløyraidet) (a British Combined Operations raid during World War II against German positions on the island of Vågsøy, Norway, on 27 December 1941), the Germans decieded to build out the defenses several places in Vågsøy. Both at Blålidsneset and Vemmelsvik the Germans built big coastal fortresses which together with the canons at Tangane on the southside of the fjord were meant to close the entrance to Nordfjord.

HKB (Heeres-Küsten-Artillerie-Regiment // Army Coast Artillery Regiment) 3./981 Vemmelsvik was completed i august 1942. They was armed with four French 105mm field cannons, two German 50mm cannons, two 20 mm anti-air cannons, four MG nests, twelve flamethrowers, and huge spotlights. On the northern side of the fort, the Germans had an (unfinished) mine belt (sea-mines) that had about 46 mines at the end of the war.

The crew consisted of 95 men. 2 officers, 16 NCOs and 77 privates. The soldiers and Russian POW was building a command bunker, meant as a big barracks and living quarter for the whole force, but they didn't finish it before the war ended. The fort also had it's own library, cinema and infirmary. The civilians that lived here were chased away so that the soldiers could use their houses as temporary barracks while they built the bunker. After the war, the Norwegian Defence Forces used the fort for about 5 years, before they left it.

Additional Hints (No hints available.)