Sørover frå Storestraumen går Osbanetraseen i ei nokså rett linje over ei lengre strekning langsmed Osvassdraget. På innsida av banetraseen kan du eit stykke sørover frå Storestraumen sjå restar etter den gamle vegtraseen. Innanfor Os kommune gjekk nemleg Osbanen og bygdevegen side om side over fleire strekningar, særleg mellom Osøyro og Ulven. Strekninga Bergstø - Storestraumen og eit stykke vidare sørover frå Storestraumen er eit anna døme der bane og veg låg side om side.
Innan Fana kommune, der mestedelen av Osbanen låg, var derimot jernbanen med overlegg lagt på god avstand frå næraste veg. I Fana frykta nemleg heradstyret at toget ville skrema hestane og dermed uroa trafikken på vegane. Difor var det eit poeng å ikkje ha mindre avstand mellom veg og bane enn det som naudsynt var.

Over: Jernbane og veg låg side om side langs Osvassdraget. Me ser nordover, Storestraumen i bakgrunnen. Foto: Lauritz Bekker Larsen, biletsamlinga UBB .
Under: Slik ser det ut i same området i dag. Vegtraseen ligg til venstre, Osbanen til høgre. Og oppe til venstre skimtar me dagens E39.

Nærføringa med ein kronglete veg i eit svært kupert landskap førde til at vegen fleire stader ved Osvassdraget måtte leggjast om, for å unngå mange unaudsynte kryssingar mellom veg og bane. Vegen vart difor omlagt både like før og like etter Gåsakilen. Ein tredje stad der vegen vart retta ut og omlagt var ved Storestraumen.

Over: Lokomotivet "Ulven" fotografert i skjeringa ved Storestraumen vinteren 1894. Foto: N. N. Sontum, Osbanens Venner fotosamling.
Eit stykke av rettstrekninga der bane og veg gjekk side om side sør for Storestraumen, låg banelegemet på ein fin natursteinsmur som enno eksisterer og som du ser godt om du kjem deg på nedsida av banetraseen.
Cachen er plassert langs banetraseen eit godt stykke sør for staden der bane og veg skilde lag. Du er no ved ein av dei få stadene der Osbanen enno ligg tilnærma urørd, over 80 år etter at siste toget gjekk. Traseen fungerer her som ein fin tursti. Legg merke til banen sitt smale profil, fyllingane og skjeringane.
Osbanen
Nesttun-Osbanen var ein smalspora jernbane bygt for hovudsakeleg privat kapital og driven som eit aksjeselskap der private interesser hadde majoriteten. Osbanen var den einaste norske jernbanen for eit offentleg føremål som var bygt etter privat initiativ. Banen var bygt på rimelegaste måten, med smalt spor, smal trase, lett overbygging, spinkle skjener, mange og krappe kurver og små og lette lokomotiv og vogner.
Banen var prosjektert og bygt for 600 mm sporvidde, men i anleggsperioden endra til 750 mm sporvidde utan endringar i underbygging eller profil. Ingen annan norsk jernbane har vore bygt for så smalt spor. Difor vart Osbanen den minste offentlege jernbanen i Noreg.
Osbanen hadde minste akseltrykk (3,2 tonn) for ein norsk jernbane, minste kurveradius (50 meter), og dei spinklaste skjenene (9 kg/m). Banen vert hugsa for dei mange og krappe kurvene. Største tilletne toppfart var 25 km/t.
Osbanen starta på Nesttun stasjon på Vossebanen. Dei andre stasjonane og stoppestadene var Skjold, Rådal, Stend, Solbakken (frå 1927), Fana, Hamre, Kismul (frå 1895), Kalandseid, Søfteland, Ulven, Kuven, og så Osøyro, som var banen sin hovudstasjon, med kontor, vognhall, lokomotivstall og verkstad.
Banen fekk i 1893 levert to lokomotiv av typen Mallet, ”Bjørnen” og ”Ulven”, pluss eit mindre, 9-tonns lokomotiv som dei kalla ”Rotten”. I 1895 fekk banen ytterlegare eitt Mallet-lokomotiv, heitande ”Os”. Mallet-lokomotiv var ledda lokomotiv med to rammer, spesialkonstruerte for små og lette jernbanar med krappe kurver. Osbanen var den einaste banen i Noreg som nytta slike lokomotiv. Eit nytt og mykje større lokomotiv, ”Baldwin”, vart levert frå Philadelphia i 1917, men var for tungt og stivt for banen, og vart difor nytta så lite som mogeleg. Elles hadde banen femten personvogner og like mange godsvogner.
Trass i at Osbanen var eit vesleputt-tog og eit ynda objekt for samtida sine vitsemakarar, gjorde banen stor nytte for seg i dei 41 åra han eksisterte. Meir enn 4,4 millionar passasjerar reiste med Osbanen. I tillegg frakta han 41.065 tonn ilgods, 122.797 tonn fraktgods og ca. 10.000 husdyr. I toppåret 1917/18 hadde banen 222.000 reisande. Osbanen var både den norske privatbanen og sidebanen med størst passasjertal. Historikarar har tillagt Osbanen mykje av æra for framveksten av strandstaden Osøyro (Osøren) som eit større sentrum ved Bjørnefjorden.
Fottur eller sykkeltur på Osbanetraseen
Du er hermed invitert til å utforska traseen etter denne unike strekninga i norsk jernbanehistorie. Den beste måten å følgja Osbanen på er med sykkel eller til fots. Difor er det lagt opp til eit større tal geocachar langs banen. På denne måten skal ein sykkel- eller fottur kunna verta spennande for heile familien. Turen kan sjølvsagt delast opp i fleire etappar. I dag kan du gå eller sykla samanhengjande på Osbanen frå Nesttun til Kalandseid. Sørover frå Kalandseid til Røykenes ligg banen brakk, meir eller mindre som ein dårleg vedlikehalden gardsveg, og to stader er det oppført bygningar i traseen. Frå kommunegrensa og eit stykkje sørover kan du igjen følgja traseen, nesten til Søfteland. Forbi Søfteland er traseen delvis borte, delvis lokalveg. Mellom Bergstø og Hetlefloten ligg banen som ein fin, grusa turveg. Så har E39 slukt banen mellom Hetleflotsvingen og Ulven stasjon. Den siste strekninga frå Ulven til Os ligg det gang- og sykkelveg på banetraseen.
Feire opplysningar om sykkelturen langs Osbanen finst her:
www.osbanen.no/obv - Osbanens Venner og Stend stasjon
www.osbanen.no/nob - Nesttun-Osbanen AS, eigar av Rådal stasjon
home.sklbb.no/melheim/osbanno.htm - Terje Melheim sine sider om sykkeltur på Osbanen

Det vesle toget til Os. Teikning: Sverre Mo.