Skip to content

Samlingsheimen Traditional Cache

Hidden : 6/11/2017
Difficulty:
1.5 out of 5
Terrain:
2 out of 5

Size: Size:   small (small)

Join now to view geocache location details. It's free!

Watch

How Geocaching Works

Please note Use of geocaching.com services is subject to the terms and conditions in our disclaimer.

Geocache Description:


Boks med logg og blyant. GPS signalet kan hoppe ein del att og fram her men med tolmod og litt att og fram gåing på vegen vil signalet roe seg ned.

Almenning er ei lita bygd som lenge var innestengd mellom sjøen og fjellet. Det var fyrst i 1942/43 at vegen vart bygd ferdig frå Nordfjordeid til Måløy. 

Det seiest at det var mykje skog her i gamal tid. Segna seier at det kom skottlendarar hit for å hogge og hente tømmer og at det var ein skottlending som slo seg ned her fyrst og gifta seg med ei lokal kvinne.

Bygda har idag grendallag, bedehus, gravstad og den største private arbeidsplassen i Vågsøy kommune. Nordvestvinduet produserar vindu og dører i tre og har omlag 80 arbeidarar. Det finst og ein liten campingplass i bygda.

Almenning hadde 158 innbyggarar i 2004.

Flott utsikt til fjellet Hornelen i profil på andre sida av fjorden. Hornelen er 860 meter høgt og er Europa sin høgste sjøklippe.

Ut-tapping av vatnet i Almenningen

“Det uttappings-arbeidet som oppsitjarane på dei tilgrensa bruka tok seg til i 1860/70 åra, var ikkje lite. For den tid å vere, var det eit stort arbeid. Det var mange som spådde eigarane ille då dei tok til med uttappinga. Og etter at den fyrste akkorten var frå seg gjort, såg det mest ut til at dei skulle få rett.

Rundt vatnet, iser på Eldeviksida, (vestsia av vatnet) låg det myrar. Då vatnet vart borte, seig dei ned og slitna sund så det vart ei mengd store rivner og grøfter. Det såg neimen ikkje bra ut. Men grøftene vart smått om senn borte, og det dei hadde vunne inn av vatnet, var god og grøderik jord, så då det leid nokre år att, vart eigarane samde om å ta eit tak til. Og no vart kanalen så djup som det gjekk an å få han for sjøen. Men noko lett arbeid var det ikkje å kome 4-5 meter djupt gjennom den harde fjellryggen der kanalen gjekk.

I den siste akkorten trefte dei på ei går i fjellet som stål ikkje ville bite på, så dei heldt på å tvisynast. Men det gjekk denne gongen som ofte elles, at den som ikkje gjev seg, når som oftast fram.

Det var dei to brukarane i Eldevik som hadde største kostnaden med denne uttappinga, og som og hausta største nytten av den.

Før uttappinga voks det i vatnet ei mengde vassliljer rundt vatnet, så store og vakre at det sjeldan var å sjå. Etter uttappinga vart desse heilt borte. Røtene som var digre og lange, var grisene svert glade i.

Det vart funne store deler av eiketre i den tørrlagde delen av vatnet. Somme av desse hadde halde seg så godt at det vart nytta som snikkarmateriale.

Vel forvart i dynd og leire vart og funne eit fleire meter langt kjakebein av ein kval. Kor mange tusen år er det sidan han for og sumde der?

Var gravinga av utlaupskanalen gjennomden tørrlagde delen av vatnet, trefte dei på eit lag med skjellmergel som viste seg å vere nyttig på kalkfattig jord.

Før uttappinga gjekk vatnet langt opp over myrane. På grensa mellom Eldevik og Almenning ligg ein plass vi kalla Vadet. Der måtte ein vasse eller gå gjennom eit led som låg høgare oppe i ura.”

Frå eit gamalt skriv av lærar Lars Eldevik. Lærar i bygda frå 1881 til 1900.

Om du føl bygdeveien til venstre (austover) til de lavast punktet så er du ved Vadet. Opningen til ledet i steinmuren ligg litt høgare og kan lett finnast om ein er villeg til å klatre litt (10-15 meter opp frå veien).

Om du har ei interesse av å sjå kanalen så fortsett på bygdevegen attende til Almenning sentrum. Ta så grusvegen forbi gravplassen med det kvite klokketårnet. Fortsett rett fram til du kjem til kanalen. Husk å stenge eventuelle grinder. Det kan vere greit å ha gode sko eller støvlar. Ein kan krysse kanalen og fortsette over markane og komme opp igjen på bygdeveien i Eldevik. Då er det berre ein kort tur tilbake til bedehuset og staden der cachen ligg. PS: No må ein vere ekstra forsiktig om ein vil krysse kanalen, den brua som ligg her er ikkje trygg men om ein er god til beins kan ein likevel krysse med litt akrobatikk.

Container with log and pencil. The GPS signal seems to bounce about a bit here but with patience and a little walking back and forth on the road and the signal should steady and make the cache easier to find.

Almenning is a small village which is squeezed in between fjord and mountain. It was first in 1942/3 that the road was opened from Nordfjordeid to Måløy.

There used to be a lot of woods here in the old days. The story goes that the Scots came here to fell and fetch timber and that it was a Scot who first settled here in town and ended up marrying a girl from the area.

Today, the village has a community association, a chapel/“Prayer House” and the biggest private workplace in the county of Vågsøy. Nordvestvinduet manufactures windows and doors and has about 80 workers. It is possible to rent cabins in the village.

Almenning had 158 inhabitants in 2004.

Across the fjord, to the south yo can see the mountain Hornelen. Hornelen is 860 meters tall and is Europe's tallest sea cliff.

Draining of the lake in Almenning

“It was quite a job that the farmers with land bordering the lake decieded to take on in the 1860-70s. Many thought it foolish and predicted doom for the project. After the first attempt at draining was made, the critics seemed to be right.

Around the lake, especially on the Eldevik (west) side, there were bogs. When the waters were gone, the bogs sunk in and broke apart the ground, resulting in a great many rifts and tears. It did not look good at all. But the rifts slowly dissapered, and what was recovered from the lake was good and dark soil. After a few years, the farmers agreed to lower the lake once again. This time they made the canal as deep as possible, bringing the level of the lake to the level of the sea at high tide. It was hard work to cut the 4-5 meters deep channel through the hard mountain ridge across the lake from where this cache is located.

Towards the end of their work they hit on a part of the mountain in which the steel would not bite. But after a mighty struggle and great effort the farmers prevailed.

It was the two farmers in Eldevik (west side of the lake) who took on the biggest cost with the draining, and also gained the most from it in usable new land.

Before the lake was drained, there grew an abundance of water lillies around the shoreline, so big and beautiful that it was rare to see. After the draining, they all disappeared. The local pigs loved the fat and long water lily roots.

There were found a great deal of oak trees in the dry-laid part of the lake. Some of these were in such good condition that they were used as carpentry material.

Well preserved in the clay the farmers found a several meters long jawbone from a whale. How many thousands of years since he swam aground here?

As they were excavating the outflow canals through the dry-laid part of the lake, the farmers hit upon a layer of ground up shells that proved useful as a fertelizer on the acidic soil.

The lake used to be much larger than it is today. On the border between Eldevik and Almenning there is a spot called Vadet (a place you must wade). Here you would have had to wade or choose to walk through the gate in the stonewall a little higher up in the scree.”

Adapted and modified from an old writing by teacher, Lars Eldevik, who taught in the village from 1881 to 1900.

If you follow the county road to the left down to the lowest point you are at Vadet. The gate in the stonewall is located a little higher up from there and can easily be found if you are willing to off-road.

If you have an interest in seeing the canal cut through the mountain ridge the best way is to go back to the intersection at the center of Almenning. walk the gravelroad past the graveyard with the white-painted bell-tower, and continue straight until you get to the canal. Remember to shut the gates. Good shoes or boots are recomended. It is possible to cross the canal and continue across the fields and back unto the countyroad. Then take a right and you will be right back where the cache is located. Again, remember to leave the gates as you found them. PS: The bridge that is here is not safe as of 2022. It is still possible to cross with some acrobatics and bravery, but - be careful if you decide to try.

Additional Hints (Decrypt)

Haqre ebg. — Haqre ebbg.

Decryption Key

A|B|C|D|E|F|G|H|I|J|K|L|M
-------------------------
N|O|P|Q|R|S|T|U|V|W|X|Y|Z

(letter above equals below, and vice versa)