Skip to content

Kongevegen - Steine bru Traditional Cache

Hidden : 6/22/2017
Difficulty:
1.5 out of 5
Terrain:
1.5 out of 5

Size: Size:   small (small)

Join now to view geocache location details. It's free!

Watch

How Geocaching Works

Please note Use of geocaching.com services is subject to the terms and conditions in our disclaimer.

Geocache Description:


Steine bru

Cachen er ikkje plassert på vegen eller vegkonstruksjonen.
Eng: The Cache is not placed on the road or the roadconstruction.



BRUA SOM FLAUMEN TOK Steine bru, mellom Steine og Bruknappen, vart bygd midt på 1840-talet som ein del av det flotte veganlegget over Seltåsen. Om lag på same staden var ei tidlegare bru, «Fodnesteen Bro», og for alt vi veit, kan her ha vore endå eldre bruer. Den som stod for arbeidet på Steine bru, som på Vindhellevegen, var kaptein Henrik Christian Finne, kalla «Vei-Finne». Brua var ei såkalla «sprengverksbru» av tre montert på solide brukar av stein. For å kamuflera trekonstruksjonane kledde dei dei inn med bord i ein fin boge. Ein liknande type var gamle Seltun bru. Denne brutypen var standard på fleire hovudvegar på midten av 1800-talet. Likevel kunne ikkje brua stå imot naturkreftene. Knapt tjue år etter at ho var bygd, kom den største flaumen i manns minne, 1860-flaumen, og reiv med seg trekonstruksjonen og noko av det solide murverket til Finne. Brua vart ikkje bygd opp att. I staden la dei vegen på sydsida gjennom Kvamsbergi og bygde den imponerande kvelvingsbrua av stein ved Nedre Kvame. For no var dynamitten oppfunnen.

Då den Bergenske Kongeveg vart bygd på slutten av 1700-talet, fekk ein for fyrste gong køyreveg mellom Aust- og Vestlandet. I dag er den gamle Kongevegen eitt av dei finaste veghistoriske kulturminna vi har. Den 10 mil lange vandreruta Kongevegen over Filefjell tek deg gjennom nokre av dei vakraste landskapa i Noreg. Frå tronge og dramatiske fjordlandskap inst i Sognefjorden, via høgfjellet på Filefjell, og ned i innlandsbygdene i Valdres. Ei reise mellom landsdelane - med den historiske Kongevegen som den raude tråden undervegs. Der vegen er borte nyttar ein andre trasear, slik at det blir ein samanhengande turveg frå Lærdalsøyri til Vang. Syklistar har alternative ruter utanom dei mest sårbare delane av Kongevegen.



THE BRIDGE TAKEN BY THE FLOOD Steine bridge, between Steine and Bruknappen, was built in the mid-1840s as part of the great road system across Seltåsen. There had been a bridge at more or less the same location before, “Fodnesteen Bro”, and for all we know there may have been other bridges before that. The person in charge of the construction of Steine bridge, as for Vindhellevegen, was Captain Henrik Christian Finne, known as “Vei-Finne” (Road Finne). He was building a strut frame bridge in wood, with abutments in solid stone. Planks were used to camouflage the wood and make a beautiful arch. Old Seltun bridge was of a similar design, and this type of bridge was common along several of the main roads in the mid-1800s. Still, it was not strong enough to withstand the forces of nature. A mere twenty years after being completed, the largest flood in memory – the flood of 1860 – tore down the wooden structure and some of Finne’s solid stone abutments. The bridge was never rebuilt. Instead, the road was redirected to the southern side, through Kvamsbergi, where the impressive vaulted bridge in stone by Nedre Kvame was built. The introduction of explosives had made this possible.

Bergenske Kongeveg, built at the end of the 1700s, was the first proper road between eastern and western Norway. Today, the old Kongevegen is one of our most beautiful cultural heritage routes. The 100 km Kongevegen across Filefjell walk leads through some of Norway's most spectacular scenery. From the narrow, dramatic fjord landscape innermost in the Sognefjord, via the high mountains at Filefjell, and down to the inland villages in Valdres. A journey from one part of the country to another – linked together by the historic Kongevegen.
Kilde/Source: Statens vegvesen


Geocaching i Norge

Additional Hints (Decrypt)

Haqre fgrva Rat: Haqre fgbar

Decryption Key

A|B|C|D|E|F|G|H|I|J|K|L|M
-------------------------
N|O|P|Q|R|S|T|U|V|W|X|Y|Z

(letter above equals below, and vice versa)