Skip to content

Kongevegen - Tyinkrysset Traditional Cache

Hidden : 7/11/2017
Difficulty:
1 out of 5
Terrain:
1.5 out of 5

Size: Size:   micro (micro)

Join now to view geocache location details. It's free!

Watch

How Geocaching Works

Please note Use of geocaching.com services is subject to the terms and conditions in our disclaimer.

Geocache Description:

Tyinkrysset 

Cachen er ikkje plassert på vegen eller vegkonstruksjonen. Den er plassert på et mugglerutsatt område så vis hensyn.
Eng: The Cache is not placed on the road or the roadconstruction. Be aware of mugglers


 

KONGEVEGEN OVER FILEFJELL

Alt frå førhistorisk tid har menneska ferdast over Filefjell, og i mellomalderen var vegen rekna som den mest nytta fjellovergangen mellom Aust- og Vestlandet. Fleire av sagakongane våre reiste over fjellet, om lag i same leia vi nyttar i dag.

Vegen over Filefjell hadde rykte på seg for å vere blant dei vanskelegaste og farlegaste i landet. Det var stor trong for forbetringar, slik at tilhøva for transport av folk og varer vart lettare, ikkje minst for dei mange offentlege tenestemenn som stadig farta i embets medfør.

I 1790-åra vart den gamle ride- og kløvvegen over Filefjell erstatta av ein fire meter brei veg der ein kunne køyre med hest og kjerre. Den nye høgfjellsvegen mellom Vang og Lærdal utgjorde det mest spektakulære partiet av den Bergenske Kongeveg. I dag er vegen eitt av dei finaste veghistoriske kulturminna i landet.

Kongevegane er ein del av den dansk-norske kulturarven vår. Omgrepet er brukt om dei viktigaste hovudvegane som vart bygde om til køyrevegar på 16- og 1700-talet. Med veglova av 1824 fekk desse vegane namnet hovudveg, som i praksis svarar til vår tids Europavegar.

Kongevegen over Filefjell var eit storstilt samferdsletiltak i si samtid og var ein viktig del av moderniseringa av landet. Med bønder på pliktarbeid og utkommanderte soldatar tok vegen form. Den er bygd etter dåtida sin ideologi for vegbygging – «det franske prinsipp» - med mest mogleg rett lineføring, god drenering og ei godt oppbygd vegbane. Slik starta ingeniørane sin tidsalder, som frå nå av skulle reformere den moderne vegbygginga.

Den 10 mil lange vandreruta Kongevegen over Filefjell tek deg gjennom nokre av dei vakraste landskapa i Noreg. Frå innlandsbygdene i Valdres via høgfjellet på Filefjell og ned til det tronge og dramatiske fjordlandskapet inst i Sognefjorden. Ei reise mellom landsdelane med den historiske Kongevegen som ein gjennomgåande raud tråd.

God vandring!

KONGEVEGEN OVER FILEFJELL
Då den Bergenske Kongeveg vart bygd på slutten av 1700-talet, fekk ein for fyrste gong køyreveg mellom Aust- og Vestlandet. I dag er den gamle Kongevegen eitt av dei finaste veghistoriske kulturminna vi har. Den 10 mil lange vandreruta Kongevegen over Filefjell tek deg gjennom nokre av dei vakraste landskapa i Noreg. Frå tronge og dramatiske fjordlandskap inst i Sognefjorden, via høgfjellet på Filefjell, og ned i innlandsbygdene i Valdres. Ei reise mellom landsdelane - med den historiske Kongevegen som den raude tråden undervegs. Der vegen er borte nyttar ein andre trasear, slik at det blir ein samanhengande turveg frå Lærdalsøyri til Vang. Syklistar har alternative ruter utanom dei mest sårbare delane av Kongevegen.

 

KONGEVEGEN ACROSS FILEFJELL

People have travelled across Filefjell since prehistoric times, and in the Middle Ages this mountain pass was the main link between Eastern and Western Norway. It was an important passage for several of our Norse kings, who followed a route almost identical to the one in use today.

With the Kongevegen across Filefjell development in the 1790s, the old bridle and packhorse track was replaced by a four-metre-wide road suitable for horse and cart. This new stretch between Vang and Lærdal was to become the most spectacular section of Bergenske Kongeveg. Today, it is one of the country's most beautiful routes of historic and cultural interest.

The Kongeveg (King’s Road) concept forms part of our Danish-Norwegian cultural heritage, and denotes the most important thoroughfares converted to roads in the 1600s and 1700s. With road legislation introduced in 1824, these became main routes and were the equivalent of our modern-day European Highways.

The route across Filefjell had since medieval times been perceived as one of the country's most difficult and dangerous. Improved transport conditions for people and goods were sorely needed, especially as many civil servants used the route in an official capacity.

Kongevegen across Filefjell was an ambitious communications project of its time. It was based on "the French principle" - a construction technique involving straight lines wherever possible, high-quality drainage and a roadway built on foundation material. The engineers had entered the scene, introducing reforms and new, modern methods.

Kongevegen across Filefjell is a 100 km walk through some of Norway's most beautiful scenery. From the inland villages in Valdres, via the Filefjell mountain and down to the narrow, dramatic landscape innermost in Sognefjorden. A journey from one part of the country to another, linked by the historic Kongevegen.

Enjoy your walk!

Additional Hints (No hints available.)