Skip to content

Tomas Longva - fiskaren som oppdaga Storegga, Traditional Cache

Hidden : 10/10/2017
Difficulty:
1.5 out of 5
Terrain:
2 out of 5

Size: Size:   small (small)

Join now to view geocache location details. It's free!

Watch

How Geocaching Works

Please note Use of geocaching.com services is subject to the terms and conditions in our disclaimer.

Geocache Description:

Tomas Longva
fødd på Fjørtoft
1589 – 1681
fann Storegga i 1630-åra,
– sunnmøringane sitt skattkammer.
Denne bautaen står ved tuftene etter
den gamle Longvagarden


Tomas Longva

Storfiskar og oppdagar – «grislar» og føregangsmann

Han er kjend som den som fann Storegga ute i havet, om lag 70 km vest-nordvest frå Nordøyane. Her var det rikt med fisk, særleg kveite, lange og brosme, og Storegga vart eit skattkammer for folk på Sunnmørskysten.

Tomas var fødd i 1589 på Fjørtofta og flytta seinare til Longva på Flemsøy/Skuløy. Der tok han over ein gard og tok namnet Longva, som skikken var. Han døydde ikkje før i 1681 og vart såleis ein svært gammal mann for den tid å vere.

Tomas var kjend som ein uvanleg driftig kar både på land og sjø. Det vert fortalt at han var ein «grislar» som heldt på med noko støtt. Var det ikkje sjøvêr, spadde han opp nye åkrar eller utvida og stelte dei gamle åkrane. Og på sjøen var han alltid mellom dei første og fremste.

Uår og svolt

Første halvdelen av 1630-talet var ei vanskeleg tid for øyafolket. Torskefisket svikta i lange periodar, og sommarfisket etter lange og andre fiskeslag var også heller smått på dei kjende fiskeplassane. Den velbrukte fiskemarka ut til «stordjupet» gav ikkje lenger mat og inntekter til folk.

Når det i tillegg i denne tida var fleire kalde og våte somrar med dårlege avlingar av bygg og havre, vart det tronge tider med svolt og naud både på øyane og Sunnmørskysten elles.

Desse tilhøva skapte ein sterk trong for å finne utvegar som kunne bøte på dei vanskelege tidene. Ikkje uventa var det Tomas Longva som skulle finne ein utveg.

Nye fiskeplassar

Han sette seg føre å undersøkje havet utanfor den kjende fiskemarka, og rundt 1630 heiste han seglet på åttringen og styrte «ut og nord» mot det ukjende.

Målet var å finne nye plassar, «grynne», der det kunne vere fisk, og difor lodda dei djupna undervegs. Og etter ein dags seglas stoppa loddet på under hundre famne, og då visste Tomas og dei andre i båten at her kunne det vere fisk!

Og fisk var der – skikkeleg storfisk av kveite, lange og brosme – i store mengder. Dei hadde funne Storegga, som i alle år sidan har vore sunnmøringane sitt skattkammer. I dårlege år berga denne fiskeplassen liv, i gode år gav han inntekter og skapte velstand.

Etter å ha vore sakna i fleire dagar, vekte det stor åtgaum då Tomas la til land på Longva med båten full av storfisk. Snart gjekk gjetordet om denne nye fiskeplassen over alle øyane og heile Sunnmøre og endå vidare.

Ny båt – nye metodar

Sunnmørsåttringen var den båten Nordøyfolket brukte i desse tider. Men Tomas tykte den vart for liten til fiske ute på Storegga, så han fekk laga seg ein større båt – ei «skute», som folk sa.

Denne skuta var så stor at Tomas kunne tilvirke fisken om bord i staden for å vente til dei kom til lands, som var det vanlege. Han har med dette «efterladt sine landsmænd et exempel som med fordel kunne efterfølges», skreiv Hans Strøm for 250 år sidan.

Tomas brukte «skuta» i si tid, men folk flest heldt seg framleis til åttringen, som vart kalla «flatbrennar» her på øyane.

Etter kvart frettast det utanfor landegrensene òg at der var så rikt med fisk i havet utanfor Sunnmørskysten, og både svenskar og hollendarar leita seg etter kvart fram til Eggakanten og dreiv fiske der. Såleis la Tomas Longva med si djerve oppdagingsferd grunnlaget for matforsyning og velstand i vide område.

Storeggaraset

Sjølve egga (kanten) på Storegga vart skapt av eit gigantisk undersjøisk ras ute i Norskehavet for vel 8.000 år sidan. Volumet av dei utraste massene er rekna til mellom 3.000 og 5.000 kubikk-kilometer. Dette forårsaka ei svær flodbølge (tsunami) som skylde inn mot norskekysten og mot Island, Shetland, Færøyane og Skottland. Langs Sunnmørskysten hadde flodbølgja ei høgde på opptil ti meter, og inne i fjordane kunne den nå opp i femti meters høgde!

Storeggaraset er eitt av verdas største kjende undersjøiske skred gjennom tidene. Her var nok ikkje mange sjelene på desse kantar for 8.000 år sidan. Men dei som var, levde truleg nært sjøen og hadde små sjansar til å overleve den store båra.

Frå Eggakanten skrånar havbotnen bratt nedover frå 100 – 200 meters djupne til om lag 900 meter. Lengda på denne fiskerike kanten er om lag 100 km.

Bauta over Tomas Longva

I 1992 bestemte årsmøtet i Haram kulturhistoriske lag at dei ville reise eit minnesmerke over Tomas Longva. Seinare vart det at steinen skulle stå ved tuftene etter den gamle Longvagarden, der Tomas levde i si tid. 1. september 1996 fekk fiskarveteranen Sverre Farstad frå Lepsøya æra av å avduke bautaen.

Kjelde:http://www.nordoy.net/oyahistorie/

He is known as the man who discovered Storegga far out in the ocean, approximately 70 km west, north west of Nordøyane (The North Islands i.e. this location). At Storegga it was plenty of fish, especially halibut, ling and cusk, and Storegga became a goldmine for the inhabitants on the coast of Sunnmøre.

Tomas was born in 1589 on Fjørtoft, moved later to Longva at Flemsøy/Skuløy. As custom was these days he started using the name from the farm he now lived at so he was now Tomas Longva. He lived until 1681, he became an old mad for people at that time.

Tomas was known for being an unusually innovative guy both at land and at sea. The story goes that he was a “grislar”, a person that (more translation to come)

Additional Hints (Decrypt)

2 zrgre

Decryption Key

A|B|C|D|E|F|G|H|I|J|K|L|M
-------------------------
N|O|P|Q|R|S|T|U|V|W|X|Y|Z

(letter above equals below, and vice versa)