Skip to content

Olaus Johannes Fjørtoft Traditional Cache

Hidden : 11/26/2017
Difficulty:
2 out of 5
Terrain:
2 out of 5

Size: Size:   micro (micro)

Join now to view geocache location details. It's free!

Watch

How Geocaching Works

Please note Use of geocaching.com services is subject to the terms and conditions in our disclaimer.

Geocache Description:

Olaus Johannes Fjørtoft (1847-78) var journalist, publisist og politisk agitator, kanskje den mest radikale i Kristiania i første del av 1870-årene.

English: Olaus J. Fjørtoft (1847-78)  was a journalist, a publisher and a political agitator, maybe the most radical of them all in Kristiana in the first part of the 1870s.


Olaus Johannes Fjørtoft

Folkeopplysar, samfunnsfornyar og matematikar.

Olaus Fjørtoft vart fødd 19. januar 1847 i Aravika (Hardhaugvika) på Nogva. Foreldra var lensmann Amund Fjørtoft frå Fjørtofta og Anne Olsdotter frå Helland. Det viste seg tidleg at Olaus hadde uvanleg gode evner på mange felt, og særleg innan rekning og matematikk. Som tolvåring starta han på Borgarskulen i Ålesund, men passa ikkje heilt inn med sine bondeklede og sitt bygdemål. Men han sette seg fort i respekt mellom klassekameratane, for i rekning var det ingen som kunne følgje han. I ein alder av 14 år gav han ut – saman med ein Hans Roald frå Vigra – ei lærebok i rekning for folkeskulen. Denne boka var i bruk i Haram og ein del andre stader inntil nytt talsystem vart innført i Noreg i 1875. Alt på Borgarskulen tok han til å stille spørsmål ved rådande oppfatningar og «vedtekne sanningar» som vart presentert for elevane. Han godtok ikkje utan vidare det lærarar og andre autoritetar hevda og gav seg stadig oftare til å diskutere med dei og drage i tvil deira påstandar. Slikt var det lite rom for på denne skulen, og etter knapt to år braut han av og reiste heim.

Denne opprørstrongen, det å setje spørjeteikn ved mangt og mykje i samfunnet og finne svar utifrå sine eigne tankar i staden for å høyre på autoritetane, kom til å prege Olaus Fjørtoft i heile sitt liv og alt hans virke. Han gjekk sine eigne vegar for det han meinte var rett og sant og kom meir og meir i opposisjon til «det etablerte». Om hausten det året han slutta på Borgarskulen i Ålesund, tok han til på Molde Lærd- og Realskole, der ein kunne ta studenteksamen (examen artium).

Hugen til å la eigne tankar og meiningar vere rettesnor i viktige spørsmål vart ikkje mindre gjennom åra på latinskulen i Molde. I avslutningsforedraget for skuleåret våren 1866 gjekk han til åtak på unionspolitikken; han ville ha Noreg ut av unionen med Sverige. Likeins talte han varmt for å ta i bruk det norske målet i staden for dansk som var det rådande språket på den tida. Dette fall ikkje i god jord hjå «dei kultiverte» i Molde, og sjølvaste amtmannen slo i bordet og kravde at rektor Brinchman fekk fjerna denne rabulisten frå skulen. Men Olaus var ferdig både med Molde og latinskulen – det vart for trongt! No ville han til Heltbergs studentfabrikk i Kristiania og ta sin studenteksamen der.

Og i Kristiania fann han folk og miljø som både var romslegare og meir tolerante enn dei han kjende tidlegare, og som hadde mykje dei same tankane og meiningane om mange samfunnsspørsmål som han sjølv. Det var òg tilfellet med rektor Heltberg, som lét Olaus undervise i matematikk samstundes som han var elev i andre fag.

Fram for norsk mål

I hovudstaden møtte han «åndshøvdingar» som Ivar Aasen, Aasmund O. Vinje og Bjørnstjerne Bjørnson. Ein annan som Olaus såg opp til, var folkehøgskulemannen Christopher Bruun, og ein gong reiste han eins ærend til Hamar for å høyre Bruun tale om målsaka. For Olaus var svært oppteken av det norske målet og ville ha det i bruk både i folkeskulen og på andre område i samfunnet. Sjølv brukte han si sunnmørsdialekt både i tale og skrift i dei fleste samanhengar. Han meinte at borna på bygdene måtte få opplæring på sitt eige heimemål i staden for dansk; folk skulle lære å lese og skrive sitt eige norske mål.

Med føremål å gi ut bøker på landsmål og bygdemål, vart Det Norske Samlaget oppretta i 1868. Olaus Fjørtoft var med på skipinga, og han var medlem av styret dei første par åra. Men han kom etter kvart på kant med dei andre i Samlaget fordi han ville vekk frå Ivar Aasen sitt normaliserte landsmål og legge språket endå nærare inn til bygdemåla. Målsaka var svært viktig for Olaus, og han brukte mykje av si tid og sine krefter i kampen for det norske språket. Han såg at folkeopplysning måtte til både for å gjere folk friare og å betre levekåra for allmugen, og også for å skape ein sjølvstendig nasjon av Noreg. Og då var det særleg viktig for bondebefolkninga å få bøker og blad på sitt eige mål.

Skrifter og blad

Fjørtoft skreiv sjølv ein god del tekster – det aller meste på tillempa Nordøy-mål. Mellom anna skreiv han mykje i Tiraljøren, eit handskrive blad i Studentersamfunnet i Kristiania. Innhaldet i bladet er seinare blitt sett på trykk. Her argumenterte han for sosial rettferd, sann opplysning, fridom og norskdom. I samtida skjønar gjerne ikkje det store fleirtal at radikale tankar og idéar peikar framover mot andre og ofte betre tider. Men Chistopher Bruun forstod at idéane Olaus målbar i både skrift og tale, var som eit «ljos inn i framtida» og gav han tilnamnet Fram. Dette var òg namnet på det viktigaste skriftet som Olaus Fjørtoft gav ut. Folkebladet Fram såg dagens lys i 1871, med tittelen Eit Vikebla for Maalmenn og Bondevenne. Han var både utgivar og redaktør, og den første tida måtte han gjere alt sjølv – frå å skrive all tekst til å få bladet sendt ut til lesarane. Føremålet med «Fram» var folkeopplysning – på folket sitt eige mål. Han visste at dersom bonden skulle få meir innverknad på styre og stell og dermed sitt eige liv, måtte det opplysning og utdanning til. Bladet vart spreidd utover landet med eit svært tidsaktuelt, men nokså radikalt innhald, som vekte både diskusjon og strid. Olaus skreiv om sine hjartesaker som han framleis brann for: målsak, norskdom, eit fritt og sjølvstendig Noreg, kyrkjesaker, statsstyring (demokrati versus embetsmannsstyre), stemmerett og meire til. Men lesarane fekk òg høyre om viktige hendingar i andre land, mellom anna nye sosialistiske idéar som breidde seg ute i Europa. Vekebladet Fram heldt det gåande i nesten tre år, til utpå vinteren 1874. Innhaldet vart nok for radikalt for mange slik at talet på abonnentar skrumpa inn. Det gjorde det heller ikkje lettare med mektige motstandarar som Morgenbladet i Kristiania.

Tala presten midt imot

På våre kantar er Olaus Fjørtoft kanskje mest kjend for disputten han hadde med presten, Ole Barman, etter gudstenesta i Haram kyrkje ein søndag i 1872, og at han etterpå vart «jaga heimafrå» av faren. Dette var ein av dei få gongane han var heime etter at han reiste til Kristiania for å gå på Heltbergs studentfabrikk, og det vart også siste gongen. Bakgrunnen for diskusjonen med presten var at det var kyrkjereformer på trappene, og presten hadde fått pålegg om å lodde stemninga for reformene i kyrkjelyden. Sjølv var han imot reformene. Det var tilfeldig at Olaus var heime akkurat denne preikesøndagen, og han hadde heller ikkje tenkt å ta ordet. Men han vart oppmoda av fleire til å seie si meining, så han tok ordet, og dermed var diskusjonen i gang. Prest Barman og radikalaren Fjørtoft hadde svært ulike meiningar om kyrkjeordninga. Innlegget til Olaus gjekk så på tvers av presten sitt syn at han vart reint avskipla. Han prøvde å forsvare seg, men med sin sylskarpe logikk plukka Olaus presten sin argumentasjon frå kvarandre. Det vert fortalt at Barman gret då ordskiftet var over. Faren til Olaus var vonbroten over sonen og opplevde framferda hans på kyrkjebakken som vanærande. Lensmannen hadde hatt store planar for guten; han håpte han skulle bli prest, og no var han nærmast det motsette! Og soga seier altså at faren nekta sonen å kome heim meir.

Teologi og sann kristendom

Etter denne episoden vart det brukt ord som fritenkjar på Olaus. Og i tydinga at han hadde ein friare tanke enn dei fleste, passa det godt . Men fritenkjar vart gjerne brukt i tydinga gudsfornektar, noko som Olaus ikkje var. Han var svært kritisk til den rådande teologien og meinte at kyrkja preika mykje menneskeskapt kristendom, og kalla prestane for «gudelege juristar». I staden for å høyre på teologiske tolkingar, skulle ein gå til kjelda og opphavet til kristendomen, nemleg Jesus Kristus. I folkeskulen ville han inn med den sanne kristendomen og ut med «menneskjepåfunn» som Pontoppidan, katekisme og forklaringar. Jesus sine eigne ord og handlingar er forklaring god nok, og var det einaste som skulle brukast i skulen, meinte Olaus.

Sosialisme og organisering

Også for opplysning og betre kår blant arbeidarane engasjerte Olaus Fjørtoft seg. Som mange andre «gode venstrefolk» og akademikarar var han medlem i Kristiania Arbeidersamfund og stod der som vanleg i fremste linje. Men då han på møta tok til å tale om dei nye sosialistiske idéane som kom opp ute i Europa, vart det for radikalt for mange av medlemene, og etter eit stormfullt møte med harde diskusjonar hausten 1873, vart Olaus ekskludert frå Kristiania Arbeidersamfund. Året etter arrangerte han saman med danske Marius Jantzen eit møte der spørsmålet om organisering av arbeidarar og skiping av fagforeiningar var tema. På dette møtet vart Norske Arbeideres Forening stifta, og 37 av dei frammøtte skreiv seg som medlemer. Olaus var med i interimstyret og utforma laget sine vedtekter på sosialistisk grunnlag, og namnet vart endra til Den norske Arbeiderforening. Dette var den første «erklært sosialdemokratiske forening» i Noreg, og kan vel seiast å vere forløparen til Det norske Arbeiderparti, som vart skipa i 1887.

Læreverk og lærar i matematikk

Etter dette trekte Olaus seg tilbake frå politikken og det offentlege ordskiftet og konsentrerte seg meir om matematikken, som var hans store interesse ved sidan av arbeidet for norskdom og opplysning. Dei siste åra hadde han arbeidd på eit rekneverk for folkeskulen og gymnaset, og første og andre bandet vart utgitt i 1877. Han hadde òg manuskriptet til eit band for høgare utdanning ferdig, men dette rakk han ikkje å få gitt ut. Etter at han var død, kom manuskriptet vekk. Kanskje fór det saman med ein del andre av skriftene hans som vart sende heim til Nogva; desse vart truleg brent i samband med eit jordskifte på garden i 1886, då husa vart rivne. På same måte som han kjempa for at vanleg folk skulle få opplysning på eit språk dei forstod, la Olaus vekt på å gjere matematikken forståeleg og lett tilgjengeleg i lærebøkene sine. Det same gjorde han overfor studentane han «las» med, og han var halden for å vere den beste matematikklæraren i heile Kristiania.

Samfunnsendraren

Olaus Fjørtoft var radikal; han ville ha djuptgripande endringar på mange ting i samfunnet som han såg var urett og urettferdig. Men han var ingen revolusjonær; han ville ikkje ha brå omveltningar, og slett ikkje med valdsbruk. Endringane skulle skje jamt, gradvis og fredeleg. Olaus sin kamp for eit meir demokratisk og rettferdig samfunn hadde stor betydning for utviklinga dei neste tiåra. Tankane og idéane hans møtte sterk motstand i samtida, men det aller meste av det han kjempa for vart røyndom etter kvart. Dette fekk han sjølv ikkje oppleve sidan han døydde berre 31 år gammal (21. mai 1878). Hadde han hatt seg ein tur tilbake og sett det norske samfunnet i dag, ville han vel knapt ha trudd sine eigne augo.  Berre éin av visjonane hans er enno ikkje oppfylt: kongedømet lever framleis i beste velgåande. Men kongen si makt er borte og demokrati for lengst innført.

Ettermæle og minnesmerke

Det var mange som etter kvart forstod kor viktig Olaus Fjørtoft sine idéar og si verksemd var for å skape eit betre samfunn, og som gjorde sitt til både å vidareføre dette arbeidet og å heidre mannen. Alt i 1880 vart Den frisindede forening Fram stifta i Oslo, der mange kjende menn var med, mellom andre sunnmøringane Anders Hovden og Bernt Støylen. I heimbygda Nogva/Rogne vart Ungdomslaget Fram skipa i 1891, på Fjørtofta kom samtalelaget Fram i stand rundt 1895, og det vart oppretta leselag i mange bygder, inspirert av liknande tankar og idéar som Olaus så uredd hadde bore fram. I Arne Garborg sin roman «Bondestudentar» er Olaus ein av hovudpersonane – under namnet Fram. I samband med eit ungdomslagsstemne i Volda i 1910 tok Garborg turen ut til Nogva for å sjå heimstaden til denne særmerkte mannen. Han gav endåtil sonen sin namnet Arne Olaus Fjørtoft Garborg!

Minnesmerke i Oslo

Olaus Fjørtoft vart gravlagt på Vår Frelsers gravlund i Kristiania. Etter fleire tiår utan særleg stell, var grava i ferd med å gro over då laget Sunnmøringen bestemte seg for å få reist ein bauta over han. Anton Flem, som var styremedlem i laget, vart vald til formann i Fjørtoft-nemnda og var ei drivkraft i arbeidet med minnesteinen.

Bautasteinen med relieff av Olaus og inskripsjonar vart høgtideleg avduka 21. september 1920. I tillegg til namn og årstal står Olaus sine eigne ord innhogde: Råt skal up me rot rivast. (Råt = rotenskap). Nedst på steinen står det: Reist av sunnmørsungdom.

Minnesmerke på Nogva

Første gongen ein veit det vart arbeidd med å reise eit minnesmerke over Olaus Fjørtoft var så tidleg som i 1890-åra. Det var Ole Harhaugvik som sto i brodden for arbeidet den gongen. Han kom bort på sjøen i 1895, og det er nærliggande å tru at dette var medverkande årsak til at det ikkje vart gjort meir med saka då.

Saka vart på nytt teken opp i UL Fram i 1908. Det vart då vald ei nemnd til å stå føre arbeidet med å få reist ein bauta. I 1922 var det 75 år sidan Olaus Fjørtoft var fødd, og i det høve vart det halde stemne i Harhaugvika på Nogva, der mykje folk var samla. Det vart då samla inn pengar til ein bautastein. Diverre kom ikkje arbeidet med reising av minnesmerket lenger denne gongen heller.

Sundag 24. oktober 1971 vart det halde styremøte i UL Fram. Møtet var samankalla for å drøfte skriv frå Ivar Grøvik om reising av bauta over Olaus Fjørtoft. Vedtak: «Styret gjeng samrøystes inn for å reise ein bauta over Olaus Fjørtoft på fødestaden Nogva. Styret saman med Lars J. Nogva skal stå føre arbeidet». Lars J. Nogva og Torleiv Rogne vart valde til å finne høveleg stein til bauta. Det synte seg uråd å finne høveleg stein i området. Ein vende seg då til Møre Steinindustri. Dei leverte ein stein i lys granitt, vel 5 meter lang. På steinen vart det innfelt eit bronserelieff av Olaus Fjørtoft, som er modellert av Munte Svendsen frå Volda. Arbeidet med å reise steinen vart utført på dugnad. Søndag 8. juni 1975 skipa ungdomslaget til avdukingsstemne. Olav Dalgard heldt avdukingstalen, og Ivar Grøvik tala om Olaus Fjørtoft. Det vart bore fram helsingar frå Sunnmøre Frilynde Ungdomssamlag og frå Sunnmøre Mållag.

Kjelder:
Anders Vassbotn: Artiklar om Olaus Fjørtoft i «Unglyden» 1907 (Haram kulturhistoriske lag 1997) Olav Fjørtoft: Olaus J. Fjørtoft (Olaf Norlis Forlag 1921) Harald B. Haram: Olaus Johannes Fjørtoft («Syn og Segn» 1978 og HKL 1997)
Birger Risnes: Olaus J. Fjørtoft – Biografi og tekstar (Det norske samlaget 1985) Bjørn Kåre Høistad, wikipedia

 

English:

Family and education:

Olaus Johannes Fjørtoft, the son of the local District sheriff and farmer Amund Olsen Fjørtoft and his wife Anne Olsdotter Hellland. He and his siblings grew up at Hardhaugvik at Nogva in Haram. His father used to work as a teacher before he got the job as District sheriff. Fjørtoft got to go to a Borgerskule in Ålesund, a type of lower secondary school for the bourgeoisie /middle class people. He stayed in Ålesund from 1859-61 before he went to “Molde Lærde og Realskule 1861-66. The curricula for these schools included a core of general studies topics, like Norwegian, English, mathematics, history, physical education and natural science. These curricula would give the pupil the skills he needed to try for the examen artium, the name of the academic certification qualifying the student for admission to university studies.

But Olaus Fjørtoft was not the obedient pupil; in fact, he was asked to leave both the schools because he kept coming into conflict with the school management; his opinions were far too radical. He then went to the capital, Kristiana and started as a student at Heltberg Latin School / Heltberg studentfabrikk. Alongside his study he was a teacher’s assistant in mathematics’. He graduated in 1869.

Later in life Olaus Fjørtoft made a living being a private tutor in mathematics and astronomy for students at the university. The environment s Fjørtoft became a part of is portrayed in Arne Garborg’s Bondestudentar (“Farmer-students”) from 1883, where Fjørtoft is called Fram (“forward”). This name he got from the magazine / journal Fram Fjørtoft and his circle/ fellow partisans published from 1871 – 1874.

Fjørtoft was influenced by Christopher Brun and his ide of Folkehøgskule (“folk high school”). Fjørtoft thought the church and the priests had far too strong influence on the public schools. In the language issue, the construction of a new, unique Norwegian language to be used instead of the Danish language, he was in favour for the orthographical approach, to spell the words like they were spoken. In general, Fjørtoft became, in all the important political and cultural issues, an opponent to what he referred to as the old and authoritarian regime.

Olaus Fjørtoft had a strong interest in mathematics. In 1877 he wrote and published; Textbook in Practical Arithmetic building on the new Coin, Measure and Weight System. This textbook was regarded a pedagogical innovation at the time.

Fjørtoft lived a life that made him malnourished and exposed for diseases, he got pneumonia and tuberculous and died at The National Hospital, 31 years old.

Sources: Harald Haram: Olaus J. Fjørtoft : radikalaren frå Haram. (1975), Birger Risnes om Olaus Fjørtoft i Norsk biografisk leksikon

 

 

Additional Hints (Decrypt)

Zntargvp (OLBC)

Decryption Key

A|B|C|D|E|F|G|H|I|J|K|L|M
-------------------------
N|O|P|Q|R|S|T|U|V|W|X|Y|Z

(letter above equals below, and vice versa)