Kinn Kyrkje
Kinn kyrkje ligg på øya Kinn i Flora kommune og vart bygd i tida 1150-1200. Kyrkja vart modernisert i 1868 og prøvd attendeført i 1911-1912. Kyrkja er av typen langkyrkje og er hovudsakleg bygd i stein, mellom anna kleberstein. Ho vart bygd i to byggjesteg, koret først, og deretter skipet, og er no ca 25 meter lang. Ho er freda.
Kinn kyrkje ligg i Kinn sokn i Sunnfjord prosti. Fram til avviklinga av prestegjelda frå 2004 låg ho i Kinn prestegjeld.
Kyrkja ligg vêrhardt ut mot storhavet på nordvestsida av øya, og har vore sett i samband med Sankta Sunniva-legenda. I fylgje segna var ei prinsesse Borni del av fylgjet til Sunniva som flaug til Irland for å koma unna giftemål med ein heidensk viking, og Borni og hennar del av fylgjet dreiv i land på Kinn.
Sidan 1985 har kyrkjegarden ved Kinna-kyrkja vore scene for det årlege Kinnaspelet, skapt etter initiativ frå sokneprest Odd Stubhaug: Ved Jonsoktider kvart år vert det historiske spelet "Songen ved det store djup" av Rolf Losnegård framført av profesjonelle skodespelarar og lokale amatørar. Hanlinga er lagd kring reformasjonen i 1537. Kinna-spelet fekk Fylkeskulturprisen i 1993.

Det går ferjeruter frå Florø til Kinn. Sjå tabellar på denne sida.