Skip to content

Skogsvegar på Fanafjellet - 2 Traditional Cache

Hidden : 11/21/2018
Difficulty:
1.5 out of 5
Terrain:
2 out of 5

Size: Size:   regular (regular)

Join now to view geocache location details. It's free!

Watch

How Geocaching Works

Please note Use of geocaching.com services is subject to the terms and conditions in our disclaimer.

Geocache Description:


På Fanafjellet er det sidan vinteren 2014 bygt fleire skogsvegar. Det primære føremålet med vegane er skogsdrift. Dei er difor dimensjonerte for tømmertrailerar, men vegane skal òg fungera som turvegar, og vegane har vist seg å vera attraktive for turgåarar, både småbarnsfamiliar, hundeluftarar og mosjonistar. Rasteplassbord er sett ut ved fine utsiktspunkt fleire stader. Vinterstid kan vegane nyttast som skiløyper.

Denne vegen er den andre vegen som vart bygt på Fanafjellet. Når vegnettet er ferdig bygt, vil vegen gå ut i Fanafjellsvegen tre stader. Vegen går mellom Rambergstunet på nordsida av Fanafjellet og Sedalen på sørsida. Ettersom Fanafjellsvegen er smal og svingete og bilane køyrer fort, vil skogsvegen kunna vera eit fint alternativ for mjuke trafikantar. Vegen går, når han er ferdig, over nesten heile fjellet. Oppstiginga frå Rambergtunet er bratt, men vel oppe får du løn i form av eit flott utsyn - frå ein stad der du ser både mot Svinningen i Os i den eine retninga og byfjella mot nord.



Geocachen er plassert ikkje langt fr¨å Rambergtunet, før den bratte oppstiginga startar. Gøymestaden ligg ved ein gamal og attgrodd traktorveg. Stølsmarsjen, turmarsjen som tidlegare gjekk frå Fana og opp til Fanaseter og som var eit årleg arrangement, gjekk opp her. (Stølsmarsjen vart siste gong arrangert i 2015.)






Additional Hints (Decrypt)

V ubyr haqre yvgn owøex fbz fgåe v abeqer xnag ni qra tnzyr genxgbeirtra.

Decryption Key

A|B|C|D|E|F|G|H|I|J|K|L|M
-------------------------
N|O|P|Q|R|S|T|U|V|W|X|Y|Z

(letter above equals below, and vice versa)