Med utgangspunkt i parkeringsplassen på Berland kan du gå til fleire fine utsiktspunkt og toppar.
Skorafjellet, som her er ca. 534 moh, er eit av dei.
Vel framme på toppen har du fin utsikt over Bjerkreimsheiane.
Frå parkering kan du følga rødmerka løype opp dei første bakkane til toppen av Knudslia (vegpunkt), her kan du ta av stien og fortsette i terrenget fram mot mål.
