Småfuglane treng mat
Småfuglane er så små og lette at dei har problem med å halde kroppstemperaturen sin oppe. Skal dei greie det treng dei nok mat, og no om vinteren er det ikkje så lett for småfuglane å finne mat. Derfor er det fint om du kan hjelpe dei litt; det finst mykje forskjellig fuglemat å få kjøpt - men du kan også enkelt lage til din eigen fuglemat av restane du har heime: Smelta feitt blanda med brødsmular/fuglefrø blir heilt super og populær fuglemat!

Merk: Denne cachen er del av adventskalendaren for Bergensområdet, og vart publisert 17.desember 2019. Cachen vil bli litt nedjustert etter juletida er over.
Og når du skal leite etter cachen, den er ikkje i muren - men heller ikkje så langt unna! Og ja, så må du vere litt forsiktig på veg til cachen - for då går du i følge ein liten pjokk gjennom Trollskogen!